YMIST

Mål og målbruk

Etter fyreordet er dette tridje bandet av frendeboki, som ho hev vorte heitande. Det var Idar Handagard som kasta ut tanken om å gjeva ut bokrekkja »Fram då, Frendar», og det er lagsmennene i Norsk Måldyrkingslag som skriv frendebøkene.

Norsk Måldyrkingslag (Akademi for det Norske Målet) hev no 39 innvalde lagsmenn. Målkunnige menn på ymse umkverve er med i laget.

Styret er: Direktør E. Berdal (formann), sorenskrivar Ketil Skogen (varaform.), professor Knut Robberstad, arkivstyrar Per Hovda og amanuensis Ingolf Kvamen. Hallvard Bergwitz er skrivar.

Dei tri bandi som alt er komne, (det fyrste i 1951) er ikkje vitskaplege verk i vanleg tyding. Men dei byggjer på trygt vitskapleg grunnlag og er skrivne i eitt lettlese og folkelegt mål. Emni gjeld ting som helst vedkjem mål og målbruk eller som grensar inn på desse ting.

Severin Eskeland opnar siste bandet med den tala han heldt ved avdukingi av minnesmerket yver professor Indrebø i Jølster 1955. Her kjem forfattaren med ei levande skildring av denne merkelege mannen som beint fram brann for sine nasjonale hugmål og samstundes var ein av våre fremste vitskapsmenn.

Me hev i mange år vore inne i ei målkrisa, og er det framleis. Her hev mange av oss sårt sakna hans djerve førarskap, hans klåre hovud og store kunnskapar. Men han let etter seg eit »testamente». Me finn mykje av det i skriftene hans. Det han skreiv um målbrigdesaki t.d., var likso mykje mynta på framtidi som på samtidi. Underskrivne kann me godt samvit vitna um det. Han skyna godt at striden ikkje vart avgjord med 1938-vedtaket og at trykket utanfrå og stendig vilde auka, soleis som alt var tillaga.

Foredraget hans i Studentmållaget i Oslo 10/2 1938 syner klårt dette. Eit referat av denne tala er innteke i »Fram då Frendar» under yverskrifti »Kring Målkrisa».

»Me kann dokumentera», segjer han, »at svært mykje av det som er autorisera no, samstavar med eit program som riksmålsprofessoren sette upp i 1916. Og me kann dokumentera at norsk-danske fagmenn i ikkje liten mun hev fenge råda yver kgl. resolusjon um nynorsk, i mot framlegget frå den nynorske mannen i revisjonsnemndi». (Her tenkjer han på prof. Ragnvald Iversen og prof. Krogsrud som fekk røysta ned framlegget frå prof. Liestøl. E. H.)

Professor Indrebø nemner nokre av grunnane til at målbrigdesaki er skuva so fram i mot nynorsk i den form rørsla hev fenge; m.a. trøyttleiken og misvoni um at me ikkje rekk fram soleis som tenkt var frå fyrst av. På den andre sida hev me den tendensiøse agitasjonen frå den norskdanske målvitskapen.

»Gjev målreisingi seg på rek med straumen dit som desse kreftene fører, so gjeng den norske målreisingi til grunnar; det skal koma nye målbrigde sidan i same leid som det frå 1938, veit me, segjer talaren. Nynorsken vert uppløyst innanfrå um han so gjeng fram utvertes ei stund til. Det vert ulogisk og urettkome då å halda uppe ei serskild nynorsk målreising. For resultatet me driv i mot, kann me nå likso godt med å taka utgangsstøde i norskdansk og pusla med noko uppnorsking der.»

Det var harde ord i 1938. Men er det ikkje nett inn i den vanstoda bokmålsfolket i Språknemndi og Sigurd Hoel vil driva oss no? - med eller utan hjelp frå andre, t.d. målkalde politikarar?

Idar Handagard skriv um nordmannen Ludvig Holberg og fødebyen hans. Kva mål Holberg talar hev han sjølv fortalt i Epistlane sine frå barnedagane. Frå fyrst av lærde han å tala av barnegjøla si i »Ammestuen». Sidan vart det vel det mål som gutane i gata, då som no og vert rekna som bergensk og liver den dag i dag.

Bymålsnamnet smakar både av hanseat-tysk og av dansk, segjer Handagard. Holberg visste godt um Bjørgvinnamnet. Men det låg ikkje retteleg vel til rette for tysk og dansk tunga. So gleid den unorske formi inn i skrift og tale. Ho høvde og so godt med dei tyske Bergensnamni; men mest heitte det »Bergen i Norge».

Um bymålet i Bergen sa Joh. Ludw. Mowinckel at det hadde vore lett fyr han byguten med det til grunnlag å glida inn i landsmålet og bruka det i skrift og tale. Og ein annan bergensar, rektor Carl Geelmuyden, var ikkje verre på det: Han lærde seg det òg. I si ordførartid vitra han oss um at me berre måtte skriva til han på nynorsk, so skulde me få svar i same målform. Ja, dette var no i den tid Vinstre sat til rors i byen det. -

Per Thorson heldt ifjor eit fyredrag i Bondeungdomslaget Ervingen med emnet »Flokar og framgangsvegar». Det er innteke her.

»Etterkrigstidi som me hadde venta skulde verta ei uppgangstid for nasjonalt og ideelt arbeid, vart eit vonbrot for oss. Attåt miste me tri av våre fremste menn: Lars Eskeland, Gustav Indrebø og Anders Hovden, som alle vart djupt sakna. Me vart fyrebils førarlause.

So kom målkløyvingi som serskilt sette leide merke etter seg og gjorde målet vandare i rettskriving og formverk. Og ikkje skal ein ustø og vinglande skriftnormal lokka mange til å skriva nynorsk», segjer Thorson. -

»Nynorsken treng fastleik og stødleik, ein grammatikk og ei rettskriving som folk kann læra - det er demokratisk.»

Det fyrste som lyt vinnast for nynorsken, er dette noko uforklarlege men heilt naudsynlege som heiter prestisjen, vyrdnaden - dette som gjer det fint å nytta eit mål. Greier me å vinna eit sovore rom for målet vårt, er tyngste taket teke. -

Jens Tvedt held på og glid ut millom forfattarane våre. Han held nok framleis mål millom dei fremste. Men bøkene hans er det for meste utselde, og nye utgåvor kjem ikkje. Han er vel den einaste millom dei eldre som ikkje hev fenge ei samla utgåva av skriftene sine. Det er eit reint undantak med »Hamnatjonet» som Norsk Bokring gav ut her i fjor.

Severin Eskeland heldt ei minnetala ved avdukingi av eit minnesmerke yver Jens Tvedt i Omvikedalen i fjor. Denne tala hev fenge plass i »Fram då Frendar», og vel er det. Takk skal du hava.

»Dei siste hundrad år er det i vårt land gjort mykje verdfullt arbeid med norsk mål og det hev kome ut mange vyrdelege verk um vårt mål i fyrrtid og notid. Men endå er det gjort utruleg lite mot det som skulde vore gjort til å røkja etter, vyrdsla og verna, odla og styrkja vår dyraste folkeeiga og fremste hjelperåd til allslags åndeleg verksemd.»

Det er Eivind Vågslid som segjer desse sannsagde ordi. Og han veit kva han talar um og kva han er tenkt å leggja fram eller å påtala. Eivind Vågslid nemner nokre vitskaplege verk som vantar um norsk mål, soleis: Ivar Aasen: Norsk Ordbok og Norsk Grammatikk og Norsk Navnebok. Hans Ross: Norsk Ordbok med tillegg og Norske Bygdemål. Alf Torp: Nynorsk etymologisk ordbok og Gamalnorsk Ordavleiding.

Johan Fritzner: Ordbog over det gamle norske Sprog.

Adolf Noreen: Altisländische og Altnorwegische Grammatik.

Oluf Rygh: Norske Gaardsnavne, Norske Elvenavne, Norske Fjordnavne og Personnavne i Stedsnavne.

Gustav Indrebø: Norske innsjønamn I og II, Stadnamn frå Oslofjorden, Stadnamn i ei fjellbygd, Norsk namneverk og Norsk målsoga.

Men Vågslid syner òg at me vantar endå mykje og mange vitskapsverk, som han reknar upp.

Ymse gode tiltak er òg sette i gang. Mange einskildmenn og einskilde skipnader er i verksemd med etterrøkjingar og utgreidingar um norsk mål og måltilhøve. Me hev soleis Norsk målførearkiv, Norsk stadnamnarkiv, Norsk ordbok, gamalnorsk ordbok m.a. Norsk Allkunnebok bør òg nemnast.

Men ei moderne dansk-norsk ordbok er det som den ålmenne mann mest saknar i dag. Ho må svara til Steinar Schjøtts og Chr. Vidstens ordbøker. Dette burde no elles vera ei statssak, all den stund det er statstenestemenn og styringsverket som sårast treng boki.

Halldor O. Opedal fortel um gamal bokkultur i Hardanger. På ferdene sine hev han kome yver 6 bøker som er prenta fyre 1650. I eit bu etter Lars Hause (1778) ein jordamann, var det 18 bøker. Dertil åtte han helvti i »Den Norske Kongehistorie» og tridjeparten i Kong Christian den femtes Norske Lov.

Dei fleste bøkene hev vore bøker med kristelegt innhald, m. a. biblar, preikebøker og salmebøker. Innskriftene kunde òg vera mangeleis - både med vit og løgje.

Idar Handagard er sistemann med diktet »Det bårar hav».

Kronikk i Dagen 9. mars 1957


Eirik Hirth, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag