Studentmållaget frå no av SmiB vart skipa samstundes med universitetet. I byrjingi arbeidde Studentmållaget hardt saman med Vestlandske Mållag for at nynorsk skulde verta styringsmålet ved universitetet. Dei fekk samla støttefråsegner frå heile Vestlandet og frå ymse institusjonar og einskildpersonar yver heile landet. M.a. slutta alle fylkjesting på Vestlandet upp um kravet. Dette arbeidde førde ikkje fram,men presset førde nok til at universitetet i Bergen vart meir viljug til å nytta nynorsk enn universiteti elles i landet.
På 1950-talet dabba aktivieten av. Til slutt gjekk SMIB inn. Laget vart fyrst uppattskipa i 1960. På den tid kom det til fleire studentar og fleire nynorskbrukande studentar. I perioden frå 1956-1964 vart det jamt færre studentar frå Bergen og fleire frå umeignskommunane og frå delar av landet som nytta nynorsk. Det førde til at SMIB vart styrkt og fekk ein solid posisjon i studentmiljøet frå 1960 av og frametter.
Den fyrste tidi var SMIB mykje godt ein samlingsstad for nynorske akademikarar som vilde ha noko å trøyta tidi med. Det var ein ålmen kulturpolitisk organisasjon for nynorskbrukande studentar. Norsk Student og Elevmållag,NSEM, vart skipa i 1961 og studentmållagi var aktive i å byggja upp denne organisasjonen. Utetter på 1960-talet skulde denne organisasjonen spela ei sentral rolla.
På 1950-talet var det vanlegt at ungdom som vilde nytta nynorsk på vidaregåande skule måtte reisa til serskular anten millomskulen i Bergen eller landsgymnaset på Voss. Det var svært fåe um enn nokon stader der ein kunde rekna med å få undervisning på nynorsk utanum desse stadene. Midt på 1960-talet hadde stoda vorte ei heilt onnor. Då var det skipa vidaregåande skular i ei rad nynorskkommunar. Det førde til at talet på folk som kunde nytta nynorsk heilt fram til eksamen artium auka munaleg. NSEM fanga upp nynorskelevane og bygde upp eit miljø som fylgde med dei vidare til universitetet.
Frå umlag 1967 vart SMIB fengd av den ålmenpolitiske bylgja som slo sterkt ut i desse åri. Fram til 1967 hadde ålmennpolitikk ikkje havt nokon breid plass i arbeidet,men i denne tidi fekk han det. I åri 1968/69 gjekk SMIB inn i eit samspel dei venstreorienterte studentorganisasjonane. Laget fekk eit sterkt venstrepolitisk preg gjenom formennene i laget og gjenom avisa Klassekampen. Dessutan vart Sosialistisk Studentforening knytt til SMIB.
Kring 1970 engasjerte SMIB seg sterkt i arbeidet mot sentralisering. EEC ordskiftet og striden for distrikti stode høgt på dagsetelen i laget. Jarle Varp og Egil Nysæter var med på å gjeva ut ei bok um den sokalla Vestlandsplanen.
Den viktigaste saki var nok striden for å få lærebøker i vidaregåande på nynorsk. Dessutan vart det strid for at viktige pensumbøker skulde koma på nynorsk.
Kjeldor:
- Millomfagsuppgåva i soga av Nils Roger Sundfør, " Studentmållaget i Bergen 1960- 1972.
Frå tradisjonelt språkorientert mållag til venstrepolitisk frontorganisasjon".
- Vestlandsfanden,bladet til Studentmållaget
- Private upplysningar.