YMIST

Vil "Bergens riksmålsforening" gaa tiløkonomisk boykott av Rikskringkastingi ?

I desse dagar legg Bergens Riksmålsforening ut protestlistor kring ymse stader i byen. Soleis og i "Morgenavisen" og "Bergens Aftenblad" mot nynorsk målbruk i rikskringkastingi. I tilhøve av det same skal stortingsmann Bakke frå Halden på sundag koma hit og halda foredrag um same sak.

Den som skriv seg på lista gjev samstundes "Riksmålsforeningen" fullmakt til å segja upp lydarbrevet sitt. På den måten vil dei freista kjøva ei åndsmakt ved hjelp av økonomiske midlar. Kunde dei td. få heile byen på lista si, er det greidt at riksmålslaget med den i lumma kann koma til å trykkja godt på ein institusjon som Rikskringkastingi.

Det er ingen ny stridsmåte dette. Heller ikkje nokon serleg intelligent stridsmåte, eller i klok framferd.

Det var denne taktikken dei nytta i Trondheim i 1930 i striden mot Nidaros-namnet. Ingen ting vart uprøvt. Nidarosvener innan handelsstandet vart boikotta og forfylgde, sterkaste bladet i Trøndelag heldt dei på og skulde øydeleggja o.s.b. Mange segner gjeng um korleis "trondhjæmmeran" bar seg åt.

Kvar drog so dette etter seg ? Trønderbygdene drog litt um senn handelen sin burt frå Trondheim. Hovudstaden og grannebygdene visst å nytta ut uviljen som rådde.

I dag er Trondheim kome på knei. Byen med "de stolte bønder" hev fenge skuldbrevi sine nedskrivne og forretningslivet ligg nede. Kunnige folk er ikkje i tvil um at upphavet til alt dette, skriv seg frå året 1930.

Då hadde byen si gjestingstid på fleire vis, men skyna ikkje på det.

Når "Bergens Riksmålsforening" no vil til å driva økonomisk boikott mot ein statsdriven institusjon for å koma ei åndsmakt til livs, vil me minna um kva som hende i Trøndelag.

Me vil ikkje telja folket her vest til å gjera mottrekk. Men byen ligg ein utsett plass. Både i sud og nord og austpå er nok av deim som kann nytta ein situasjon ut.

Og den harmen som råder i alle bygder her vest yver Indrebødomen og sabotasjen frå embetsverket, fylgjer det ålvor med. Då å kasta inn spursmålet økonomsik boikott av ein av våre fremste kulturinstitusjonar, er uvitug manns ferd. Det kann byen koma til å trega på um riksmålsforeningen skulde få sin vilje.

Me fær tola kvarandre, og når Rikskringkastingi ikkje hev meir enn 5 % av utsendingane sine på nynorsk, er det iminsto ikkje bokmålsfolket som hev grunn til å klaga.

Me hev aldri trutt at klokskapen sat til rors i Bergens Riksmålsforening. Ikkje hev det synt seg denne gongen heller.

Dette er vel den kraftigaste utbjoding som er send vestlandetsbygdene. Det skulde "Morgenavisen" og "Aftenbladet" i minsto skyna um ikkje styret i Bergens Riksmålsforening hev so pass vit.

Ein artikkel av Hirth skriven i 1934 og truleg prenta i Bergens pressa.


Eirik Hirth, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag