YMIST

Ein vonlaus diskusjon

Dataalder gjev oss høve til å tenkja igjenom kva språk eigenleg er. Dei nye uppfinningane set språket i perspektiv. Mange av dei som les Vestmannen vil vera kjende med det som på norsk vert kalla epost. Sume kallar det straumbrev, elektronisk brev, snøggbrev eller liknande, og det er dei som likar best å skriva e-brev.

Epostmeldingar gjeng snøgt. Det tek nokre sekund å senda ein epost og ein kann få svar på nokre min. eller timar. Ein kann senda epost til hundrevis av mottakarar på ein gong. Dette fører med seg at skriftlege meldingar kann spreidast i vid utstrekning.

Då kann me spyrja oss kva er skilnaden på epost og til dømes telefon. Ein openberr skilnad er at ein utan vidare kann nå fram til folk når det høver for dei. Med telefonen veit ein aldri når det høver for mottakaren å tala med ein. Epostmeldingane vert liggjande til mottakaren er klår til å lesa dei. Dessutan er meldingane på epost oftast skrivne i eit standarmål. Ein sams kode for målbrukarane.

Det som vert slåande er korleis stadeigne identitetar er bundne upp til kontakt med andre stader. Epostsendingar illustrerar dette. Personar frå Trondheim, Tromsø, Bergen og Oslo kann få dei same meldingane. På denne måten vert det lokale interessant. Det som skjer i Trondheim kann leggjast fram på ein slik måte at det vert aktuelt for folk andre stader òg. Talemålet kjem her til kort. Ein kann nok i serhøve skipa til telefonkonferansar, men dei må avgrensast både når det gjeld taletid og talet på personar. Lengdi på epostmeldingar vert berre avgrensa av kor langt sendaren er viljug til og i stand til å skriva. Talet på personar som kann nåast av ein epost er òg langt på veg styrd av sendaren.

Det interessante er at skriftspråkskoden ser ut til å vera yverlegen i å yverlevera meldingar um lokale tilhøve. Eit viktig kriterium for å kunna vera bufast er å ha kontakt med umverdi. Skriftmålet gjev identitsuppleving, sams forståing og formidlar kunnskapar millom folk som er bufaste på ulike stader. Talemålet når ikkje so langt. Det er talemålet som splittar og skriftmålet som samlar.

Det absurde med den norske målrørsla er at det som hev samla er talemålet, dialektargumentasjonen. Medan det som hev splitta er skriftmålet der sers mange vil ha eigne normalar. På bokmålssida er stoda greid. Talemålet splittar, men folk er stort sett samd um den skriftlege koden. Det som er problemet for nynorsken er at målfolk aldri sluttar å samanlikna nynorsken med dialektane. Det nynorske skriftmålet vert aldri akseptert. Diskusjonen kring samsvar millom nynorsk og dialekt verkar vonlaus i ei tid då skriftmålet renn yver dataskjermane og bokmåliseringi et um seg i by og bygd.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag