YMIST

Lat oss reisa ideali

Nyleg kom det upp eit ordskifte um kva slags nynorsk det er Ivar Aasen-senteret i Hovdebygda skal stå for. Der ynskjer me i Norsk Målungdom (NMU) å få eit ord med i laget, Ulikt samnorskarar av ymist slag tykkjer me ikkje at me hev autoritet nok til å setja oss yver dei prinsippi Ivar Aasen tufta målreisingi på, og det er korkje alderen eller vantande faglege titlar som fær oss til å slå fast det. Høyr berre kva me skriv um nynorsk tale- og skriftmål i det utkastet til ny tuft som landsstyret vil leggja fram for komande landsmøte i NMU:

"NMU meiner at folk skal vera medvitne om talemålet sitt, og vil fremja friviljug talemålsnoirmering mot nynorsk og heimlege målføre. Dette kan hindra at målføra vert utvatna av bokmålstalen. Nynorsk normaltalemål hjelper fram det sermerkt norske i tala og skrift. Di fleire som nyttar normaltalemål, di høgare status og utbreidnad får nynorsken.

NMU arbeider mot tilnærming mellom bokmål og nynorsk. Me vil ha eit sermerkt norsk mål, fylgjerett og oversynleg, som tek opp i seg dei samlande draga og det rike norske ordtilfanget i målføra. Skal nynorsken vera levefør, lyt han tuftast på ideala frå Ivar Aasen, og ikkje lempast etter rådande straumdrag og trendar.
[...]
NMU går mot den nye læreboknormalen. Klassiske nynorskformer lyt få¨sleppa til att i skulen."


Med ein levefør nynorsk meiner me ein nynorsk som kann gjeva ny og varande framgang for målsaki, for "utviklinga" i dag gjer at me taper.
Ein fyresetnad for framgang er konsolidering i rettskrivingsvegen. Det krev at me gjev folk ideal for kva som er god norsk. Kva skal me henta desse?

Dei kann me henta hjå Ivar Aasen, i det nasjonale målsynet og typeformprinsippi. Mynstermålet bør vera det me finn i fyrre nynorskbibelen og salmeboki, eller hjå dei tri Olav'ane Nygard, Aukrust og H. Hauge. Slik kann me atter få nynorsk som eit alternativ til bokmålet, ikkje berre eit "alternativt bokmål".

Av dette fylgjer at me set oss mot den nye læreboknormalen som Norsk Språkråd (NS) skal vedtaka i februar. I god gamal samnorsktradisjon hev fagnemndi med Jan Terje Faarlund i brodden gjenge inn for å nedgradera ei rad tradisjonelle nynorskformer, millom anna skal linne inkjekynsord som auga, hjarta og øyra støytast ned i klammor. Likeins vert det med den umleidde formi born i fleirtal av barn. I dag er bøygningi auga-augo og barn-boarn jamstel auget-auga og barn-barn. Utanum desse einstaka dømi finst det flust med andre. Faarlund hev tidlegare sagt at "det er betre med dårleg nynorsk enn godt bokmål" og nytta slagordet til å opna for at hopetal bokmåls med fyre- og etterfeste på an-, be-, -heit og -else skal få sleppa til i nynorskordlista. Samstundes ser me at han vil forby oss nynorskelevane å lesa god nynorsk i lærebøkene våre. Skyna det den som kann.

Kor som er, um ikkje Ottar Grepstad og Ivar Aasen-Senteret vil taka upp kampen mot dette øydingsverket, skal dei vita at andre alt er godt i gang. Dei av dykk som framleides ynskjer ei nasjonal målreising og eit sermerkt norskt mål bør snarast melda dykk for Volda og Ørsta Målungdom.

Rune Lystad og Åsmund Fannemel, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag