YMIST

Koseklubbsyn eller målreising

På fleire plan i målrørsla kann ein få inntrykk av at det er tvo stemneleider. Desse stemneleidene gjeng millom dei som vil driva målreising og dei som vil driva mållag og annan aktivitet meir som kulturelle klubbar. Denne motsetnaden ovrar seg ulikt, men grunnelementi kann tykkjast å vera nokso like. Og desse elementi gjeng òg inn som element i tenkjingi kring det å driva med målarbeid.

Kultur vert stødt sett fram som eit honnørord. Det vert snakka um kulturbarnehagar, ungdomskulturelle ideal og um kulturreising og um kulturelt arbeid. Det verkar som ein hendig strategi å umtala alle ting som eit eller anna som startar eller sluttar med kultur. Men i røyndi endar ein lett upp med å konkludera med å signalisera at målsaki er ei tapt sak, at det me kann driva på med er atterlengt/nostalgi og å tekkjast folk det er gromt å ha med seg. Me kann syngja gilde songar og dyrka oss sjølve og venene våre. Dette kann ein grovt sett kalla koseklubbsynet.

Dei som hevdar dette synet er ikkje eller er berre i liten grad i stand til å finna grorbotn for målreisingi i samtidi. Men det finst grorbotn for målreising, um ein opnar seg mot samtidi og tek med seg fyremålet um å driva målreisingi frametter. For å driva målreising må ein søkja seg mot sanning.. Ein må vedgå kvar ein stend, men på same tid våga å lyfta fram visjonar.

Ein framveg for målrørsla må vera å byggja upp sterke mållag i byane. Me ser no korleis bokmålet breider seg utyver frå byane mot tettstadene. Det danar seg sonor der nynorsken kjem i konfrontasjon med bokmålet og der bokmålet vinn terreng. Kring byane vert det lenger og lenger ut til dei umrådi der ein framleis nyttar nynorsk fylgjerett. Det nynorsken då treng er byfolk som meiner at nynorsken kann tevla med bokmålet, kulturelt, estetisk og politisk. Nostalgien, rettferdsargumentasjonen for nynorsken og vektleggjing av distriktsutbyggjing og fremjing av reiseliv og andre syslar til å verna um distrikti held ikkje. Nynorsken må stå på eigne bein og kann ikkje vera bunden korkje til mimring yver ei tid som er burte, ei insistering på språklege rettar for dei som bur i nynorskumråde eller til å verna um levevilkåri i dei umrådi der ein nyttar nynorsk.

Nynorsken må reisast fram på alle umråde og med alle midlar. Hovudleidi må likevel vera utvitydig knytt til ideologisk tenkjing, og ikkje til tilhøve som det kann vera hendig å triva til.
Ja til målreising. Nei til koseklubb.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag