YMIST

Hovudet yver vatnet

Ordskiftet um landsnamnspursmålet hev openberra ein tillaga allianse millom leidande talsmenn for Språkleg Samling og uorganiserte målfolk.Dei organiserte målfolki vert skulda for å setja tid og krefter inn på å hindra folk i å skriva Noreg.Då er det fåre på ferde for at nynorsken kann døy ut,men dersom Norge fær koma inn i nynorsknormalen hev fleirtalet millom nynorskfolki vunne fram,og då er alt i orden.

Olav Randen og Kjell Venås held bastant på Noreg.Dei vil ikkje taka umsyn til meiningsmælingi til Norsk Språkråd.Lars S.Vikør spør kven Randen og Mållaget ynskjer å representera og kvifor det er uinteressant for laget kva resultat meiningsmælingi kjem ut med i eit sånt sentralt ideologisk spursmål ( Dag og Tid nr.3).Det er interessant at Vikør her nyttar ordleggjingi" eit sentralt ideologisk spursmål".Elles vil han gjerne tona ned og avsanna påstanden um Noreg som eit viktig symbolord for nynorsk m.a. i ein artikkel i Norsk Tidend i fjor.Lenger nede i artikkelen slær han fast at sume hev ideologisert landsnamnsspursmålet.Difor hev det interessa å høyra kva vanlege nynorskbrukarar meiner um denne saki,hevdar han.

Vikør ser altso ikkje grunn til å avvisa ideologiseringi av Noreg i samband med meiningsmælingi.Han ser snarare ut til å vilja spela på denne ideologiseringi.Konklusjonen må altso vera at landsnamnsspursmålet er ei viktig målpolitisk og ideologisk sak for Vikør,endå han læst som at ho ikkje er det.

Vikør meiner at landsnamnsformi ikkje høyrer inn under den generelle språknormeringi.Men kva skal ein kalla ei slik namnefastsetjing,ei spesiell språknormering.I liknande saker tidlegare hev det vore folkevalde organ som hev avgjort sovorne spursmål.T.d. i samband med Nidaros-striden.I sovorne høve hev det vore snakk um målpolitiske handlingar.Men språkrådet skal etter segjande ikkje blanda seg upp i umdiskuterte målpolitiske spursmål,difor fekk dei norskdanske tradisjonalistane gjenomslag for tradisjonsformene sine.Språkrådet skal tvertimot dempa den målpolitiske striden,difor er det fint å kalla det ein driv med for språknormering.I røyndi er det bakstrevarsk sabotasje mot nynorsken.

Den som ser kritisk på arbeidet til Språkrådet og knyter Språkrådet saman med målsoga kann berre slå fast at dei tri grunnleggjande pilarane i kampen mot nynorsk er dekt i samband med striden for Norge.Ein kjemper ned det nynorske normalmålet,insisterar på samnorsk og set dialektane upp som einskildnormer for nynorsk og bokmål.Alle desse elementi høver vel i hop med å gå inn for Norge.Nynorsken held på Noreg i skrift,men det er ingen som segjer Noreg burtsett frå dei som legg talen sin etter nynorsken.Når ein attpåtil finn sanningsvitne som brukar nynorsk normalmål,men segjer Norge hev ein gjort seg serleg yvertydande.Då er det ikkje noko argument at organiserte målfolk og nynorskbrukarar som skriv offentlegt er langt meir positive til Noreg enn andre målfolk.Då set ein upp samnorskdogmatikken um at ein skal byggja "på folkets virkelige talesprog".Dei som held på høgnorske serformer innanfor ein dialektisk nynorskvariant set seg upp mot andre dialektiske nynorskvariantar.Det finst ikkje nokon røynleg standard,so språket vil utvikla seg,og ingen kann insistera på nokor nynorsk form.Dessutan kjem den tridje pilaren inn.Det vert jo eit språk av nynorsk og bokmål i alle fall,difor må me velja den formi som vert einerådande i samnorsken.Det kann aldri verta Noreg,segjer dei vise menn i Språkleg Samling,for det er dei som skal tvinga igjenom samnorsk i alle fall,og det må alle vera samde i,heiter det i sirkelsnakket til samnorskmennene.

Folk som hev nytta tid og krefter på å setja seg inn i språklege spursmål på friviljugt grunnlag og som er med i Noregs Mållag og røysta for at Noreg skal ikkje vera namnet på landet vårt på landsmøtet til mållaget,er ikkje meiningsføre.Dei som derimot ikkje hev havt like gode høve til å aktivisera seg og som sjeldan hev vorte konfrontera med dette spursmålet,skal avgjera.Dersom talsmennene for Språkleg Samling meiner at det uorganiserte målfolket vert yverkøyrd av Noregs Mållag må det vera fritt fram for Språkleg Samling å freista å vinna medlemer her.Det er eit heiderlegt tiltak.Men sirkeltenkjingi styrer vel undan slike praktiske tiltak.Me fær rett i alle fall.Berre vent og sjå.

Dei som styrer med nynorsknormene vil ha ein viss orden.Dei sokalla Norge-tilhengjarane gjev truleg blaffen i rettskrivingskonsekvensar.Nynorsken er ikkje noko ideal for dei som skriv nynorsk.Det er talemålet på staden ispedd bokmålsinnslag i dialekten som kjem fram i skriftmålet.Kvar gong Noregs Mållag hev kome desse i møte hev det berre ført til at grensone for kva dei reknar for akseptabel nynorsk hev brigda seg.

Alle dei nedbrytande pilarane som hev prega reaksjonen mot nynorsk er representerte i samband med landsnamnsstriden.Dessutan er kløyvingsaspektet kome med.Målfolket vert kløyvd,um ikkje Noregs Mållag bøygjer seg for dei statlege språkplanleggjarane.Nynorsken fær ikkje framgang um ikkje Norge vert lovleg form.Nynorsken tapar på Noreg-formi.Men kva skal ein so segja um alt det språkplanleggjarane stend for når det gjeld nynorsk språknormering. Målrørsla toler definitivt ikkje ein samnorskideologi som driv målgodset i nynorsken frå skanse til skanse.

Vikør hev ei rar utsegn um at fleirtalet av nynorskbrukarar er det vatnet nynorsken pustar i.So vidt eg kann skyna vil folk som pustar i vatn drukna.Som høgnorskmann og bergensar vil eg segja at denne utsegni illustrerar mitt perspektiv.Eg pustar i høgnorsken.Høgnorsken er lufti i kvardagsmålet mitt.Eg drikk gjerne frå nynorskvatnet.D.v.s. eg les bøker på alle slags rettskrivingar.Men dersom eg skulde ha freista å skriva ein av desse dialektiske nynorsk-variantane,vilde eg ha drukna.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag