YMIST

Ivar Aasen i kvardagslaget

Sunnmøre Vestmannalag hev merkt seg at Ottar Grepstad hev uttala seg um kva Aasen-tunet skal meina um målet. Tunet skal vera nøytralt,meiner han. Alle skal kjenna seg heime. Her let det til at Grepstad vil tekkjast alt og alle, og det er godt og vel. Men dei fleste vil vel vera samde um at det finst ein kjerne av kunnskapar og innsyner um Aasen som ein bør leggja vekt på. Og det vil vera uhistorisk å ikkje få fram korleis Aasen såg på måldyrking og målrøkt.

Grepstad meiner at målbrukarane lyt setjast yver målet sjølv. Den klassiske formuleringi til Olaus Fjørtoft ligg upp i dagen. Målet er til for oss, og ikkje me for målet. Utan målbrukarane hadde det aldri vorte noko mål, hævdar Grepstad.
Det kann vera rett nok. Men utan at ein legg målet inn under ei samordning og ein systematikk, slik Aasen gjorde, vert det ikkje rom for at kvar einskild målbrukar kann få utfalda seg. Aasens systematikk gjorde at folk vart vare det norske talemålet. Når Aasen laga samleformer som morgon og hovud av ei rad dialektformer, kunde alle finna att sin dialekt. Hadde han vald ei einskild form, hadde ikkje det hendt.

Det var denne samordningstanken Fjørtoft ikkje hadde sans for. Difor vart det uråd å lesa målet hans i lengdi, og han vart berre ein stutt episode i den tidlege målrørsla. Dei som forma og tok målet i bruk var ikkje kven som helst. Det var kunnuge folk som skapa stor kultur gjenom målrøkt.

Det som er offisiell nynorsk av i dag, talar ikkje sanningi um systematikken i Aasen-målet. Aasens målsystematikk stod seg ikkje mot den statlege samnorskpolitikken. Til dømes vart det gjort eit uskyneleg fylgjebrot i bøygningi av verbalsubstantiv av typen byggjing som skal heita bygging i offisiell nynorsk, endå det skal heita å byggja.

Sunnmøre Vestmannalag reknar med at Aasen-tunet vil lyfta seg yver dei teknokratiske samnorsktankane og presentera Aasen slik som han stod fram.

Olav Torheim, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag