YMIST

Aasen ein ressurs

Ottar Grepstad svarar på eit innlegg me hadde i Møre 18 november. Svaret hans er prenta 18 desember. Grepstad hevdar at me rettar all merksemd mot den nynorske formi : Korleis nynorsk bør skrivast ? Det meiner me at me ikkje gjer. Sunnmøre Vestmannalaget hev eit allsidig syn på språk, og ynskjer ikkje å gjera seg til nokon monolitt. Det som gjer oss usamde med Grepstad er likevel framfor alt at me hev ulikt syn på korleis nynorsken skal sjå ut. Men grunnen til at me legg vekt på dette er for at det skal verta lettare å taka nynorsken i bruk. Soleis er me og Grepstad samde um at nynorsken bør takast i bruk meir. Men Grepstad trur ikkje at vårt målsyn er vegen å gå.

Grepstad vil ikkje verta navleskodande. Han meiner at målorskifti uppgjenom åri hev vore navleskodande. Han vil ikkje retta all si gjerning mot 1950-talsspøkjelset og samnorskpolitikken med samnorsk. Det vil ikkje me i Sunnmøre Vestmannalag heller. Me vil taka målet i bruk. Det let seg gjera å fremja nynorsken i dag i pakt med dei ideali som Aasen la fram. Me vil ikkje at Aasen- tunet skal leggja all si gjerning i å driva ideologisk kamp for høgnorsken. Det me vil er at Aasens tankar skal framstellast på ein mest mogleg objektiv måte.
Og ikkje løynast burt utfrå det som hev vore rådande statleg målpolitikk.

Når sume målfolk snakkar um at dei vil nytta ein naturleg, moderne eller urban nynorsk, og segjer at dei tek avstand frå Ivar Aasens gamle og arkaiske mål er ikkje det objektivt. På same måte er det etter vårt syn når Grepstad segjer at det er viktigare å få unge gjentor til å nytta nynorsk på internett enn å diskutera Aasens mål og målsyn som visst ikkje hev noko på internett å gjera. Artig i grunn. Me såg nett ei heimesida for eit skisenter som nytta ordet "lekkjor" (bm: lenker). Målet elles var den sedvanlege nynorsken. Det skulde segja litt um at høgnorsken kann duga jamvel på internett. Når folk fær sjå nynorsk, same kva form det gjeld, so kjem målet i bruk. Eit anna døme Studentmållaget i Bergen laga ei spalta i studentavisa Studvest for nokre år sidan. Der lanserte laget nynorske avløysarar på ymse engelske dataord. Det kann synast som plukk for Grepstad, men slike små ting kann vera med på å auka fram statusen til nynorsken. Her kann nynorsken verta moderne, jamvel høgnorsken, for det finst ikkje andre ord for fleire av desse ovringane enn dei engelske.

Heilt fint at Grepstad vil ha opne dører og sleppa fram andre syn enn Aasens. Men skal ein orsaka seg kvar gong ein kjem inn på det Aasen stod for. Eller skal ein gjera det til ein resurs at Aasen hadde sine meiningar som andre hev vore meir eller mindre samde i ? Det finst eit utal av måtar å fremja Aasen på, men det må ikkje uppfattast som nokon motsetnad til å få fram kva andre stend for, og kva som elles kann skuva målreisingi frametter. Aasen var målmeisteren som sette upp mynsteret og heilskapen for nynorsken. Seinare kom alle dei som hev gjort nynorsken til det han er i dag. Grepstad må gjerne kritisera Aasen, men Aasen må få koma klårt og greidt til syne der det er sakssvarande at Aasen vert høyrd. Det gjeng ikkje an å avvisa Aasens syn som "uviktig" og "uinteressant" slik som Grepstad hev gjort i dette ordskiftet. Slikt høyrer ikkje heime millom målfrendar som er samde um alt anna enn rettskrivingi.

Olav Torheim, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag