YMIST

Nynorsk på Universitetet i Bergen. Utspel hausten 1998

Kvart år tek mange nynorskbrukarande studentar til med studiar på universitetet i Bergen. Universitetet i Bergen rekruterar svært mange studentar frå kjernestroki på Vestlandet. I tillegg til at mange vil halda fram med å nytta nynorsk er det nokre som ynskjer å byta til nynorsk. Mange studentar vil kort sagt ha nynorsk ved universitetet i Bergen,og det er ein soleklår rett for dei å nytta nynorsk. Kjem dei frå eit nynorskumråde er dei gjerne vane til at dei fær undervisning og bøker på nynorsk. Mange bøker hev berre lege fyre på bokmål i fleire fag,men dette er i ferd med å betra seg nett no. På universitetet kann dei nye studentane derimot risikera å få alle bøkene på bokmål og all undervisning på bokmål,trass i at dei vil nytta nynorsk. I tillegg vert dei møtte med ei rad skjema og publikasjonar på bokmål. Då vert dei gjerne uvisse på kva mål dei sjølve skal nytta ved universitetet.

Universitetet i Bergen hev mange nynorskbrukarar. Likevel viser undersøkjingar og røynslor at ein del av dei som har nynorsk som hovudmål gjeng yver til å nytta bokmål etterkvart som dei kjem uppover i utdaningssystemet. Dei vel bokmål. Mange nynorskbrukarar kjenner seg pressa til å skifta til bokmål av di dei vert møtte med bokmål når dei kjem til Bergen for å studera. Difor meiner Studentmållaget i Bergen at det er grunn til å hevda at nynorsken må nyttast meir ved universitetet i Bergen.

Serleg viktig er det at dei nye studentane vert møtte med nynorsk i skriv frå administrasjonen. Då vil dei sjå at nynorsken er brukande og at nynorsken kann nyttast, jamvel i prestisjefylte samanhengar. Det hev ei viktig symbolsk tyding. Elles kann dei lett få inntrykk av at nynorsken er noko dei helst bør leggja av seg.

Sameleis vil det vera eit viktig signal til fyrelesarar og vitskapleg tilsette som nyttar nynorsk at nynorsken syner att i administrasjonsspråket. Når dei ser at nynorsken vert nytta av universitetet, vil det verka motiverande på dei. Studentmållaget trur elles at mange som hev evnor,høve og lyst til å bruka nynorsk i dag vil koma til å nytta nynorsk um dei vert motiverte til det.

Retten til å velja målform er ein grunnleggjande demokratisk rett,difor kann me ikkje krevja at vitskapleg tilsette skal nytta nynorsk. Forskarar må prinsipielt sett stå fritt til å forska og til å velja mål utfrå eigi yvertyding. Men for dei som arbeider i administrasjonen ved universitetet er det onnorleis. Dei er tilsette for å gjenomføra lover og reguleringar som skal tena den einskilde studenten og den einskilde forskaren. Då må me kunna venta at det ikkje berre er bokmålsbrukarane som skal få leggja råmone for det målet som vert nytta ved universitetet.

Det er eit sterkt konformitetspress mot nynorskbrukarar ålment sett. Bokmål vert rekna for det vanlege i ei rad samanhengar. Difor meiner me det er sjølvsagt at alle dei som kann og vil nytta nynorsk i administrasjonen,vert uppmoda til å gjera det.

Me er glade for at nokon hev freista å gjera noko for å få meir nynorsk ved universitetet i Bergen. I 1996 gjorde Det akademiske kollegium, som er det høgste styringsorganet ved universitetet, vedtak um at "...UiB som ein hovudregel skal nytta minst 30 prosent nynorsk i sakspapir til styrande organ og i eigne publikasjonar."

Studentmållaget i Bergen meiner det er viktig at dette vedtaket vert fylgt upp. Me meiner dessutan at Universitetet godt kann leggja til rette for at det kan nyttast nynorsk heilt upp til den grensa som mållovi set for veksling millom målformene. Denne grensa gjeng ved 75 prosent. På andre sentrale høgskular og universitet vert det nytta meir enn 75 prosent bokmål.

Med denne bakgrunnen tykkjer me det er viktig at ein prestisjefylt institusjon som universitetet i Bergen viser at det er råd å profilera seg på nynorsk,og at nynorsken kann gjeva UiB eit serkjenne som kann verta til fyrebilete for dei høgre lærestadene elles i landet. Dessutan kann det markera den lokaliseringi som Universitetet i Bergen hev på Vestlandet. Det umrådet av landet der nynorsken stend sterkast.

I det semesteret som kjem vil Studentmållaget koma med fleire konkrete innspel i denne saki. Kollegievedtaket frå 1996 gjev oss rett til å venta nynorsk på ei rad handfaste umråde.

Det er sett opp retningslinor for kvar nynorsken skal nyttast i kollegievedtaket frå 1996. Ein kann dela målbruken inn i underpunkt. Etter retningslinone skal det som ein hovudregel nyttast 30 prosent nynorsk i alt skriftleg tilfang ved UiB. I fleire tilfelle er det elles fastsett at det i serlege publikasjonar skal nyttast anten berre nynorsk eller berre bokmål.

For dei som vil vera med på å arbeida for at nynorsken fær koma til sin rett på universitetet er det råd å melda seg inn i laget.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag