YMIST

Skal me få ei fast avnorskingsnemnd?

Fridtjov Sørbø: Målakademi eller avnorskingsnemnd?

Til 100 års høgtidi for Aasens ordbok gav »Norsk Tidend» ut eit stort festnummer og heidra Aasen og livsverket hans på det beste. - Mange gode menn hadde lange artiklar og rosa arbeidet hans for norsk målreising.

Men til høgtidsbruk kann mangt segjast. Det er ikkje alltid at ordi høver saman med kvardagen. Soleis her òg. Dei fleste av dei menn som skreiv i »N. T.» den gong, er mykje dei same som kjenner seg kalla til å revidera verket til dagleg, ja hjelper til å forfuska det.

No er det lappa sidan 1907, i 1917 og 1938, og lapparane tykkjer venteleg dei hev gjort eit godt arbeid. Men faktum er at målet er vorte meir rotut og inkonsekvent for kvart nytt rettskrivingsbrigde, serskilt då etter det siste. Mange greide målmerke og retningslinor er vraka, for det gjeld um å nå fram til eit sammål for dei tvo riksmåli våre. Um det vert på naturleg eller kunstig måte hev minder å segja. So fær nynorsken blø, det er han som skal kosta gildet, må veta. Han er den veikaste.

Arbeidarpartiet hev aldri brydd seg større um målsaki. Men skulde partiet vinna bygdene, såg det snart at noko laut gjerast. So fann eit klokt hovud på løysingsordet »samnorsk». »Lat det (barnet) vera korkje ditt eller mitt», som ho sa kvinna som kom til kong Salomo etter ho hadde lege sitt eige barn i hel og bytt det burt i eit friskt.

Me fekk målbrigdet i 1938. Men det må berre vera tenkt som ein stasjon på vegen vidare fram mot idealmålet. Det skal vera stendig uro kring saki, so ingen ting skal få røta eller festa seg. No skal ei ny stornemnd i arbeid att, ei fast Norsk Språknemnd som skal arbeida vidare på tilnærming millom dei tvo måli. Men det er med bunde mandat. Ingen skal koma der som ikkje er samd i samnorsktrui. Dei kann vera kor lærde dei vera vil og dei beste kjennarar av norsk mål i fortid og notid. Utestengde skal dei vera likevel. Eit mindretal skal ikkje offisielt få koma til orde. Korkje Blix, Seippel, Hægstad, Gjelsvik, Hognestad eller Indrebø vilde fenge plass um dei hadde levd.

Og det mest fårlege er sjølve mandatet som er vorte so uklårt. Tilnærmingi skal vera på norsk folkemålsgrunn.

Då Ivar Aasen vilde reisa målføri, folkemålet, til riksmål, valde han ut berre det tilfanget som kunde halda skriftmålet i hop. Soleis lyt alle gjera som vil driva målreising eller målsamling. Gjer dei ikkje det, kjem dei ut på vidotta og alt vert rot og inkonsekvensar.

At det kjem til å verta lagt ymist i ordi »på norsk folkemåls grunn», kjem nok til å syna seg. I proposisjonen (St.prp. nr. 1, 1950, tillegg nr. 3. Kyrkje- og undervisningsdep.) som no ligg fyre prenta, vedgjeng dep. med reine ord at det og er klår yver fåren ved denne formuleringi. Likevel gjer det ingen ting for å retta på det og hindra utgliding.

I ei stor og nasjonal sak må det ikkje vera høve til tvilsmål. Me meiner at i nynorsk er norsk mål atterreist på folkemåls grunn. Å riva nynorsken sund so han skal høva inn i det dansk-norske målsystem, er ikkje tilnærming eller samling på norsk målgrunn.

Og her hev den unge eldhuga gudbrandsdølen Fridtj. Sørbø skrive ei grundig og yvertydande utgreiding som det er ein hugnad å nemna. Det er eit serprent av nokre artiklar i »Austland». Sørbø saumfer korleis desse ordlagi i dag vert nytta på so mange vis. Å segja berre tilnærming på norsk folkemåls grunn er ikkje norsk. Med det gjev ein fritt slag til deim som vil øydeleggja det nynorske skriftmålet. - Både øst og ben o. s. er ekte og rotnorske folkemålsformer i sume bygdemål, framvaksne på naturleg måte frå gl.norsk, ja reine danske former er jamvel komne inn i mange dialekter. Men det er klårt at dei ikkje må få sleppa inn i nynorsk. Ein må halda seg til grunndragi, hovudmerki i det norske målet, og finna fram til dei beste formene som fell inn i eit system med samanheng, konsekvens og nasjonal serhått. Gjer ein ikkje det, kjem alt på rek og norsk-dansken fær ein lett siger, segjer Sørbø.

Nokre døme syner kor skilde meiningane kann vera um ordet »folkemål». Halvdan Koht skreiv i fjor 22. juli i Arbeiderbladet um »Ivar Aasen og det norske folkemålet»: »Men det fans likevel mykje godt norsk mål i sjølve byen. På mange kantar av landet fans det overgangar mellom det sermerkte norske og det som elles var dansk og svensk - slikt som dei linne konsonantane på Sørlandet, eller utjamninga av tvilydane i austlands- og trøndermåla. Endå hørte alt dette til det norske folkemålet. Såleis har vi etter kvart vunne eit vidare syn på kva som er folkemål enn det Ivar Aasen hadde.»

Eller les kva Hans Eidnes, fyrre formannen i Noregs mållag, skreiv. »Det norske folkemålet lever som alltid. Det kling i dag i fjellbygd som i sjøbygd, i bygard som i bondeheim. Det er det norske folkemålet som lyder i kvar ei skulestova i bygdene våre og i byane med.» (!)

Er det ikkje som du høyrer sjølvaste D. A. Seip - hovudmotstandaren vår - i ei helsing til Oslo by, (»Norsk språk i dag»), der han talar m. a. um formene jeg - eg, kommer - kjem, se - sjå, og segjer: »Alt er folkemål.»

Ja, vår gode Alf Hellevik fører jamvel ordet anbefale upp som uppslagsord i den nye ordboki som »Det norske samlaget» gjev ut.

Den siste rettskrivingsnemndi braut sund nynorsken i so mange ting. Men bokmålet slapp svært lempeleg frå det. Nemndi orsaka seg med at det var forat det nynorske skriftmålet skulde yver på breidare folkemåls grunnlag.

Det tykkjest ikkje vera tvil um at den nye språknemndi skal halda fram i fotefari til den gamle, og leggja nynorsken yver på dei mest nedslitne og utvatna målføri, serleg då bymåli, som vantar mykje av dei ålment norske drag. Byggjer me på deim, ber det beint ut i norsk-dansken.

Difor er fyresegnene um målakademiet den største fåren nynorsken hev vore ute for til denne dag. Det hev Sørbø full rett i.

»Vi skal ramstjæle nynorsken», sa ein kjend bergenslektor på eit sammøte millom tvo studentlag i Bergen no nyleg. Han meinte sjølvsagt at ordtilfanget og bøygjingsverket skulde inn under den norsk-danske grammatikken.

Det er tydeleg nok at det vert den Knud Knudsenske lina som dei no kjem til å fylgja i statsdirigera form etter alt å døma. Ingen kjem inn i den nokre og tjugemanns-nemndi utan godkjenning av dept.

Dr. Ingeborg Hoff som var med i fyrebuingsnemndi, men var usamd i tilrådingi, kom med harde ord um arbeidsmåten i nemndi. Ho segjer det er »ikkje vitskapleg forsvarleg å leggja fram framlegget fyrr ein har forma ut dei problem som melder seg i samband med det.» Sørbø kjem til same endelykt når han no hev granska proposisjonen og saki i ollo. Det er eit hastverksarbeid der det eine ofte slær det andre i hel. Det vert ikkje gjort ringaste freistnad på å greida ut problemi og klårleggja målstoda på beste måte.

Det burde i tilfelle vera eit målakademi på fritt grunnlag. No vert det ei politisk avnorskingsnemnd.

Sørbø fortener stor takk for arbeidet han hev lagt ned, og med det drege saki fram i sitt rette ljos.

Det er vandt å skyna at verkelege målmenn kann og vil låna seg og namnet sitt til det arbeidet departementet byd inn til.

Det må vel vera sjølvsagt at saki kjem fram på årsmøtet i Noregs mållag no på Bryne.

Frå Gula Tidend 11.8.1951.


Eirik Hirth, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag