YMIST

Korleis skal Aasen-tunet syna fram Aasen ?

Ottar Grepstad tek i Møre 6 november til motmæle mot eit par kritiske innspel til Aasen-tunet. Grepstad viser til kritikken frå K. E. Steffens. Steffens hevdar at Aasen vilde ha vore usamd i grunnleggjande delar av det som er dagsens språkstyring og målbruk.

Grepstad svarar med å visa til at ingen kann vita kva Aasen vilde ha meint i dag. Det legg han ut soleis at det er uinteressant. Det som derimot er interessant er kva Aasen-tunet kann, skal og bør bli. Det veit Grepstad noko um,segjer han.

Det er mogleg eg tolkar Grepstad for strengt, men slik eg tolkar Grepstad segjer han at det Aasen meinte ikkje kann yverførast til i dag. Aasen måtte ha levt og ytra seg i dag um han skulde ha vore interessant for målrørsla av i dag. Når me viser til det Aasen ytra då han levde, vert det å konstruera ein daud manns ettertankar, etter Grepstads syn.

Folk flest må få tolka Aasen som dei vil, og framstella han som dei vil. Men for ein institusjon som Aasen-tunet må det vel vera avgjerande å få fram kva Aasen stod for, og kva han arbeidde for då han levde. Då må det vera lov å spyrja um korleis Aasen-tunet og Grepstad vil løysa denne uppgåva, utan at ein vert avvist med at ein konstruerar upp kva Aasen vilde ha meint.

Aasen-tunet tek mål av seg til å vera samlande for alle nynorskbrukarar, same kva for ein nynorsk dei nyttar,skriv Grepstad. Det er tydeleg at det er ulike uppfatningar um kva Aasen stod for og arbeidde for. Skal Aasen-tunet ha truverde må det hevja seg yver tolkingar og få fram kva Aasen sa, gjorde og meinte i si samtid. Um det verkar provoserande å få fram kjensgjerningane attum Aasen, må Aasen-tunet likevel gjera sitt til å få fram sanningi kring Aasens liv og arbeid.

Um det er lite umtykt hjå sume at Aasen var måldyrkar og at han sette upp ein målsystematikk som mange i ettertid hev forlate, kann ikkje Aasen-tunet laga um på det Aasen stod for. Tunet må syna vyrdnad for tankane til Aasen, og leggja vekt på å nytta sermerkt og godt nynorskt mål. Noko anna vil vera å leggja seg flat for dei riksmålsfordomane som Grepstad vil kjempa i mot. Ein må spyrja seg :
Korleis vil Grepstad og Aasen-tunet syna fram Aasen ?
Kva for ein bakgrunn og samanheng vil dei setja Aasen inn i ?

Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag