YMIST

Akademikarar og nynorsk

Mange akademikarar segjer at dei kjenner seg framande til målrørsla. Dei meiner målrørsla er for einspora og for lite flink til å markera seg utetter. Målideoligien og tradisjonane i målrørsla vert tilbakevisa av sume av dei på formelt og fagleg grunnlag. Best kjend i so måte er norskfagsgranskarane som stødt argumenterar mot høgnorsk og meiner at høgnorsken i seg sjølv ikkje gjer anna enn å støyta folk burt frå målrørsla.

Ei tilbakevising av det tradisjonelle i målet og langt på veg det som knyt seg til litteratur og sakprosa på nynorsk, kann verta utfallet av tilnærmingi til einskilde akademikarar. 1970-talet vert eit skilje for sume. Det var då nynorkbrukarane vart fri for tradisjonane og stemplane som fyrr hadde hange til dei. Den generasjonen av nynorskbrukarar som kom inn på universitet og høgskular på 1970-talet hev i ettertid vorte pregande for det leidande krefter i målrørsla meiner um målarbeid.

Sume vil mest ikkje diskutera eller problematisera ting som gjeld målarbeidet. Tanken på å meina noko i det heile um nynorsken er dei skeptiske til. Dette er ein tendens millom mange av dei som sit i viktige stillingar kring um på universitet, høgskular, i det offentelege byråkratiet og i private språkbruksinstitusjonar. Denne tendensen er sterkare enn det som er naudsynt.

Det kann rettast kritikk mot at målbrukande akademikarar i tidi fyrr 1970-talet hadde ein tendens til å leggja sers stor vekt på å knyta målsynet og vitskapen sin saman. Men løysingi kann ikkje vera å avvisa den vitskaplege litteraturen som er produsert på eit slikt samanknytande grunnlag og setja ein strek yver denne tradisjonen. Tilnærmingi må heller vera å plukka fram det som kann vera sakssvarande for målarbeidet i dag. Det nyttar ikkje å avskriva tradisjonane. Me må auka medvitet um tradisjonane og byggja ut ei forståing kring produksjonen av nynorsk litteratur og sakprosa. Samstundes må me syta for å få nytta nynorsken meir på stødt nye forskingsumråde. Vyrdnaden for tradisjonane i mål og målbruk og sameleis for nedervd litteratur tykkjest stå sterkt millom bokmålsfolk. Det kann sjå onnorleis ut med mange målfolk.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag