YMIST

Norskt mål i skrift og tala!

Slagordet «Snakk dialekt - skriv nynorsk» hev vore samlingsmerke for målrørsla i snart ein mannsalder, men i det seinste er det fleire enn berre riksmålsfolket som innser at det kanskje er åt å verta meir til stelp enn hjelp. På landsmøtet åt Noregs Mållag i år kom ordskiftet um talemålsnormera norsk upp, og det tykkjer eg er på høg tid. Mykje for lenge hev norskdansken fenge skamfare dei norske målføri medan vårt eige alternativ, nynorsken, hev vore eit mål som berre skal skrivast og aldri høyrast.

«Du må halda betre på dialekten din gut,» utbryt målføreaktivistane, men maktar det ikkje sjølve ein gong, endå so mykje dei freistar. Jamvel um målføri kanskje hev fenge større status no enn tidlegare, er det fyrst no at nivelleringi av deim skyt fart so det munar. Enn kann òg spyrja seg kva det vil segja å halda på dialekten sin. I våre dagar er folk stødt på flyttefot. Skal då ein som fer frå èin landslut til ein annan halda på det upphavlege målet sitt, eller skal han læra seg endå eit talemål (og då helst av det «gode gamle» slaget som snaudt ingen talar meir) for at dialekten på den nye heimstaden ikkje skal verta utvatna? Og i so fall, kvar vert det av argumentet um at «dialekten din er ein del av deg»? Eg trur med fleire at den store sosiale mobiliteten i våre dagar gjer det uråd å hindra at ein meir einfeld, landsgild variant av norskt mål pressar seg fram. Uppgåva vår lyt vera å arbeida for at dette målet vert tala og skriven nynorsk.

Målføreromantikarane hev visselegt rett i at talemålet høyrer med til identiteten. Jå, då me var i tridje-fjorde liveåret høyrde det kann henda med til identiteten vår at me ikkje fekk til å uttala r-ljoden. Ein j eller ein l vart det vel til då. Men kor som er, ein lærer då so lenge ein liver. Når det vert eit mål i seg sjølv å halda seg undan all språkleg påverknad, korkje frå nynorsknormalen eller målføri, botnar dette i eit statisk identitetssyn. Då gjer ein dialektane til ei avgrensing, og ikkje ein ressurs slik Ivar Aasen tenkte det.

Norskdansken hev eit talemålsideal. Det hev ikkje nynorsken, og det er ålvorlegt. Det fører til at bokmålsord som td substantivet befatning kann falla «naturlegt» på tunga åt kvar einaste målførebrukar i landet, endå det er få som hev ordet i det aktive ordtilfanget sitt. Samstundes kunde mest ingen slumpa til å nytta nynorskord som åtgaum eller bate i naturleg tale, jamvel um dei identifiserar seg som nynorskbrukarar. Me ser at det norskdanske kjem intuitivt, medan det sernorske kjennest framandt. No er det tid for at nynorsken med vert normdanande. Dei som ottast at talemålsnormera norsk kjem til å ovra seg som ein parodi på Det Norske Teatret, skal vita at det finst både trøndarnynorsk og dølanynorsk. Dei norske klassikarane Arne Garborg, Olav Aukrust og Kristoffer Uppdal ausa alle rikeslegt or sine eigne dialektar når dei skreiv. Målet laut likevel alltid vera at dette tilfanget med tidi skulde renna i hop til eitt fullgodt riksmål.

Det er framigjenom vorte tala mykje um «språkleg frigjering», utan serleg problematisering. Kva skal i grunnen ei slik frigjering i grunnen ganga ut på? Skal det vera å berre fylgja med straumen og tala slik det fell «naturlegt»? Nei, eg tykkjer det snarare handlar um å arbeida seg upp eit medvit um målet sitt. Å taka eit val um at ein set upp nynorsken som ideal for målføringi si og ikkje berre gjev seg inn under det rådande synet um at «utviklingi» berre gjeng sin gang og det kann me ikkje gjera noko med!


Olav Torheim, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag