YMIST

Eit privat Språkråd ?

Mange høgnorsktilhengjarar hev frå tid til anna vore upprådde yver Norsk Språkråd og diskutert um det ikkje let seg gjera å skipa eit privat normeringsorgan. Diskusjonen kring å skipa eit privat normeringsorgan i staden for språkrådet er gamal. Me hadde han i Studentmållaget i Bergen for ein 4-5 år sidan. Spursmålet er høgst hypotetisk,men let seg likevel diskutera. Her er nokre av dei spursmåli me dryfte i SMIB.

  1. Kven skal sitja i det private normeringsorganet ? Vil dei ha meir tyngd enn dei som sit i Språkrådet og få betre gjenomslag ? Svaret er inntil vidare. Nei
  2. Korleis skal representantane nemnast ut ? I so tilfelle korleis kann ein gardera seg mot å få samnorskfolk,sidan dei er yverrepresenterte i alle stader der det vert arbeidt med normering ? Det er lite truleg at det let seg gjera å koma utan um samnorskfolki kor som er.
  3. Dersom ein finn folk som er havande målfolk er dei då representative for store institusjonar på nynorsksida,sånn at dei kann normera språket på autoritativt vis,utan at deira eigne institusjonar motarbeider dei ? Samlaget, Det Norske Teatret o.l. vil neppe gå god for ei privat normering utan vidare.
  4. Dersom ei privat normering skal vera vellukka,må nokon betala for henne. Kven ? Og er denne kostnaden verd å betala for nokon ? Er det ikkje viktigare arbeidsfelt for målrørsla ?
  5. Språkrådet fyller ei rad uppgåvor som er vel so viktige for nynorsken som normeringi. Språkleg rettleiding,ordboksarbeid,jamstellingsarbeid m.m. Dersom språkrådet kann segjast å gjera noko nyttig på desse umrådi (det gjer det vel trass i alt) er det då verd å arbeida for å leggja det ned ?

  6. Lars Bjarne Marøy, 20050408

    Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag