YMIST

Framtidsnynorsken

Korleis vil framtidsnynorsken sjå ut ? Dette spursmålet hev vorte aktualisert av datateknologien. Innanfor datateknologien finst det fleire funksjonar som slær ut i praktisk språkbruk. Me er vane med at me les tekst på papir. Men i dag er det fint lite av det som kjem ut på papir som ikkje hev vore inni ei datamaskin og vorte forma der. Nokre av dei hjelpemidlane som tekstskrivarane hev og vil få, er ramsa upp nedanfor :

  • Skrivestøtteprogram. Her nemner me berre stikkord som stavekontrollar, korrektursystem, orddelingsprogram, elektroniske ordbøker, grammatikkontroll, stilkontroll,synonomi og terminologi.
  • Maskinumsetjing: Ei datamaskin kann anten umsetja automatisk frå eitt mål til eit anna eller ho kann umsetja so pass bra at det let seg gjera å halda fram umsetjingi manuelt.
  • Taleteknologi (automatisk tale-til-tekst og tekst-til-tale). Ein kann med denne nye teknologien anten snakka inn tekst på dataskjermen tale-til-tekst eller ein kann få lese upp tekster ved hjelp av ei datamaskin tekst-til-tale. Teknologien ligg fyre for engelsk.

Skrivestøtteprogram er ein vanske. Her ligg det fyre lite som eignar seg for nynorsk. Det vert arbeidd med å finna ei boteråd, men problemi er mange. Eit poeng som mange peikar på er skilnaden millom Mac-maskinor og personlege datamaskinor. Dei som nyttar Mac-maskinor hev færre tilbod på nynorsk enn dei som nyttar personlege datamaskinor.

Når det gjeld maskinumsetjing hev det lege fyre eit program som heiter nyno som hev vore noko i bruk. Ikkje alle hev tykt det hev vore godt nok, men det hev iallfall vore i stand til å umsetja.

Taleteknologi er det mest umtala i seinare tid. Visjonane er store for arbeidet med taleteknologi. Dersom det vert røyndom at ein skal kunna snakka inn tekst på ei datamaskin, meiner sume at nynorsken må få ei einskapleg form. Det er mogleg å få datamaskinor til å forstå avvik millom ulike mål, og det er ein breid opinion for at alle dialektar skal kunna nyttast når ein skal lesa inn tekst, men kva for ein tekst som kjem på maskina er ei onnor sak.

Dei som vil vera i stand til å kjøpa inn nynorske produkt i stort, vil ha makt til å segja frå um kva for ein type nynorsk som skal brukast. Framtidsnynorsken kann verta styrd av dei. Slik det ser ut i dag, er det i beste fall staten og offentlege kjøpargruppor som kann koma til å gjera krav um nynorsk når dei skal kjøpa inn datautstyr. Det vil i so fall føra med seg at den statlege einsrettingi i målpolitikken vil halda fram. Me vil få meir e-infinitiv og meir bokmålsnært mål. I verste fall fær me knappast nynorsk i det heile. Ljospunktet er at det er mange som vil ha sine spesialvariantar av nynorsken, og dei vil neppe gjeva seg. Det kann opna for at me høgnorskvener vil sjå oss ei bergingsvon.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag