YMIST

Målsak og byfolk

Målsaki hev mykje vore ei rein bygdesak,og det hev vore vanlegt å rekna med at når byane veks so gjeng dei mest nynorsknære dialektane meir og meir av bruk. Det hev vore slik at dei som flytter til ein by hev fenge born som hev vakse upp i byen og som hev lært det breide bymålet.Det er og ei kjensgjerning at dei fleste som hev flutt frå landet og inn til byane hev vore kroppsarbeidarar og at borni deira hev vorte det same.Dei hev havt lite bruk for å nytta språket. Språket hev vore ein vilkårleg ting som ingen hev brydd seg noko større ved.

Kva er viktugt med nynorsken for byfolk i dag ?
Nynorsken er viktug av di han segjer noko um dei estetiske vurderingane som ligg attum målbruken til byfolk. Norskdansken som finst yveralt segjer ikkje sanningi um målstoda i landet.Folk vert narra til å taka upp norskdanske former som ikkje hev rot i dei folkelege bydialektane t.d.syv og syk og selv.Dei tek upp framandord der dei kunde ha nyansera språket.Dei nyttar norskdanske ord feil fordi dei ikkje hev lært deim frå barns bein av og liknande.

Det hev vorte ettervist at ulike sosiale gruppor nyttar språket ymist.Dei som hev fenge lang språkbrukstrening gjenom utdaning og yrkje hev langt større evna til å nytta eit variera språk enn dei som hev havt lite av språkleg skuling.Di meir gale hev det mange gonger vore at dei som hev foreldre frå landet både hev vorte tilsidesett språklegt p.g.a. av yrkjesval og hev vakse upp med eit språk som er statuslaust i bysamfundet.Dei hev vore nøydde til å umsetja dei ordlagi som dei hev lært heima.Det er her nynorsken hev tapt,men det er •g her at byfolki hev tapt. Dei hev tapt mykje av det sambandet med bygdemålet og bygdekulturen som kunde ha gjeve ei samforståing med dei andre dialektane i landet.Byfolk uppfattar andre bymål utifrå det norskdanske daningsidealet. Dersom daningsidealet ikkje vert innfria i formelle tilknytingar,vert tydelege dialektinnslag uppfatta som feilinnslag eller som noko mystisk som eigenleg ikkje skulde ha vore der.

Norskdanske talsmenn hævdar ofta at språket deira hev ein lang og ubroten tradisjon som ein ikkje hev på nynorsksida.Men ein viktug del av denne tradisjonen markerar eit ovanfrå-og-ned synspunkt på vanlege folks liv. Sjølve språket kann nok ha nasjonsberande og kulturførande element som er heilt avgjerande for norsk nasjonallitteratur. Men ættesambandet til mange nordmenn gjer denne litteraturen til framandgods.Ein kann innbilla seg at ein er av ei ætt som hev boklege og språklege serfyremunar,men når alt kjem til alt, lyt ein sanna at bønder og bymenn var knytte til ein annan språktradisjon.å tileigna seg eit bokleg språk fullt ut er ikkje noko som ein person og eit slektledd kann gjera i si tid.Det er noko som tek fleire generasjonar.Og fyrr ein hev teke upp i seg meir av det boklege, hev ein som oftast mykje av målarven sin i det eg vil kalla den høgnorske måluppfatningi.Ordlag og setningsbygnad glid lettare på høgnorsk enn på norskdansk.

Dei byfolki som heldt fast på norskdansken,og det er fyrebils godt som alle.Dei lyt læra seg norskdansken, medan dei vert yvervaka av medlemene av det norskdanske målhopehavet.Dersom dei ikkje meistrar språket godt nok vert dei avslørde. Då vert dei blyge og fær lågare sjølvkjensla.Dei maktpersonane som finst innanfor ymse samskipnader,kann sitja med viktuge kunnskapar som dei formidlar i eit språk eller ei form som byfolki ikkje fullt ut skynar.Då kann det vera flaut å spyrja umatt,for det er prestisjemålet som vert nytta.Dessutan er mange som hev havt kroppsarbeidarar til foreldre vande til å få handfaste og endeframme instruksar um kva dei skal gjera i ymse situasjonar.Dei vert øren av eit system med talsmenn som forklårar dei ting i eit abstrakt språk som dei ikkje alltid hev fyresetnader til å forstå.

Nynorsken nyttar fleire avløysarord for framandord,og mange av dei avløysarordi som nynorsken nyttar kann vera eit springbrett yver til å forstå det tunge klientellet av tyske låneord. Nynorskordi er ofta meir gjenomskinlege enn dei norskdanske ordi.Kunnskapar um og skuling i høgnorsk vil gjera det lettare for byfolk å læra norskdansken.

No kann det innvendast at dei byfolki som ikkje les mykje i alle fall ikkje hev bruk for nynorsken, for dei skriv ikkje so mykje. Det kann det sjølvsagt vera noko i. Men målval er ikkje berre eit krav um skriftmål. Det er •g eit krav um kva målform ein vil sjå i storsamfundet. Me på målsida må vera mykje hagare til å spreida nynorsk litteratur, og til å vinna godhug for målsaki.Skal ein vinna fram med nynorsken, må ein vera frekk.Ein må tora å utbyda den rådande målstoda.Det er fyrst når målrørsla greider å samla uppslutnad um nynorsken og ein nynorsk identitet gjenom bygdelag og ålmenne kultursamskipnader at det kann vera råd å koma lengre. Målfolket må samla godvilje um målsaki der bygdefolk vankast,og di næst bør ein freista å samarbeida med andre som kann markera seg i bysamfundet.Di meir me kann nytta normalisera nynorsk i møtelydssamanhengar,di større påverknadskraft vil me få.For det er ikkje nok å berre hevja fram bygdedialektane i seg sjølv.Me må hevja fram heile den nynorske tradisjonen.

Det er slik at byfolki er vande til at det er det norskdanske daningsidealet som fær råda på talarstolar, og i meir formelle møtelydssamanhengar.Den norskdanske måluppfatningi vert prenta inn i dei gjenom dette. Det er ikkje godt nok å hevda at alt undertrykt mål skal hævdast gjenom det breide bymålet og bygdemåli. Målutviklingi gjenom den norskdanske ålmenta gjer seg maktfull og pressar nynorskfolk til å bøygja av for krav um meir nynorsk.Då hjelper det lite at ein hev byfolki med seg i kravet um å nytta unormalisera dialekt.Å tru at den normalisera norskdansken vil døy ut og at regionalmål vil vinna fram, er å ignorera den makti som den norskdanske måluppfatningi hev.Det er ein minimal vanske for ein bymann å leggja um til normalisera norskdansk dialekt, soframt han kjenner seg freista til å gjera det. Men språkbruksevna til ein som snakkar normalisera norskdansk treng ikkje alltid å vera større enn den til dei som snakkar unormaliserte dialektar. Det vil trulegt alltid vera eit stort fleirtal som snakkar unormaliserte dialektar. Det hev det nok vore i alle år.

Ein kann ikkje tru at det gjer nokon skilnad um dialektane vert hevja fram i visesong.Visesong på dialekt er vel berre ei lengjing av den sterke stoda som dei breide bymåli hev havt i folkeleg samhandling.Skillingsvisone kunde vel ha ei skriftleg form, men dei kann ha vorte yverleverte på dialekt. Det er i tilknytingar der ein skal tala på vegner av ei formalisera yrkjesrolla at den språklege framføringi vert meir og meir normalisera. Det er ingen grunn til å tru at det norskdanske daningsidealet vil gå attende i slike funksjonar, soframt ikkje nynorsken skulde greida å pressa seg fram istaden.

Det er ei onnor sak at det vert fleire som kjem inn i yrkje som krev lang skulegang og mykje språkleg skuling. Det er ei utvikling som hev byrja å skyta fram dei siste 20-åri.Denne utviklingi treng ikkje å innebera noko anna enn at det vert fleire institusjonar som ikkje vert so nøgne med at arbeidstakarane snakkar normalisera talemål. Men det fører ikkje til at prestisjefunksjonen ved eit normaltalemål kverv. Den prestisjefunksjonen hev mykje vore den same langt attyver i målsoga. Det norskdanske daningsidealet hev makt attum seg når det fær studnad frå eit sosialt kringvære, slik som t.d. i næringslivet eller innanfor juristmiljø. I mange tilfelle vil målbrukarane kunna nytta ulike dialektvaritetar alt etter kva for samtalepartnarar dei hev. Soleis er det umogelegt å rydja ut det normalisera talemålet, for bruken av det kann vera slumpesam og kanskje til og med umedviten. Det er ikkje alle byfolk som legg merke til at dei talar normalisera, dersom dei snakkar med ein samtalepartnar som snakkar normalisera talemål. Det normalisera talemålet gjer den norskdanske estetikken sjølfylgjeleg heilt til det skulde koma til å verta avsløra at ein manglar den rette språkbruksevna til å meistra normeringi, men då kann det forsvarast utifrå at samtalepartnarane kjem frå same staden og godtek sume sernorske former.

Det er liten grunn til å tru at målrørsla vil vinna nokon gratissiger, av di det vert fleire som fær ei bokleg utdaning og samstundes tek vare på den breide dialekten sin. Målsaki kann tvert um koma til å tapa på å draga seg attende til å forsvara unormera talemålsbruk. Det me treng no er ikkje nokon slags dialektsjåvinisme. Det me treng er å byggja upp eit breidt folkelegt engasjement kring nynorsk måldyrking.Me treng og å få fleire målfolk til å verta hagare og motigare til å normera dialekten sin etter høgnorske ord og former i so mange tilknytingar som dei berre fær til. Me må gjera samlag me dei som me kann tena på å samarbeida med i byane og pressa på for å få byfolk til å høyra og verta vande med nynorsken.Då vil det syna seg at byfolk og bygdefolk hev meir sams enn det dei hev vore klår yver til dessar.

Spursmål til diskusjon :

Artikkelforfattaren snakkar um det norskdanske daningsidealet. Kva uppfattar du som det norskdanske daningsidealet ?

Trur du at det norskdanske talemålsidealet vil verta sett ut av kraft og at dialektane vil utvikla seg utan umsyn til det norskdanske daningsidealet ?

I artikkelen nyttar eg høgnorsk fleire stader. Kvar er høgnorsk synonymt med nynorsk og kvar er ordet nytta i ei sertyding ? Kvifor trur du eg nyttar ordet høgnorsk istadenfor nynorsk ?

Mange vil segja seg usamd i at høgnorsken er det rette for byfolk. Kvifor ? Held argumenti deira ?

Eg meiner at det er viktig å nytta normaltale/høgnorsk munnleg. Kva vil det segja i praksis for? Er du samd i eit slikt syn?

I artikkelen skriv eg um at born av bygdefolk vert tvinga inn i eit framandt mål. Korleis skjer dette i praksis? Kva kann gjerast for å fremja nynorsken for born av bygdefolk? Mange bygdefolk held fast ved nynorsken når dei buset seg i byane, men må bruka nynorsken saman med folk som meiner at bokmålet er det naturlege språket. Korleis trur du det påverkar haldningane til høgnorsken? Er det andre måtar å påverka haldningane til bygdefolk i byane?

Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag