YMIST

Bokmålisering av nynorsken

Ein kann vel segja at det gjekk som me hadde ottast med nynorsknormalen på årsmøtet i Norsk språkråd. Trass i motlegg frå høgnorskrørsla, både i form av lesarbrev i avisorne, fleire protestbrev med alternative framlegg og ein aksjon på sjølve møtet, fylgde møtelyden stort sét framleggi frå fagnemndi um å gjeva tradisjonelle nynorskformer lægre status i den offisielle nynorsknormi. Verdt å merkja seg er at ei rad samnorskformer fekk halda på romet sitt, anten som hovud- elder sideformer.

Ei aksjonsgruppa frå Høgnorskringen og Norsk målungdom møtte fram på årsmøtet og song ei nidvisa um språkrådet og samnorskpolitikken på melodien til "Glasnost" av Jahn Teigen. Utan talerett i møtelyden var dette einaste måten me kunde nå fram med bodskapen vår på. Etter ein grand godsvall med møtestyrararne fekk me til slutt sleppa til medan heile rådet var samla. Formannen i Høgnorskringen, Håvard Tangen, sagde nokre ord um valet av melodien til songen, som ikkje var tilfellelegt. Han synte til definisjonen av "glasnost" i Nynorskordboka som lyder reformpolitikk med vekt på ytringsfridom og offentleg innsyn i det tidlegare Sovjetunionen frå siste halvdelen av 1980-åra; open politikk; open haldning, og drog parallellen til språkrådet. Han avslutta med å segja at me i Noreg ikkje vil hava ord på oss for å vera den siste sovjet-stat!

Songen vart godt motteken, og mot slutten laut jamvel dei mest innbitne samnorskararne draga på smilebandi. Elles merkte me oss at han hausta størst fagnad hjå bokmålsfolket! Teksti er å finna på Internet-tilskrifti www.nynorsk.no. Til møtet hadde me laga plakatar med slagordi Me vil sjå med augo og høyra med øyro, Nei til måltyningi og Er Aasen-målet underutvikla? som me heldt upp medan me song og sidan på seksjonsmøti. Aksjonen fekk presseumtala i Nationen og Aftenposten.

Møtet var ope for andre, og sume av oss fekk vera vitne til den offentlege måltyningi sett i system. Sume medlemer i fagnemndi hadde butt seg vel og dominera ordskifti heilt. Dei fekk gjenom viljen sin på dei fleste punkti når det bar til i røystingi. Forvitneleg var likevel all den usemja innanfor fagnemndi som kom upp på årsmøtet. I staden for å standa samla attum framlegget dei hadde utarbeidt, køyrde dei kvar sine sololaup. I andre offentlege organ hadde vel ein sovoren framgangsmåte fenge medlemerne til å draga i tvil realiteten i framlegget, men det var ikkje tilfellet for nynorskseksjonen.

Fyrste dagen var sett av til å dryfta prinsipielle synspunkt på framlegget frå fagnemndi. Formannen i fagnemndi, Jan Terje Faarlund, sagde m.a. at skyn hadde vore ei viktug rettesnor for fagnemndi, og at dei hadde søkt å ganga undan ein situasjon der det skulde koma ei ny rettskriving att um 4. år. Bodskapen frå Faarlund var at det no laut vera ro kring normi i mange år.

Kjell Venås mælte imot måten fagnemndi hadde nytta umgripet "skrifttradisjon". Fagnemndi hadde næmast gjeve det tydingi "skriftpraksis i dag", som Venås meinte var ei mistyding. Tradisjonen femner mykje vidare og ber i seg serlegt den nynorsken som er mest upphavleg og som hev vore skrive heile vegen frå Aasen til i dag. Medlem av fagnemndi, Jan E. Byberg, som sjølv definera seg som ein "moderat tradisjonalist", meinte at Venås var nasjonalromantisk og hadde eit tradisjonssyn som høyrde heime i millomkrigstidi. Tradisjonen er ikkje fastlagd ein gong for alle, men lagar seg stødt um. Skrifttradisjonen var difor etter hans syn summen av notidspraksisen år for år. Som ein bergingsplanke lansera Helge Sandøy ordet "skriftpråkstradisjon", som skulde sameina dei ulike synerne. Dette påfynstret løyste låtten i møtelyden.

Aud-Kirsti Pedersen, som representera Noregs mållag, tykte ein hadde havt det altfor travelt i arbeidet med den nye læreboknormalen, og gjorde framlegg um at ein skulde gjera fyrebils vedtak no, som dinæst skulde sendast ut på høyring. Endelegt vedtak skulde fyrst gjerast um 4. år. - Me kann vel greida oss med den rettskrivingi me hev i dag dei næste 4 åri òg, meinte ho. Dette vituge framlegget møtte motburd frå fleire hald, m.a. var formannen i fagnemndi, Jan Terje Faarlund, sterkt imot nokon høyringsrunde. Dei som skulde kunna uttala seg i ei eventuell høyring, var alt representera i språkrådet. Hine meinte at det no, etter å ha vore arbeidt med nynorsknormi sidan byrjingi på 1980-talet, var på tide å gjera vedtak. Ein hadde byrja å ganga leid heile saki, vart det sagt. Framlegget var nedrøysta med 15 røyster mot 4 røyster.

Eit framlegg som derimot gjekk gjenom, kom frå Helge Sandøy. Han fekk med seg møtelyden på å leggja til eit nytt prinsipp til dei normeringsprinsippi som språkrådet vedtok i 1997. Det gjekk ut på at ein ikkje skulde taka ut former som dominerar i dialektarne i minst ein landslut. Dette prinsippet gav Sandøy frie hender, og han nytta det jamt til forsvar for samnorskformer på vedtakspunkti. Ein annan reidskap som vart nytta til same fyremålet, var ein kvasivitskapleg og heilt meiningslaus etterrøknad som Tove Gedde-Dahl hadde gjort um "ymse ord- og bøyingsformer i norsk talemål", og som låg ved i sakspapiri. Til etterrøknaden hadde ho nytta på lag 200 informantar, millom deim medlemerne i språkrådet! Universitetstilsette som til dagleg talar riksmål, skal visst nog ha fylt ut skjema som um dei tala målføre frå Viki.

Sjølve røystingi yver framlegget til ny læreboknormal gjekk fyre seg på fredagen (4. februar). Det vart røysta punkt for punkt. Det var alt i alt sett av 3 timar, og då møtelyden hadde nytta 1 time og 45 minutt på å krangla um korleides framandord på -um, -on, -us og -a, og -el, -en og -er skulde bøygjast, var det att berre ein drjug time på å avgjera lagnaden åt dei norskrøtte ordi, dersom dei då skulde koma tidsnog åt matbordet. Det segjer seg sjølv at tempoet i røystingarne vart høgt. Undervegs kom det signal um at mange hadde problem med å hanga med, og sumtid var det so gale at møtelyden ikkje tyktest hava klårt fyre seg kva han var i ferd med å vedtaka. For oss med umsut for målet, men som var forvist til åskodarplass, vart årsmøtet ei fælsleg framsyning i kor vyrdlaust og uvitugt ein kann fara åt med det. 19 karar og kvende avgjorde etter eige hovud og eige godtykke kva som skal vera godteken nynorsk i dei komande åri, utan å måtta standa andsvarlege andsynes nokon som helst. Ikkje ein gong ein høyringsrunde kunde dei opna for. Meir udemokratisk kann knapt eit organ som normerar målet, den sams kultureiga vår, verta.

Dei vedtaki som råkar den tradisjonsbundne norsken hardast er desse:

  • Den sereigne bøygjingi av inkjekynsordi auga, hjarta og øyra (auga - augo) fær sideformstatus. I lærebøker skal det no einast heita eit auge, tvo auge.
  • Fleirtalsformerne menner, myser og vemmer fær sideformstatus. Hovudformer vert menn, mus og vommer.
  • Langstava infinitivsformer som glida, beda, draga, gjeva, hava, lata og taka vert nedstøytte til klombrer. Åleine på hovudformplass stend no gli, be, dra osb.
  • Sameleides fær presensformer som glid, gnid, bed og byd sideformstatus. I lærebøker kann det no berre heita glir, gnir osb.
  • Den regelbundne preteritumsformi sagde, som til no hev vore jamstelt med stuttformi sa, vert teki heilt ut or rettskrivingi.
  • Adjektiv på -ut, som t.d. steinut, kann no berre hava endingi -ete i lærebøker, altso steinete. Jf. Aasen i ny, "uppfriska" versjon: "Han såg ut på det bårete havet, det var ruskete å leggja ut på".
  • Den eigne objektsformi av det personlege pronomenet han, honom, kjem no i klombrer.
  • I ei rekkja ord som til no hev havt valfri skrivemåte med einfelt elder dubbel m, vert skrivemåte med dubbel m einaste lærebokform. Dette gjeld m.a. brudgomen, hamar, (med-)lemen og søma (seg).
  • Skrivemåte med tviljoden jo i ordi ljod, ljota, sjoda, skjol (no berre skjul) og tjor fær no sideformstatus, mot fyrr status som jamstelte hovudformer. Infinitiv bjoda vert teken heilt ut or normi.
  • Ei rekkja tradisjonelle skrivemåtar og former, som hanga, honk, ukse, mod, flit, kluft, hyrne, mylna, nykel, tynna, læsa og mæla vart alle nedstøytte til klombrer. Sameleides skal ein ikkje ha lov til å vera trøndsk i lærebøker lenger, frå no av er ein berre trøndersk. Tekne heilt ut or normi vert nokre skrivemåtar med u, m.a. fumla, grum og sumla.
  • Tri ord med fyrelekken sud- fær no sideformstatus. I lærebøker skal det einast heita sydfrukt, sydlandsk og sydlending.

Fåe av dei tradisjonelle formerne som fagnemndi hadde gjort framlegg um å degradera statusen åt, vart hegna um av rådet, jamvel um motframlegg vart reist i dei fleste tilfelle, for det meste av Kjell Venås. Det einaste som er verdt å nemna er slege, som fekk halda fram med å vera jamstelt med slått. Motsett var det mange samnorskformer som fekk halda på den statusen dei hev i dag, trass i at fagnemndi hadde gjort framlegg um å fjerna deim. Dette gjeld m.a. hjerte, hennes, monoftongera former som drøm og glømme, vold (saman med volde), skyld (saman med skyldig og skylde) og verken.

Me ser altso at språkrådet fylgde fagnemndi når det galdt å taka tradisjonelle former ut or normi, medan ho ikkje hadde like stor gjenomslagskraft dei gongerne det var samnorskformer det stod um. Rådslemerne set seg med andre ord imot fagnemndi når fagnemndi vil degradera samnorskformer.

Ein av hovudmålsetnaderne med den nye rettskrivingi var å gjera nynorsken lettare å læra. Det er god grunn til å spyrja seg um dette slær til. Som sidemålslærar Kari Håve peika på i det prinsipielle ordskiftet, vert fåe former forbodne ved at dei vert tekne heilt ut or normi. Det totale talet på former (hovud- og sideformer) er soleides um lag like stort som fyrr, og elevarne fær bala med den same valfridomen. Einaste skilnaden er at færre former fær syna seg i lærebøker. Elevarne stend frie til å nytta sideformerne, og det reelle formvalet vert like stort og uyversynlegt jamvel med dette rettskrivingsbrigdet. Dessutan er det ikkje visst at det er sjølve formmylderet som er problemet åt nynorsken; det er helder det sprikjande og til deils vantande normgrunnlaget.

Me kann trygt segja at årsmøtet i Norsk språkråd 2000 stadfeste at bokmålet framleides fær vera ei viktug normkjelda for nynorsken. Språkrådet er ein leivning frå fyrrtidi som, um ikkje lenger i reine ord so i praksisen, arbeider for eit samnorskt mål. Medan bokmålet fekk si uppreising i 1981, og riksmålsinnslaget vart styrkt endå noko på årsmøtet i språkrådet i år, ser det ikkje ut til at nynorsken skal få si uppreising. Slik stoda er i dag, tykkjest det vera uråd for deim som skal representera nynorsken i språkrådet, å leggja av seg tanken um sammålet, og nynorsken fær ikkje den samanhengen og stødleiken han treng.


Klaus Johan Myrvoll, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag