YMIST

Eit kritisk blikk på Aasen-tunet

Nokre dagar etter opning med talar og fest i Aasen-tunet kom eg til Ørsta, og ein visitt til Nynorsk kultursentrum var høgt prioritert. Eg ville nytta gamle vegar og råser, og so snart det vart ein høveleg dag med godver gjekk eg frå "basen" min ved Hovdevatnet og tok av ved møbelfabrikken som ligg på ei jord ætta mi miste då grandonkelen min drakk seg frå gard og grunn. Hovdebygda soge- og velferdslag hev gjort eit framifrå arbeid med rydjing og opning av gamle vegar, og det gjekk greidt over Hovdelva og oppover mot Hovdåsen. Der var eg meir uviss, men trefte ein gamal kjenning og aktivist i sogelaget som rettleidde meg.

Det var ein fin tur. Vegen gjekk over enger og gjenom idyllisk småskog og kratt før eg kom til køyrande veg på venstre hand og nådde fram til Aasen-tunet.

Med få undantak hev eg havt liten sans for moderne arkitektur, men ein trimening, som i fyrstninga var skeptisk, hadde gjeve det nye verket hans Sverre Fehn god karakter, og eg ville møta det utan fordomar.

Det er kanskje for sterkt å segja at inntrykka og vurderinga mi var negativ. Men eg møtte ein bygnad utan varme: på meg verka det kaldt, hardt, stivt og keidsamt.

For meg, liksom for Gustav Indrebø, er Ivar Aasens landsmål og målreisinga "romantikk". Det er ei ovring av dei nasjonalromantiske straumdraga som på mange omkverve ytra seg sterkt og kreativt på 1800-talet. Byggverket hans Fehn hev ikkje fanga opp dette, det hev ikkje noko av den stødige venleiken, det klassiske og "monumentale" som sermerkjer Aasens språklege byggverk og dei beste av dikta hans.

Ivar Aasen-tunet er gjenomført uromantisk både utvendes og inne: kaldt, daudt og ikkje lite brutalt med desse store flatene med upussa betong. Men òg eit framifrå døme på kor gale det er å fantasera om ein eigen nynorsk kultur. Han er ein meiningslaus konstruksjon, same kva Garborg og direktør Grepstad hev mælt og skrive om emnet.

Modernismen, som Aasen-tunet er eit arkitektonisk døme på, hev ingen norske røter, like lite som andre ovringar som naive nasjonalistar reknar som sermerkt norske.

Garborg er sjølv eit ypparleg prov på at teorien hans om dei to kulturane i Noreg ikkje heng på greip: so å segja alt han tenkte og skreiv bygde på idear han ikkje hadde sge av sitt eige bryst. Og hev ikkje dei fremste talsmennene for nynorsk om att og om att peika på at dei er like opne og europeisk orienterte som eliten av dei som skriv norskdansk?

Eg er langt ifrå negativ til Nynorsk kultursentrum, endå om eg ikkje kan rosa bygnaden for veinleik. Som andre moderne driftsbygnader verkar det hygienisk og funksjonelt, og det hev sin rettkomne plass og rolle dersom kvaliteten av det som skal ovra seg og falda seg ut i huset vert rimeleg høg. Eg vonar at direktør Grepstad i praksis ikkje vil satsa for sterkt på nynorsk kultur, for han er ei innbilling, men vil leggja vekt på ålmenn norsk kultur i eit globalt perspektiv.

Når det gjeld det nynorske målet, bør han sjå med opne, vakne og velviljuge augo på dei kritiske røystene som er organiserte i Ivar Aasen-Sambandet og som ytrar seg i bladet Vestmannen.


K.E. Steffens, 20040724

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag