YMIST

Samnorsken og dialektanarkiet støyter folk frå seg

Landsnamnsspursmålet hev vorte teke uppatt av Norsk Språkråd nyleg.Sist saki var uppe vekte ho mykje ordskifte og Språkrådet ynskte tydelegvis å markera seg på denne saki.I år er det ei sokalla uppnorsking av engelske lånord som hev stade i brennpunktet.Språkrådet skal gjera seg upp ei meining um kring 60 framlegg til sokalla uppnorsking.Tvo døme på uppnorsking er pub og taxi som skal heita pøbb og taksi,meiner fagseksjonen i Språkrådet.Utkastet verkar lite realistisk og ber merkje av at Språkrådet hev vanskar med å få merksemd.

Språkrådet byggjer arbeidet sitt på ein samnorskparagraf som segjer at rådet skal arbeida for at nynorsk og bokmål skal glida saman til eit språk i lengdi.Denne paragrafen er lite umtykt.Etter at bokmålet fekk attende dei tradisjonelle formene i 1981,hev paragrafen byrja å verta meir og meir urimeleg.Målfolket hev ikkje fenge tilsvarande konsesjonar som det bokmålet fekk i 1981.Rådet nektar å tillata og å gå inn for at t.d. i-former skal verta lovlege.I-formene skal ikkje ein gong få syna att i ordlistone.Ein må lesa tillegget til ordlista til Alf Hellevik for å få med seg at i-formene finst.Det held ikkje.

Dei som hev størst interessa av samnorskparagrafen er Språkleg Samling.Denne språkstridssamskipnaden hev munaleg målpolitisk makt.Medlemene og personar som kann knytast til dette samnorsksynet i denne samskipnaden skriv ærebøker i målsoga for skulen,og lærebøker og andre norskfaglege bøker for universiteti og høgskulane. Språkleg Samling er representerte i Språkrådet med tvo talsmenn.Dessutan kann folk frå Språkleg Samling representera andre institusjonar.Dette gjer at det finst krefter i Språkrådet som ynskjer å arbeida hardt for at samnorskparagrafen skal verta ståande.

Språkrådet hev utført ei meiningsmæling um landsnamnet.Meiningsmæligi hev fleire tvilsame drag ved seg.Og ho hev møtt kritikk millom anna frå Kringkastingsringen,som arbeider for meir nynorsk i NRK.Kringkastingsringen hev spurt medlemene sine,og eit klårt fleirtal av dei segjer at dei er for Noreg.Noregs Mållag hev eit soleklårt landsmøtevedtak.Mållaget ynskjer å halda på Noreg.Men Språkrådet er so desperate at dei godtek ikkje det målfolket sjølv segjer.Språkrådsleidaren er medlem av Språkleg Samling, og meiningsmælimgi kann ikkje vera utførd utan at han anten er vorten spurd eller hev gjenge inn for det.Dette er å rekna for ei umyndiggjering av målfolket.Dette er berre ein av mange grunnar til at riksstyret ved kulturdepartementet bør gripa inn og stryka samnorskparagrafen til Norsk Språkråd.Stortinget bør òg ha dette i tankane.

Når det ikkje hev vore råd å vinna gjenomslag for dei tradisjonelle formene i nynorsk so hev det samanheng med den sigerrike framgangen til reaksjonen mot nynorsk.Dei norskdanske tradisjonalistane byrja alt i 1930-åri å vinna fram på kostnad av målrørsla.Pilarane i denne reaksjonen var motstanden mot nynorsk standardtalemål,uppkløyvingi av nynorsken til eit mål med fleire dialektvariantar og å insistera på at me ein gong fær eit samnorsk språk.

Men bokmålsreaksjonen starta eigenleg alt i 1917 då heitte det seg at den norske språkplanleggjingi skulde byggja på ei tilnærming i riksmål og landsmål som skulde føra med seg at målformene skulde nærma seg "folkets virkelige talesprog".Dette førde med seg at dialektane vart aktuelle.Ein innførde eit radikalt riksmål som skulde representera dialektane på austlandet.Det same gjorde ein i 1938.Denne gongen skulde ikkje formene vera valfrie,men obligatoriske.Båegongene dei statlege språkplanleggjarane prøvde å innføra samnorsk førde det til at bokmålet intensiverte reaksjonane mot nynorsken.Med målbrigdet på nynorsksida i 1938 vart det usemjor millom målfolket.Leidingi i mållaget etter krigen hadde so sterk tru på den statlege målplanleggjingi og samnorsken at bokmålsfolki fekk setja inn med den sokalla Folkeaktionen mot samnorsk.Då denne aksjonen stod på høgdi yvertok dei mest samnorskkritiske leidingi i Mållaget.Då sette Dagbladet inn med ein pressesjikane mot høgnorskfolki som skulde gjera usemjone millom målfolket langt større enn dei var.Det var samnorsken som førde til at målfolket kom i denne kattepina.Seinare førde den same samnorskpolitikken til målbrigdet i 1959.Dette var ei rettskriving som hev ført med seg ei umfattande bokmålisering.

Bakgrunnen for argumenti mot landsnamnet Noreg må knytast både til Landslaget for Språkleg Samling,men og til nedbrytingi av det nynorske normalmålet,samnorskdogmet og dialektlina.Det vert sagt at Noreg er ei namneform som er eit symbol på høgnorsk og normalmål og ikkje på dialektane og folkenorsk,og at dei som vil ha Norge ikkje kann identifisera seg med namneformi Noreg.Denne maniske redsla for nynorsk normalmål som nynorskbrukarane innanfor språkstridssamskipnaden Språkleg Samling gjer seg til dei fremste talsmennene for,er beint fram skadeleg for nynorsken og nynorskbrukarane.Det er stødt bokmålet,bokmålstalemålet og bymåli som skal vera rettesnorer for nynorsken.Ein må for all del ikkje insistera på at noko er nynorsk og ferdig med det.Det er ein illusjon å tru at dette fører fram til eit samnorsk mål.Dialektane i Noreg hev ein altfor samansett sosiolingvistisk komposisjon til at dette kann lukkast,og skriftmålsvanane og ikkje minst normalmålet til bokmålet stend mykje for sterkt til at denne ideologien kann slå igjenom.Samnorsken hev vorte attendeslegen på alle punkt i målsogesamanheng.

Landsnamnet Noreg heng saman med ei rad andre internasjonale namn på landet vårt.Me som vil ha Noreg av historiske grunnar vil ikkje gjera hemn yver soga.Me vil tvertimot understreka at landsnamnet vårt er knytt til Nordveg.Det er rart å halda fast ved Norge som ikkje samsvarar eller avslører upphavet til landsnamnet vårt.Me hev eksportert Nordveg-formene til mest heile verdi,men me sjølve skal gå frå denne formi,meiner Norge-medhaldsmennene.I russisk,arabisk,persisk og i verdsspråki engelsk,fransk,spansk og tysk er det Nordveg-formene som gjeng att.Norge er ein skriftrett uttale av dansk.Danskane sjølve segjer Norre eller dilikt.

Dersom me tek meiningsmælingi til Språkrådet for god fisk,må det vera paradoksalt at dei organiserte målfolki er for Noreg,medan andre målfolk ikkje er det i same grad.Det tyder at di meir folk lærer um nynorsk,di meir held dei pånynorsken.Det er kunnskapsløysa som held liv i samnorsken og Norge-tilhengjarane.Det vil segja at di meir sakleg argumentasjon for Noreg,og i det heile di meir ordskifte um landsnamnet di meir hev målfolket å vinna i kampen motsamnorskreaksjonen.

Det er nett dette at skriftbiletet i norskdansken skal påverka utformingi av nynorsknormalen som er ei kjernesak for sume.Norsk Språknemnd bygde upp um denne argumentasjonen i samband med målbrigdet i 1959.Skriftbiletet i nynorsk er ukjend heitte det,so me må byggja på skriftbiletet i bokmål.Det er i alle fall det som vil ha framgang.Eit slikt syn er heilt øydeleggjande for nynorsken.Bokmålsfolket vann stort på at det norskdanske normalmålet kom inn i radioen på 1930-talet.På bakgunn av dette må ein undra seg yver at ein og annan millom målfolket,og då serleg medlemene av Språkleg Samling,er so livredde for nynorsk normalmål.

Den sokalla dialektlina skal etter segjande vera so gagnleg for målrørsla.Men i dag vert denne strategien berre ei einaste stor meiningsløysa.Å segja at nynorsken skal vera talemålsnær er berre å uttrykkja ei angstnevrotisk haldning til alt språksstoffet i nynorsken.Striden mot Noreg er eit godt døme på sume av dei utslagi samnorsklina gjev.Påstanden um at Noreg-formi fær folk til å skriva bokmål,viser berre kor hol heile samnorskideologien er.Ein er so nevrotisk redd for å skilja seg ut at kvar nynorskform vert ei bør.Målrørsla kann ikkje byggja på eit slikt grunnlag.

Dialektlina og argumentasjonen umkring denne lina hev ikkje vore avgjerande for framtidi og framgangen til målrørsla i dei siste 25- 30-åri.Den statlege nærings- og distriktspolitikken hev vore meir viktig.Den hev gjort det mogleg å utdana seg i eit nynorsk og nynorskvenleg miljø serleg avdi mange kommunar hev fenge nynorske gymnas.Det hev ført til at me hev fenge mange nynorske akademikarar.Dei hev mangla ei samlande nynorsk norm og dei aller fleste hev gripe til dialektlina i mangel av noko alternativ.Soleis er ikkje dialektlina ei drivkraft til å vinna nye nynorskbrukarar.Ho er langt viktigare som i grunngjeving for nynorsken for dei som alt nyttar nynorsk.

Høgnorsken,rettskrivingi frå 1917,er enno den mest samlande nynorsknormalen som gjev best utgangspunkt for eit nynorsk normalmål.Den tvilsame og taktiske meiningsmælingi som samnorskvenene styd seg attum,er eit grovt misbruk av Norsk Språkråd.Ein kann ikkje ha tiltru til eit Språkråd som kastar seg på tabloid-sjangaren.Neste gong kann dei spyrja kva folk meiner um samnorsk.Sist gong det var ei meiningsmæling på dette vart det eit klårt og eintydig fleirtal mot samnorsk.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag