YMIST

Kva er moderne ?

Alf Hellevik hev fenge ein målpris,og ein leidar i Bergens Tidende finn grunn til å kommentera dette. Hellevik er kjend for ordlistone sine og for at han hev vorte utskjelt av dei norskaste av dei norske norskdomsmennene,vestmennene,heiter det. Eg er vestmann, og eg er sterkt kritisk til den rolla som Alf Hellevik hev spela i norsk målpolitikk.

Alf Hellevik må gjerne få målpris,og eg trur ikkje endetidi for nynorsken er nær. Ei heilt onnor sak er kva som kann gjeva nynorsken framgang. Nynorsken hev ikkje havt nokon framgang å snakka um etter at Alf Hellevik starta si verksemd,og den samnorskpolitikken som han var ein sterk talsmann for er slegen til marki,istadenfor er det mange som snakkar um bokmålisering innanfor nynorsken.

Når Bergens Tidende meiner at Hellevik hev gjort nynorsken til eit bruksmål for den moderne tidi må ein ha lov til å undra seg. Personleg hev eg nytta høgnorsk eller eit høgnorsknært mål i umlag 7 år,og eg kjenner fleire andre som ein kann segja like eins um. Er ikkje målet vårt eit bruksmål,endå um me er ei fåtalsgruppa ? Det hev stødt vore ei fåtalsgruppa som hev nytta høgnorsk i heile etterkrigstidi. Um det er umoderne å bruka t.d. moderat høgnorsk. Kva er det då som er moderne ?

Det må vera å leggja språket sitt mot norskdansken. Bokmålsbrukarane segjer at deira språk er norsk i kraft av at dei er nordmenn og i kraft av at språket hev utvikla seg. Dansk er kort og godt umoderne norsk. I samnorsktidi skulde ein få norskdansken til å verta norsk ved tilnærming til nynorsken,og bokmålsbrukarane nytta då meir og meir moderne norsk. Men frå 1981 av vart bokmålet reversert. Um ein skal fylgja tankeføringi til bokmålsbrukarane vart språket meir umoderne.

Men det er fåe bokmålsbrukarar som vil segja at norsdansken er umoderne,for det er norskdansken som fær styra måluppfatningi vår anten me nyttar nynorsk eller bokmålet. Difor er det dette målet som fær avgjera kva som er moderne i dag. Fyrr Hellevik medverka til 1959-rettskrivingi i nynorsk, hadde nynorsken vore premissleverandør for kva som var moderne. I ettertid er det norskdansken som hev vore premissleverandør. Nynorsken hev soleis vorte eit umoderne språk med Helleviks ordlistor,og langt frå noko moderne språk.

Nynorsken er eit ungt språk. Nynorsken treng nyskapingar,men nynorsken kann ikkje definerast negativt utfrå norskdansken i lengdi. Då vert nynorsken eit umoderne språk. Eit bruksmål vil nynorsken vera so lenge folk nyttar han,same korleis dei skriv nynorsk.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag