YMIST

Kvar ber det av med nynorsken etter samrøringslina?

Alt tyder på at me med det fyrste stend framfor ei ny rettskriving, eller rettare sagt eit nytt målbrigde. Med berre rettskrivingsbrigde kjem ein ikkje langt i ei so innfløkt sak som på kunstig vis skal støypa i hop tvo mål i ei snøggvenda.

Eg trur ikkje fornorskingsvegen fører fram, eller samnorskvegen.

Me fær ikkje bokmålsfolket med. Det vert med so lenge det ikkje bryt med den indre samanhengen i målet deira. Men når det bryt med den, då reiser motviljen seg og trasset og motstanden for ålvor.

Det er 11 år sidan målbrigdet kom i 1938.

Men er det nokon som nyttar det nye bokmålet i skrift og tale? Gjer prestane det, eller doktorane? eller professorane i sitt yrke? - Eller alle dei som kallar seg intellektuelle?, lektorane kanskje undanteke.

Nei.

Men bokmålsbladi er dei stort set likare? Arbeidarbladi t.d. eller Bondepartibladi? Det var då desse partii som knesette denne lina i norsk målpolitikk no sist.

Nei, du ser lite eller inkje til noko brigde der.

Ja, men borni fær all si upplæring i dette målet på skulane, og lærebøkene er òg etter siste uppskrift, segjer dei, og med det er slaget vunne.

Til det vil eg svara at embetsmennsborn og andre som gjekk under namnet "kondisjonerte", lærde seg jamt tvo mål. Eit som dei lærde av dei borni og andre dei var saman med i bygdi. Eit anna lærde dei i heimen av far og mor. Der var bygdemålet strengt forbode. Det var simpelt.

Sameleis var og er det i byen med. Gatemålet er simpelt. Det kann ikkje nyttast i deira heim, ja, ikkje på skulen for vel.

Borni brukar soleis eitt på leikeplassen, eit anna i timane.

Det er mi tru at Kyrkjedepartementet kann laga rettskriving etter rettskriving for bokmålet, so vert det i heimane rekna for simpelt og skort på kultur. Og det som er simpelt i det eine målet er vanskeleg å få til å verta fint i det andre.

Difor stend i-målet so sterkt, fordi det ingen stad vert rekna for simpelt, for vulgermål, eller kling vulgert, jamfør bibel- og salmebokmålet.

Å vera fatig er ingi skam, men å tala simpelt med gate- eller bygdemålsinnslag er eit mindremannsmerke.

Dette skynar borni godt, ikkje minst innflyttarfolks born i byane.

Difor ser me òg kor lite hjelp me fær frå den kant. Ofte vert dei millom verste motstandarane.

Bokmålet kann og vil taka upp ord og nemne frå folkemålet. Det ser me ofte. Men når ein på kunstig måte vil brigda den indre samanhengen i det, trur ikkje eg me fær bokmålsfolket med.

Motstandsevna både i målet og folket er mykje sterkare enn hjå oss som er kløyvde upp i småflokkar, og som ofte dreg til kvar sin kant. Heller ikkje hev me ein sams uttale å visa til.

Difor kann ikkje endelykti verta anna enn nederlag for nynorsken i dette sokalla samarbeidet.

Skal me få eit sams mål etter fornorskingslina, vert det nynorsken som fær blø. Me vert drivne frå støde til støde, til målet vert so flatt og utvatna at det kann glida smertefritt inn i det nye riksmålet. Dette vert meir og meir synbert for alle.

Sermerkte ord, former og ordelag skal bytast ut.

Me skal bytast ut med den danske vi,

verta skal bytast ut med det tyske bleiben, bli,

skule skal bytast ut med det tyske skole, fl. skolar,

or i visor bytast ut med er - viser, fordi det høver med dansk. Islandsk, færøyisk og svensk hev or (ur), men det vert det ikkje teke umsyn til.

Desse harde e-ane fyre og etter r skurrar stygt i mine øyro.

E-endingane i infinitiv skal i høgsætet i stadenfor dei fulltonande vokalar. Den 1000 år gamle i-formi skal forbjodast. Diktarverki våre skal reviderast.

I vika som var vart halde eit møte her i Bergen av lærarar ved folkeskulen, framhaldsskulen og den høgre skulen. Det var nok helst læreboknormalen møtet galdt. Vedtaket provar nett det eg hev sagt. I fråsegni som vart vedteki med 55 mot 18 røyster, heiter det m.a.:

"Når det gjelder tilnærmingen av bøyningsverket i de to målene, har røynsla lært oss at en må gå fram med varsomhet og la frihet rå i fleste tilfelle. Det nytter ikke å gjennomføre noe som en ikke har sikkert grunnlag for i levende litteratur. Særlig innføringen av a-former i verbalbøyningen (kasta - kasta - kasta) i bokmål byr på så mange språklige og stilistiske vansker at det ikke er mulig å gjøre dem til normalformer i skolen før de har vært prøvd i litteratur og presse. En mekanisk innføring av slike former i skolebøker skaper usikkerhet og forvirring hos dem som har bokmål som hovedmål og gagner ikke fornorskingsarbeidet. Vi vil særskilt peke på at den vidtgående gjennomføring av bøyningsendringer i Rolfsens lærebok og en del andre skolebøker er blitt en alvorlig hindring for norskopplæringen i folkeskolen, og ganske særlig her i Bergen. Vi advarer sterkt imot at man i en eventuell ny læreboknormal går videre på denne vei og fastslår bøyningsformer som skolen enda ikke makter å gjennomføre i sin undervisning."

Det er ingen einsynt "måletar" som hev sett dette vedtaket i form, tvert um.

Det er sogor um bergtekne, at dei høyrer klangen av kyrkjeklokka. Då finn dei vegen heimatt til bygdar.

Det norske målet er ei sovori kyrkjeklokka. Men det er sant: Er ikkje klangen den rette, rein og klår, då er det fåfengt å ringja. Folket finn ikkje heimvegen.

Eg hev den trui til kulturfolket vårt på bokmålssida at dei vel heller ein rein og fulltonande nynorsk enn eit utskjemt blandingsmål.

Difor gjeld det um at dei som ser saki frå den sida held reine og klåre linor endå um det gjeld for vranglæra og kjettarskap i dag.


Eirik Hirth, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag