YMIST

Skal målet i Motmæle einsrettast?

På landsmøtet i NMU i vår vart det gjort vedtak um at landsstyret skulde sjå nærare på målet i Motmæle, som er lagsbladet åt samskipnaden. Landsstyret hev havt saki fyre på tvo møte i haust, og det hev m.a. vore dryft um ein skal vedtaka ein serskild "NMU-normal", som alle som skriv til Motmæle anten skal verta pålagde å nytta elder uppmoda um å nytta. På landsstyremøtet helgi 17.-19. november skulde det gjerast vedtak i saki, og det vart lagt fram tvo ulike tilrådingar frå sentralstyret; ei frå eit fleirtal og ei frå eit mindretal. Endskapen på saki vart, etter mykje um og med på møtet, ikkje noko vedtak i det heile. Eg heldt innleiding for fleirtalsframlegget på møtet, som vert prenta her.

Eg er vorten beden um å leggja fram fleirtalstilrådingi frå sentralstyret um målet i Motmæle, og eg skal freista å gjera det so samvitsfullt som råd. Heilt fyrst vil eg herma framlegget eg skal forsvara, som upphavlegt kom frå Arild Torvund Olsen og vart sendt ut på landsstyrelista (e-postlista for landsstyret) 31. oktober:

Dei som skriv i Motmæle kan nytta den nynorskrettskrivingi dei sjølve ynskjer. Motmæle hev like vel eit serskilt andsvar for å syna fram at det finst mindre bokmålsnære utgåver av nynorsken enn den elevane møter i lærebøkene.

Ein av grunnarne til at eg tykkjer dette framlegget er det beste, er at det slær fast at NMU skal vera ein samskipnad som høver med folkestyret. Ei grunnsyn som hev mykje å segja for folkestyret er ytringsfridom. Dersom me skal hava røynlegt folkestyre i samskipnaden, må alle få sleppa til på den nynorskskipnaden [-normalen] dei ynskjer sjølve. Me veit at slik stoda er i dag, finst det ikkje éin fastlagd måte å skriva nynorsk på. Ein kann meina kva ein vil um dét, men so lenge det er slik, må me som er ein ungdomssamskipnad som arbeider for nynorsk, gjeva lagsfolket vårt fridom til å skriva som dei vil sjølve. Dette er serlegt viktugt når me veit at måten folk skriv nynorsk på, ofta ikkje er tilfelleleg, men vald ut ifrå ulike grunnsyner på målreisingi.

Ideelt sét hadde det vore ein fyremun med meir einskap i den nynorsken som vert skriven i dag. Men det finst ingen slik einskap - helder ikkje i NMU. Det er ulike syner på kva rettskriving som er den beste, og då er det rimelegt at dette speglar seg att i lagsbladet òg.

Ein annan utveg er å fastsetja ein målskipnad som alle lyt fylgja dersom dei skal skriva til Motmæle. Det er dette mindretalstilrådingi gjeng ut på. Dette fører med seg at det vert sett forbod mot nokre former av nynorsk, medan andre vert gjevne fyremuner. Eg ynskjer ikkje at NMU skal gjeva seg ut på ei sovordi forbodslina; det er ingen farande veg for målrørsla. Dersom me skal nå fram til meir einskap i rettskrivingi, må det koma gjenom opne ordskifte og fri meiningsbrjoting. Me lyt hava like tevlevilkår slik at det målet som vinn fram til slutt er det som hev dei beste grunnarne for seg. Dette fær me ikkje ved å vedtaka framlegget frå mindretalet i sentralstyret, der det vert sagt klårt at ein ynskjer å gjeva fyremuner åt éi serskild skrivegjerd, "NMU-normalen", dei kallar.

Dei tvo framleggi som ligg fyre stend soleides for tvo heilt motstridande syner på kva for samskipnad NMU skal vera. Det eine framlegget, som eg steller meg attum, segjer at NMU skal vera ein samskipnad for alle som ynskjer å arbeida for nynorsk. Dette vil segja at alle avbrigde av nynorsk er velkomne alle stader i lagsbladet. Det andre framlegget segjer at NMU skal meina at "NMU-normalen", er betre enn alle andre avbrigde av nynorsk, og at me difor ynskjer å gjera honom til "offisiell normal". Dette vil segja at denne "NMU-normalen" er den einaste tillatne mange stader og at det vert gjeve tydeleg melding um at me allra helst burde ha nytta "NMU-normalen" alle i hop.

I denne samanhengen er det eit snodigt knip når det frå hin kanten i ordskiftet (m.a. på landsstyrelista) vert hevda at dette ikkje er nokor stor sak, og at det i all hovudsak er eit praktisk spursmål. Dette er ei stor sak; det handlar i røyndi um kva for samskipnad NMU skal vera. Det stend på um me skal tufta arbeidet vårt for nynorsk på forbod og tvang, elder på fri meiningsbrjoting og yvertyding.

Det er helder ikkje til å koma undan at denne saki handlar mykje um kva tilhøve NMU skal hava til den tradisjonelle nynorsken, høgnorsken, og dei som nyttar honom. Det er ei kjennsgjerning at det er deira nynorsk som hev merkt seg ut frå midstraumsnynorsken som råder elles i bladet, og det er klårt at det er høgnorsken ein vil koma til livs med eit slikt vedtak som det er lagt upp til frå mindretalet i sentralstyret.

Ei grunngjeving eg hev høyrt for å arbeida for å einsretta målet i NMU, er at for mykje høgnorsk i lagsbladet gjev ein tokke av at NMU er ein samskipnad som strider for ei serskild form for nynorsk, med andre ord at NMU er ein høgnorsksamskipnad. Det hev aldri vore noko krav frå høgnorskhald at NMU skal arbeida berre for høgnorsk. Ei slik stoda ser tvert um ut til å vera langt undan. Det me krev, er at det skal vera råd å nytta høgnorsk og samstundes vera med i NMU. NMU må aldri verta ein samskipnad som strider mot høgnorsk.

Ein kann elles spyrja seg um kva mynde landsstyret hev til å avgjera at "ein språknormal er betre eigna enn ein annan", som det heiter frå mindretalet, og vedtaka ein serskild "NMU-normal". I programmet "Målføra og nynorsken" (1991), som er den vedtekne politikken åt NMU på dette umkvervet, heiter det:

4.6. Så lenge me talar vent om valfridom og/eller heilnorsk mål, lyt me ta avstand frå den hetsen som den tradisjonelle nynorsken ("høgnorsk", "Aasen-mål" eller "klassisk norsk") og dei som brukar han vert møtt med. Ei rørsle med vanvyrdnad for sin eigen tradisjon, lever ikkje lenge i landet. Det meste av den klassiske nynorske bokavlen er skriven på dette målet, og er framleis leseleg. Dei fleste fordomane mot "høgnorsken" råkar dessutan nynorsken ålment.

Eit vedtak mot å nytta andre avbrigde av nynorsk i Motmæle enn "NMU-normalen", dei kallar, vil vera med på å byggja upp under den brennmerkjingi og utestengjingi høgnorsken hev vorte møtt med dei seinste 50 åri. Til grunngjeving for å vedtaka ei slik massiv einsretting som bryt tvert med alle vedtak me hev um rettskriving frå fyrr, gjev mindretalet: "Eg meiner at NMU-normalen er eit fullgodt uttrykk for norsk mål og eit godt uttrykk for målreisinga." Er ikkje høgnorsken fullgod norsk?

Dersom NMU vedtek at det berre skal vera lov til å skriva ein serskild nynorsk i lagsbladet Motmæle, kann ein ikkje lenger hevda at "NMU er ein organisasjon som arbeider for all slags nynorsk", slik det vert gjort i mindretalstilrådingi. Dette er ein logisk brest i høve til den slutningi tilrådingi kjem med; ein slik synsmåte kann ikkje forsvarast ut ifrå framlegget som ligg fyre.

Å nytta høgnorsk i lagsbladet kann vera godt for samskipnaden. Ein ting er at folk kann verta nyfikne og kann henda utbodne, ein annan er kva folk som elles skriv etter rettskrivingi kann læra av å lesa høgnorsk. I vitringi frå sentralstyret og skrivarstova skriv Astrid Dypvik 'tjuge' (for talet 20). Denne skrivemåten er ikkje tillaten i den statlege rettskrivingi, men er den vanlege i høgnorsk. Her hev Astrid trulegt vorte påverka av høgnorsk ho hev lese, og denne påverknaden gjeng i norsk leid, sjølvsagt.

Øyvind Bremer Karlsen, som er målmann og kjem frå Austfold, hev peika på det same. Han er fast lesar av høgnorskbladet Vestmannen, og tykkjer det er eit verdfullt tiltak av di han då kann henta nytt heilnorskt tilfang til målføringi si. Han ser på høgnorsken som ei rik kjelda, jamvel um han ikkje skriv høgnorsk til daglegt. Høgnorsken tek vare på dei sernorske dragi i skriftmålet.

Våren 1999 arbeidde nokre ihuga målmenner på den tradisjonalistiske sida for at landsmøtet i Noregs mållag skulde ganga inn for jamstelling millom i- og a-mål ('soli' og 'sola'). Dei uppmoda m.a. folk um å skriva seg på eit upprop for slik jamstelling, og fleire av dykk som sit her i dag skreiv seg på uppropet, som vart prenta i Dag og Tid 15. juli 1999. Mest forstøkkjande er kann henda at både Ragnhild Ås, som hev skrive framlegget som gjeng ut på å vedtaka ein eigen "NMU-normal", og Inger Johansen, som hev halde innleidingi og mælt for framlegget her på møtet, stod på uppropet, saman med m.a. Ingvild Aursøy Måseide, Olav Torheim og meg sjølv (alle desse sit i landsstyret elder sentralstyret). Eg skal ikkje gruvla på kvifor nokre av desse ser ut til å ha snutt heilt um i dette spursmålet på det halvtanna året som hev gjenge sidan, men ein må hava lov til å undra seg.

Eg hev jamt stade på Aasen-lina og ynskjer at folk skal byrja nytta høgnorsk i staden for den statlege nynorsken me vert bodne i dag. Eg meiner at høgnorsken er eit betre uttrykk for det norske målet av di han er ein betre samnemnar for dei norske målføri enn dagsens nynorsk, han høver betre med den tradisjonelle nynorske bokavlen og songskatten, og han tek betre vare på målarven frå gamalnorsk. Han er dessutan meir fylgjerett uppbygd og dimed lettare å læra, og han hev faste norskdomsideal som kann vera ei god utgangsstøda for eit nynorskt normaltalemål.

Jamvel um eg ynskjer å fremja høgnorsken, og er yvertydd um at det er det beste valet, hadde eg ikkje ynskt å setja forbod mot alt anna enn høgnorsk dersom me hadde vore i fleirtal. So lenge det finst ulike syner på desse spursmåli, og me ynskjer å vera ein samskipnad i samhøve med folkestyret, må folk få standa fritt til å skriva til Motmæle same kva syn dei hev på rettskriving. Og me må ikkje stengja ute den formi for nynorsk som ber i seg den mest sermerkte norske målarven. Dét er ein fyresetnad for at NMU framleides skal kunna kalla seg ein samskipnad som arbeider for norskt mål.


Klaus Johan Myrvoll, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag