YMIST

Målpolitikk, norskdom og Noreg

I Norsk Tidend nr.2 1996 hev Lars Vikør ein artikkel han kalla "Symbolet Noreg".Vikør delar målrørsla i tvo.Han svallar um folkemålsretningi og den historisk nasjonale retningi."Folkemålsretninga i målrørsla kan -trass i Koht- vanskeleg gå inn for Noreg utan å fornekte heile sitt grunnlag",skriv Vikør. Talsmennene for "folkemålsretningi" hev gjenge på gummisolar i landsnamnssaki.P.g.a agitasjonen frå riksmålsrørsla hev folkemålsretningi vore nøydd til å velja millom folkemålet og nynorsken,trass i at nynorsken skulle vera eit uttrykk for folkemålet,meiner Vikør.

Diskusjonen umkring upphavet til Norge-namnet ser ikkje ut til å interessera Vikør.Han meiner at den historisk-nasjonale lina berre er ute etter eit anna namn enn bokmålsnamnet Norge. Vikør viser til ein artikkel som Ottar Grepstad etter segjande skal ha skrive i Dagbladet.Grepstad uttala her at Noreg hadde vorte eit sterkt symbol på det nynorske prosjektet for mange målfolk.Faglege og intellektuelle argument hev difor berre privat interessa,skal Grepstad ha skrive." ...for mange er Noreg symbol ikkje for nynorsken,men for høgnorsken og den nasjonale mellomalderromantikken",skriv Vikør.

Vikør skildrar umgrepet folkemål soleis at det er grunn til å gå han nærare etter i saumane.Det er rett at det finst ein historisk og vedvarande skilnad millom ei målpolitisk lina som byggjer målsynet sitt på etymologi og eit målsyn som legg vekt på ortofoni.Det fyrste synspunktet kann umtalast som eit tradisjonalistisk eller høgnorsk synspunkt.Det andre vert gjerne knytt til samnorsksynet.

Kva for eit grunnlag er det den sokalla folkemålsretningi eller samnorsksynet byggjer på ? I sogesamanheng hev samnorsksynet ein samnemnar.Alle som vert tekne til inntekt for eller som hevdar dette synet ser ut til å vera kritikarar av høgnorsknormalen og nynorsk rettskriving ålment sèt.Burtsèt frå dette utgjer dei ei svært samansett og laus gruppering.Samnorsksynet freistar å femna um alt frå Knud Knudsens landsgilde daglegtale til Olaus Fjørtofts dialektlina.

Samnorsksynet er lite viljugt til å gjeva nynorsken status som talt normalmål eller som fastlagt språkstruktur i det heile.Det norskdanske målet derimot vert meir akseptert.Det er godtakande for ein samnorskmann å snakka nynorsknært norskdansk normalmål (radikalt bokmål).Men kor mange samnorskmenn tek på seg å snakka nynorsk normalmål ?

Lat me ikkje underslå at det finst samnorskmenn som skriv nynorsk.Dei skal ha takk for det. Men no nyttar ikkje Lars S.Vikør umgrepet samnorsksyn eller samnorskretning.Han nyttar derimot nemningi folkemålsretning. Her freistar han,slik eg ser det,å gjera seg samd med dialekttalsmennene i målrørsla.Dialekttalsmennene i målrørsla er svært mange.Kanskje er me alle dialekttalsmenn kvar på vår måte.Stutt sagt er dialekttalsmennene upptekne av å kunna nytta dialekten sin i alle tilknytingar.Dei viser frå seg nynorsken som yverordna norm,og identifiserar seg med det norskdanske målidealet.Dei fylgjest åt med den samansette samnorske målvengen,utan at alle av dei er klår yver det. For sjølve samnemnaren for samnorsksynet er å avvisa ein fast og konstant nynorsk standard i skrift og tale.Samnorsksynet kløyver målføregruppone,og danar måluppfatningar som fær folk i kjernestroki til å setja norskdansken til ideal når dei skriv nynorsk. Landsnamnssaki er eit spursmål um ein skal våga å insistera på ei høgnorsk/nynorsk tale- og skriftmålsnorm på same måte som den norskdanske sida gjer,eller um ein skal knesetja samnorsksynet.

Vikør meiner at nynorskseksjonen i Språkrådet lid nederlag um Noreg vert ståande som eineform i nynorsk.Me greider ikkje å taka konsekvensen av vår eigen ideologi,og ignorerar faglege og målpolitiske argument,hevdar Vikør.Dersom Vikør meiner at nynorskseksjonen er bunden til samnorsksynet,og difor må vedtaka Noreg burt frå eineformstatus,må me undra oss yver kvar nynorskseksjonen hev høve til å segja stopp,utan at dei kjem i konflikt med samnorskparagrafen til Språkrådet.Argumentet med at Norge-formi finst i nynorsk skriftliv,er eit viktigt døme.Me finn former som mennesker,merker,problemer i ubundi form av inkjekjønnsord og me finn bøygningar av sterke verb i presens av typen

finner,trenger,driver o.s.b i mål som gjev seg ut for å vera nynorsk.Prinsipielt sett vilde det vera det same å taka inn slike former i den offisielle rettskrivingi.A-endingane i hokjønnsord byrjar òg å verta utvatna.Ordformer som saken og loven er ikkje heilt uvanlege å sjå.Heit-ord slær ikkje igjenom hjå mange.Dei nyttar het istadenfor.Stutt sagt finst det grensor for kva samnorskideologien kann binda ein til å gå inn for ?

Vikør nemner millomalderomantikken og landsnamnet Noreg.Det kann vera sant nok at Norig/Noreg hev røter til gamalnorsk,men namnet høyrer vel so mykje til det kulturvernarbeidet som ungdomslagsrørsla og norskdomstiltaki reiste i byrjingi av 1900-talet.Dette kulturvernarbeidet umfatta langt frå berre nasjonalromantisk millomalderinspirasjon,men for at arbeidet skulde hengja saman laut ein nytta seg av både gamalt og nytt t.d. i saum og folkeviseleik.Men det er langt frå alle som hev teke del i slikt kulturvernarbeid.Gamle bygdetradisjonar i heim og yrkje hev gjenge i gløymeboki for ange.På same måte hev sermerkje i bygdemåli glide ut.Me kann ikkje slutta å driva med korkje kulturvernarbeid eller nynorsk målrøkt av den grunn.

No skal det segjast at nynorsken femnar vidare enn mange av tradisjonane innanfor klassisk og offentleg bygdelivstradisjon.Det skal heller ikkje nektast for at landsnamnet Noreg hev havt ein sterk kjensleappell nett innanfor den offentlege bygdelivstradisjonen.Vikør meiner at namneformer hev lite å segja for statusen til målrørsla.Det tykkjer eg er eit sogelaust syn.Han gløymer snemannen til riksmålsrørsla.Han gløymer namnestridane um Bjørgvin og Nidaros ? Stadnamnnormeringi etter nynorsken gløymer han òg.

Og kvifor var det so viktigt for riksmålsproffesor Seip og andre å argumentera for at Norge-namnet var runnen av heimleg rot ? Slike symbol skapar strid,og dei set gruppor upp mot kvarandre.Dei opnar for ein målstrid på mykje breidare frontar. Målfolket må ikkje gjera seg blyge for å halda fast ved slike symbol. Ein bør ikkje bøygja seg for intellektuelle argument som Vikør vil leggja vekt på.For slike argument kann vel ikkje vera anna enn argument som dei intellektuelle hev monopol på ? Samnorskdogmatikken er sameleis eit monopol for sjølvutnemnde intellektuelle.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag