YMIST

Språkrådet eit målpolitisk organ

Norsk Språkråd er ikkje eit målakademi som arbeider berre med språkfaglege uppgåvor.Rådet er samansett av målsmenn frå ymse målstridskrefter.Dette merkjer seg av i språkrådsarbeidet på ymse måtar.Aksjonen for Språkleg Miljøvern,som rådet hev gåande,hev millom anna til mål å verna um norsk innanfor ulike fagumråde.Engelsk kann aldri verta eit fullverdig alternativ for norske studentar,forskarar og andre som arbeider i Noreg. Det er full semja um dette synet i Språkrådet.

Litt meir umdiskutera er ein annan part av den språklege miljøvernaksjonen.Det heiter seg at rådet skal arbeida for å norska upp butikknamn med meir,og freista å demma upp for engelsk språkbruk på skilt og anna.Dette er eit tiltak som markerar måldyrkingsvilje.

I det siste året hev spursmålet um landsnamnet vore eit målpolitisk stridsemne.Fyrst var det på tale å jamstella Noreg og Norge,men språkrådet laut gjera tilbaketog etter protestar frå fleire målstridskrefter og andre.Landsnamnet Noreg kom trulegt styrkt ut av diskusjonen. I sumar diskutera tvo av medlemene i fagnemndi for nynorsk upphavet og målsoga umkring landsnamnet Noreg m.m.Minst tvo medlemer av språkstridssamskipnaden Språkleg Samling,som arbeider for samnorsk,hev markera seg i striden um landsnamnet.Dei vil ha Norge inn som loveleg sideform på nynorsk. Noregs Mållag hev òg sagt klårt og eintydigt frå at laget vil ha landnamnsformi Noreg.No hev Språkrådet stade bak ei meiningsmæling um landsnamnet.

Kann ei meiningsmæling avgjera korleis målet skal vera? I andre land enn Noreg vilde dette vera ein absurditet.Det er dei som brukar skriftspråket som avgjer korleis det skal sjå ut.Fagfolk kann berre gjeva råd um korleis språket skal eller bør nyttast.Det er den innarbeidde språkbruken som set dei viktigaste grensone for kva som kann eller ikkje kann skrivast.I tvilsmål er det målbrukarane og målstridskreftene som vil avgjera. Meiningsmælingi vert kunngjord utan at me fær kjennskap til viktige tillegsdata.Kringkastingsringen reiser tvil ved gjenomføringi av undersøkjingi i Dag og Tid nr. 50.Det er elles grunn til å minna um at styret i Språkrådet er samansett av tri målsmenn for kvar målform.Bokmålsfolki og ein representant for Språkleg Samling hev fleirtal i styret for Språkrådet.Ein målsmann for Språkleg Samling er leidar for Språkrådet.Hev styret stade attum undersøkjingi er målfolket umyndiggjord.

Ein fyrebils konklusjon må vera at Språkrådet er eit organ som fungerar språkpolitisk.Rådet er ikkje berre eit objektivt organ som meklar millom dei språkstridande partane.Det vert nytta til fyremun for einskildaktørar.

No hev det kome upp eit nytt dryftingsemne.Denne gongen gjeld det skrivemåten av engelske lånord.På eit seminar Språkrådet skipa til no i haust la professor Dag Gundersen fram ei lista yver ord som fagnemndi for bokmåls- og nynorskseksjonen vil brigda skrivemåten på.

På eit støtteark som Gundersen gav frå seg på seminaret lagar han jamlikskapar med den russiske måten å brigda engelske ord på.Men han segjer ingenting um at russisk mål hev eit eige alfabet som gjer umskrivingar naudsynte i alle fall.I stadenfor skriv han dei russiske anglisismane med latinske bokstavar.T.d. bebi,kompjuter og lokaut. Dette verkar ikkje yvertydande.Manglar han døme frå språk med latinske bokstavar?

Døme på ord som kann få ny skrivemåte på bokmål og nynorsk er:

input - innputt,output - utputt,insider -innsidar,outsider - utsidar, service - sørvis,taxi -taksi.Sume ord kann ikkje brigdast fordi dei kann mistydast heiter det frå rådet.Men dei er visst ukjende med at at ordet spray vert uttala både sprei og sprai.Her vel fagnemndi formi sprei,endå det gjerne skulde vera vel so gode grunnar som talar for å nytta formi sprai,so at ein slepp samanfall med å spreia i verbet.Endå um ordet spray i røyndi heng saman med å spreida,hev spray ei sertyding som godt kann koma fram. Det er ein ting å spreida møkk.Det er noko anna å spraya/spraia seg i nasa med ein spray/sprai.Innlånet kann godt syna att her.

Det kann reisast ei rad innvendingar mot det framlegget som fagnemndi kjem med.Fleire av stavingsbrigdi verkar lite gjenomtenkte,og framlegget er altfor umfattande.Det er ikkje synt tanke for at fleire av lånordi ikkje hev vorte folkeeiga enno.Dimed er det ikkje teke umsyn til dei som vantar kjennskap til engelsk og som er ukjende med dei nye ordi.Helder mange stader er det tenlegt å nytta avløysarord for lånordi.

Dei språkrådsfolki som er for ein umbrigda skrivemåte argumenterar millom anna med at utanlandske lånord stødt hev vorte umskrivne t.d. boks for engelsk box.I dag er det samla seg upp so mange engelske lånord i språket at det er på tide å samla dei under ein skipnad med norsk skrivemåte,segjer dei.

I den tid då nynorsken fekk vera i fred for språkpolitiske innspel og endå noko lenger,var det vanleg hevd å leita etter nye ord for nye ovringar.No hev dette gjenge noko or moten.Er det ikkje på tide at språkstridskreftene og skriftspråksdaningi fær råda seg sjølv.Det norske ålmennspråket ser ut til å ha langt mindre engelske lånord enn ålmennspråket i svensk og dansk.Men i svensk og dansk ser fagspråket ut til å vera langt meir puristisk enn i Noreg.Dette er eit indisium på at språkforskarar og andre i språkrådet heller burde arbeida med å skapa norske ord for engelske innlånsord i fagmål,og slutta med å endra skrivemåten på nokre engelske lånord som ålmennspråket kanskje vil klara å visa frå seg med god hjelp av dei nynorske og andre leidande språkstridskrefter og ikkje minst av skrivande bladmenn og forfattarar.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag