YMIST

Målrørsla og urbaniteten

Hans Ebbing markerte seg tidlegare i år gjenom fire kronikkar i Dag og Tid som ein kritikar av urbanitet i Noreg. Me skal ikkje gå inn på ein umfattande definisjon av dette umgrepet. Men umgrepet er langt frå heilt klårt. Me kann halda oss til ein definisjon som segjer at urbanitet tyder bydaning. Men umgrepet tykkjest å vera bruka noko vidare knytt til haldningar og veremåtar som er sermerkte for byen.

Ebbings grunnsyn er at folk i det offentlege ordskiftet kring norske byar legg sterk vekt på umgrepet urbanitet. Fyrestellingi um urbanitet er berre undantaksvis på høgd med røyndomen. Fyrestellingi meir enn røyndomen vert ein del av bylivet. Byfolk i Noreg treng stadefesting. Det gjer byen til eit ideologisk prosjekt. Fikseringi på urbaniteten speglar ein provinsiell situasjon, eit mindreverdskompleks lokalisert i byen i Noreg, meiner Ebbing.

Gjenom mange år hev me vore gjenom diskusjonar umkring tilhøvet millom by og bygd. Der byfok hevdar at bygdefolk vantar ymse slags tilbod som berre finst i byane. Der bygdefolk viser til at dei er meir aktive og engasjerar seg meir i lokalsamfundet og at dei hev dei tilbodi som trengst. Mange i målrørsla hev vore sterkt med i dette ordskiftet og forsvara bygdene.

Når urbaniteten vert so sterkt vektlagd av sume er det nok ikkje av di byfolk hev mindreverdskompleks. Det hev nok heller samanheng med ei ålmenn drift mot å sjå vidare enn til sitt eige. Byane hev i uminnelege tider vore kultursentrum der dei nye tankane braut fram.

Kristendomen voks fram gjenom byane. Ordet pagan viste upphavleg til ei tyding bondsk eller landsbygd. På engelsk er det i dag same ordet som heidning. Det syner at kulturvoksteren knytt til kristendomen fyrst gjekk fyre seg i byane. På same måte vann nynorsken fyrst fram gjenom eliten i byane. Aasen rekna òg byane som kultursentrum som kunde spreida eit hopehav i målvegen. Han var open for og uppteken av den kulturspreidingi som kunde skje i byane. Det ulukkelege i vårt tilfelle var at byane var prega av det danske målet. Difor måtte ein reisa uppatt det norske målet som bøndene hadde teke vare på. Mange målfolk i den fyrste tidi må ha vore merksame på at utan byane kunde ein ikkje få ei heil og røynleg målreising. Byfolk var fyrst ute med å dana mållag. Det tok tid fyrr bygdene fatta same interessa. Det er difor paradoksalt at sume freistar å gjera målsaki til ei sak for bygdene mot byane.

Gjenom artikkelrekkja gjeng Ebbing inn på ei rad einskildlekkar som han meiner stadfester synsmåtane um at byfolk hev mindreverdskompleks andsynes bygdene. Han gjeng fyrst attende til antikkens roma. Han meiner at romarane hadde eit naturleg samanfall millom umgrepet um byen og den bymerkte situasjonen som romarane levde under.

Roma var hovudstad for eit imperium som utnytta periferiane. Tilliks med moderne kapitalisme. Byane administrerar dei produkti som vert framstelte i periferiane. Det moderne byumgrepet dekkjer til dei udemokratiske umfordelingane millom by og land. Byen hadde makti yver landumrådi gjenom politisk, administrativ og militær makt. Byen sjølv var uproduktiv. Her dreiv ein berre noko handverk og byen fungerte som marknadsplass. Byen hadde privilegium til å utnytta landumrådi, meiner Ebbing.

Det Ebbing ikkje reknar med er at drivkrafti i byutviklingi må koma frå utkantane i form av krav um fleire sentrumsfunksjonar. Det er ikkje berre byane i seg sjølv som treng handelsmenn. Det er vel so ofte landsbygdi og folkefleirtalet som treng handelsvaror og som ynskjer å fremja aktiviteten i byane til å fremja eigne interessor..

Ebbing meiner at byen fungerar undertrykkjande på landumrådi umkring. Då må ein spyrja seg kva som er undertrykkjande. Ein stad må større umråde administrerast frå. Dersom landumrådi kring byane ser seg tente med byane vil dei utnytta dei sentrumsfunksjonane byane kann tilby, um ikkje vil dei freista å byggja upp tilsvarande institusjonar sjølv.

Utviklingi i Noreg i dag gjeng truleg mot at mindre tettstader byggjer seg upp til å fylla handelsfunksjonane som byane tidlegare fyllte. Innanfor byane fær me handlesentre. Bykjernane vert utsett for handelslekkasje til desse stadene. Handelsfunksjonane vert spreidde. Men tenesteproduksjonen er ikkje like lett å spreida umkring. Ein kann ikkje samla hovudkvarteri til bankar og finanseringsinstitusjonar rundt umkring på landsbygdi og på småe tettstader. Dei må lokaliserast til stader der det er råd å samla upp eit miljø av folk som driv med det same. Likeins kann ein ikkje utan vidare spreida universitets- og forskingsaktivitet utyver heile landet, utan at det vert vanskelegare å skapa fungerande miljø umkring desse aktivitetane.

Byane og bygdene heng ihop. Dei treng kvarandre. å gjeva seg til å argumentera for og mot by og bygd fører gale av stad. Dei bygdefolki og målfolki som gjev seg til å kritisera den sokalla urbane mentaliteten, vil fort koma til å sterkna denne mentaliteten stikk i strid med det som var fyreloga. I byane ligg det eit enormt potensial for målrørsla til å spreida nynorsken gjenom eit manggreina kulturliv. Det er på tide at målrørsla knyter det urbane til nynorsken.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag