YMIST

Ei ideell sak

Det er dei som meiner at politiske meiningar og standpunkt til ålmennkulturelle spursmål gjeng framum dei reint språklege spursmåli i målarbeidet. Det vert sagt at høgnorsken er ein fastfrosen målbygnad og dei som ikkje vil møta dei aktuelle samfundspursmåli med eit meir moderne mål vert kritiserte.

Aasen-målet utgjer samanhengen i målsoga. Mange hev meint at målet laut endra seg av umsyn til samfundsutviklingi. Dette er ikkje noko nytt syn. Meir påfallande er det korleis leidande målfolk i dag let til å vilja isolera seg frå det språklege. Det språklege vert uppfatta som ein vanske/hemsko i målarbeidet. Ein må freista å slå politisk mynt på alle andre ting enn det språklege.

Redsla for å ikkje få med seg folk på det språklege grunnlaget verkar umseggripande.
Det vert tala um kulturreising,distriktsutvikling og folkereising heller enn målreising. Det er i siste lekken eit spursmål um ein trur på målreisingsarbeid eller ikkje. Dersom ein ikkje trur at det let seg gjera å reisa nynorsken, vil ein nytta alle verkemiddel ein hev til å lura seg undan å forsvara målreisingi.

Sume leidande målfolk let til å tru at me hev vunne Vestlandet ein gong for alle og at innbyggjarane på Vestlandet so å segja hev nynorsk nedlagde i genane. Ein slepp å argumentera som um alle skulde yvertydast, for vestlendingane nynorske heilt igjenom, tykkjest dei å meina.

Dette er eit feilsteg. Gamle ordskifte lyt stødt takst på ny. Vestlendingar frå trygge målbygder kann skifta til bokmål i morgon. å lata vera å halda uppe gamle ordskifte er med på å undergrava for nynorsken.

Kvifor skal me driva målreising ? Det er eit like grunnleggjande spursmål i dag som fyrr. Høgnorsken diskvalifiserar i seg sjølv ein del avsporingar i dette ordskiftet. Tema som millom anna talemålssamsvar millom målføre og nynorsk, valfridomsspursmålet og spursmålet um kva som er for avstikkande for at folk flest kann finna seg til rette med det. Høgnorsken byggjer på det etymologiske prinsippet. Det vil segja at upphavet til ordi spelar ei viktig rolla når skrivemåten skal fastsetjast. Valfridomen i høgnorsken er fylgjerett og tek utgangspunkt i ein einskapleg bygnad. Høgnorsken byggjer på systematikk og ikkje på kva folk tykkjer er høvande å skriva utfrå skrivemåtane i bokmålet.

Berre i kraft av sin eigen målbygnad gjev høgnorsken eit grunnlag til å tematisera viktige ordskifte i samfundet og i kulturlivet. Bygnaden i Aasen-målet borgar for høge hugmål, og det trengst på alle frontar både i samfunds- og kulturliv. Målsaki er ei ideell sak !


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag