YMIST

Språkrådet undergrev friviljugt målarbeid

Eg meiner at det er grunnleggjande å spyrja seg korleis ytre tilhøve,tilhøve i Samfundet, er fyrr ein byrjar å diskutera målpolitikk. Det er det nok mange som kann vera samd med meg i. Men me ser ulikt på samfundsspursmål mange av me som driv målarbeid. Eg hev min ståstad og er merkt av det. Eg skal innleida med nokre kritiske innvendingar til dei haldningane til samfundsspursmål som eg meiner hev verka sterkt inn på språknormeringi i lang tid.

Mange hevdar at målstriden er ein strid millom sosiale klassor,og um dei ikkje hevdar det so ligg likevel denne tenkjingi til grunn for det dei segjer og tenkjer um målpolitikk. Dette gjev seg uheldige utslag i språknormeringi, meiner eg.

Undertrykkjing

Det er vanleg å snakka um språkleg undertrykkjing. Målsaki hev vorte samanlikna med kvinnefrigjering og med den svarte borgarrettsrørsla og ikkje minst med sosialismens kamp mot sosialt elende/ undertrykkjing. Denne tenkjingi meiner eg ikkje er tenleg. Det vert sagt at folkemålet er undertrykt av yverklassa som nyttar norskdansk. Det kjem ikkje til sin rett. Og dei som hev økonomisk makt held vanlege folk og språket deira nede. Dette samfundssynet meiner eg vert statisk når det vert yverførd på målnormeringi. Det fremjar ikkje endring.

Er ikkje trass i alt kulturen og språket i prinsippet yverordna økonomien. Uppgjenom tidene hev det vore eit vekselspel millom den økonomiske eliten og folk flest. Når nynorsk folk ikkje trur det let seg å gjera å få med seg den økonomiske eliten let det seg ikkje gjera,for den økonomiske eliten vil ikkje koma til målrørsla av seg sjølv. Dei må ha ei drivkraft.

Dei som driv målnormeringi skal jamnast ha det til at dei representerar folket eller at dei hev sett og skyna kva som er det folkelege målet eller liknande. Det florerar i slike ordleggjingar i målpolitikken. Den eine målpolitikaren etter den andre hev gjort seg til talsmann for folket. Men er det råd å fanga inn folket. Kann ein segja at målnormeringi skal vera folkeleg ?

Er det råd å lata folk flest styra målet. Etter mitt syn er dette ein illusjon. Dei som hevdar at dei skal byggja målnormeringi på det folkelege målet byggjer seg upp nokre idear um kva dette inneber,og dei freistar å få underbygd dette. Men til sjuande og sist er det so mange uppfatningar ute millom folk at ein kann finna grunnlag for å hevda kva som helst.

Dei som hevdar denne folkelegdomsideologien danar seg eit falskt medvit um kva som er folkeleg. Til slutt vert det berre til at dei viser til seg sjølv og sine eigne synspunkt som dei gjev ut for å vera representativt for det folkelege. Dette er ei andsvarsfråskriving etter mitt syn.

Eg trur me høgnorskfolk hev ein stor fyremun. Me stend for noko,og me er ikkje redd for å segja frå kva me meiner. Me hev eit einskaplegt mål. Me hev ein tradisjon for å nytta dette målet på friviljugt grunnlag. Denne tradisjonen er 80 år gamal. Dette er ei utgangsstoda som motstandarane vår ikkje kann sjå burt frå.

Dei som hevdar at dei arbeider for det folkelege målet vil ofte understreka at dei er for at folk skal få uttrykkja seg so lett og greidt og naturleg som råd. Dei vil understreka at det er trong for mangfelde i rettskrivingi,slik at folk flest skal kunna finna seg att i målet.

Eg vil m.a. peika på at mangfelde lett kann føra til atomisering både av målet og av målpolitikken. Det let seg i det heile ikkje sameina med å fremja kultur. Kulturen må ha nokre konstante og yversynlege element. Elles vert det berre kaos. Utan ein viss konstans og yversynlegdom kann ein ikkje heller snakka um at ein hev eit demokrati. For eit demokrati krev at folk kann taka standpunkt millom ulike alternativ,og ikkje minst det krev at folk skal kunna vinna gjenomslag for andre syn enn det som er rådande. Folk må kunna uttrykkja uppfatningar som er rekna for å vera forkastelege for mange av dei som stend for dei offisielle haldningane i politikken. Høgnorsken hev ein konstans.

Likskapstenkjing er eit anna lykjelord for dei som hevdar ein sokalla sosial argumentasjon i målstriden. Den økonomiske eliten skal ikkje få noko monopol på å uttrykkja seg i sitt eige mål. Alle skal ha lik eigedomsrett til det språket som fell naturleg for dei. Difor må alle kunna skriva slik som dei talar. Snakk dialekt skriv nynorsk. Snakk som du talar. Denne liksskapstenkjingi held ikkje i praksis. Folk vil ha eit einslaga mål. Di mindre folk les og skriv,di vanskelegare vert det for dei å venja seg til nynorsken. Og sume tider veit eg ikkje um det hjelper å lesa og skriva heller. Det er ikkje visst at ein vert klok av dei mange variantane av nynorsken som ein ser i skrift. Utfrå likskapstenkjingi skulde vel heller målet vera einslaga,sånn at det vart lettare å byggja bru millom høg og låg i samfundet.

Det som var tilsikta med samnorskpolitikken var at ein skulde få fram eit mål som var i samsvar med talemålet til arbeidarane på same tid som ein ikkje gjekk for langt burt frå det som vart rekna for og var målet til den økonomiske eliten. Det ein i staden uppnådde var at målet til arbeidarane,slik det kom til uttrykk i samnorskformene kvesste til dei sosiale motsetnadene. Dette var neppe tilsikta frå dei ivrigaste samnorskfolki på målsida,men det vart utfallet.

Kven er det me treng å vinna fram til i dag ?

Det er vel ikkje til å sjå burt frå at det er viktigast å kjempa for å styrkja nynorsken millom skuleelevar og studentar. Dei som er eldre hev som oftast teke so klåre standpunkt til målsaki at dei ikkje let seg rikka. I det norske samfundet i dag hev snart burtimot 100 % av den uppveksande slekti 12 års skulegang. 40-50-prosent av folkesetnaden i t.d. Oslo hev høgare utdaning. Desse gruppone er svært kunnskapsrike, og mange av dei hev evna til å tileigna seg kunnskap på eit høgt abstrakt plan. Det er ikkje den sosiale utrustningi som hemmar desse gruppone i å nytta nynorsk,um dei fyrst vil.

Norskfaget

Kven er det so som legg premissane for at folk flest skal kunna læra nynorsk ?

Når eg diskuterar målsak med andre studentar hev eg inntrykk av at dei er sterkt forma av den læraren dei hadde i vidaregåande skule. Sume segjer beint ut at dei hadde ein lærar som ikkje lika nynorsk og at dei ikkje hev lært det dei skulde pga. læraren. Lærarane kann få skuldi for so mangt. Ei kjensgjerning er det iallfall at den undervisningi som lærarane gjev i skulen er målpolitikk i praksis. Det er ikkje nokor nøytral gjenomgang,og det kann ikkje vera det heller.

Dei som er mest kritiske til nynorsken vil segja at nynorsken stel tid frå resten av norskfaget. Dei kann køyrast på at dei må segja kva som er viktig i norskfaget. Når dei då kjem inn på norrønt og talemål. Kann ein spyrja dei kvifor dei skal læra dette. Er det ikkje viktigare at dei lærer nynorsken ? Talemål og norrønt skal vera ei hjelp til å setja seg inn i nynorsken. Samanhengen i norskfaget er lagt upp for å tena nynorsken. Skal noko takast burt er det ikkje nynorsken,men det må vera noko gale med den undervisningi som skal stydja upp um norskfaget.

Kor som er i andre tilfelle kann me møta dei som segjer at dei hadde ein god lærar eller som iallfall hev tileigna seg store kunnskapar i norskfaget. Kva er det dei flinke og engasjerte elevane hev lært ? Langt på veg er det ei lang forsvarsrekkja for å sleppa å taka standpunkt til nynorsken. Talemålsundervisningi skulde gjera elevane medvitne um samanhengen millom nynorsken og målføri,men det gjer ikkje denne undervisningi. Elevane kann vera so kunnige som ein professor i norrønt og dialektkunnskap og ha eit målføre som er so likt nynorsken at det kann varma kvart eitt nynorskhjarta som høyrer det. Likevel kann dei argumentera ihuga for bokmålet. Me snakkar so forskjellig,so me kann ikkje velja nynorsk vert konklusjonen for mange utfrå talemålsargumentet,likskapstenkjingi,mangfeldedyrkingi osb.. Skulde me tala slik som me skriv vilde det berre ha vorte kaos,heldt dei fram.

Korleis ser då sume på nynorsken som eit levande alternativ ? Ein gut eg tala med sa det råkande. Då eg var liten las eg ein del på nynorsk. Det var umlag som um eg las svensk eller noko. Det var heilt rart å lesa norskdansken att etterpå. Men nynorsk er ikkje naturleg alle stader. Det var naturleg der eg las det. Og det er naturleg i visse fjernsynsprogram,men ikkje yver alt. Halfdan Sivertsen syng på dialekt. Han kann ikkje syngja på nynorsk.

Slike språkhaldningar er høgst utbreidde. Det er desse haldningane som lyt setjast til veggs. Då trur eg at me må bryta yver tvert med det sosialistiske tankegodset som hev vore farleidgjevande for målrørsla i lang tid. Høgnorskfolk må stella seg i brodden for eit levande alternativ.

Eg meiner at språk er personlegdomskonstituerande. Det er med på å skapa ein personleg integritet og ei tilhøyrsla. Språkval kann vera eit val um personleg tilhøyrsla til ein stad,til ein nasjon eller for den saks til ein religion. Språket gjev ikkje minst grunnlaget for korleis kvart einskilt menneske skal uppfatta seg sjølv og den røyndomen det lever i. Språket knyter seg til ideal,hugmål og til visjonar.

Desse ideali og visjonane må me arbeida for å nå. Då må me gjenom sannkjennings- og daningsprosessar. For meg heng språket saman med ein danings- og ein sannkjenningsprosess. Det norske målet gjev oss innsyner som me ikkje kann få gjenom norskdansken. Norskdom er eit stikkord. Den norske nasjonen er bygd mykje på norskdom. Det hev vorte ei æresak å insistera på visse serdrag ved det norske. Språket og soga hev spela ei sentral rolla i denne identitetsbyggjingi.

Djupast sett vil eg hevda at norskdomen er uløysande knytt til høgnorsken,som er eit levande alternativ til norskdansken. Eg meiner at høgnorsken og høgnorskbrukarane må knyta band millom kvarandre gjenom talemålsnormering og gjenom den meiningsproduksjonen dei kann skapa når dei tileignar seg kunnskap. Ideali me hev i høgnorskrørsla må nyttast til tenkjing um språk og samfund. Nokre lykjelord i so måte er språkteknologi,ytringsfridomsspursmål,byidentitetsutvikling og utdaningssamfund.

Ikkje minst meiner eg det er viktig å saumfara rådande haldningar til nynorsken gjenom å diskutera med folk utanfor målrørsla. Korleis kann kvar og ein av oss gjenom våre sannkjenning- og daningsprosessar spreida kunnskapar um språk som gjer at folk vil velja og taka i bruk det norske målet ?

I det moderne samfundet som me lever i er språket vorte eit viktig sannkjenningsgrunnlag. Rett og slett avdi fleire menneske nyttar seg meir av språk enn nokon gong tidlegare. Folk søkjer seg mot språklege ideal og modellar,men dette er lite uttrykt i ålment ordskifte. Kvar er grunnlaget for denne søkjingi ?

Kva er det for fyrebilete folk ynskjer å ha for skriftmålsbruken ? Langt på veg er det økonomien som set premissane for denne søkjingi. Språket skal vera teknisk intrumentalistisk. Kort sagt det skal vera ein tenleg bodskapsformidlar.

Men sume tenkjer på språket som meir enn det. Språket er ein del av identiteten til mange. Dei møter språket i mange ulike rollor. Oftast som språkkonsument. Gjenom å konsumera språk danar ein seg ein språkleg identitet som vert prøvd upp mot dei rollone ein spelar som språkleg aktør. Det er ikkje uttrykte ideal millom folk flest. Dei hev vendt seg til at slik skal det vera,og gjev seg med det. Me må ha uttrykte ideal.

Folk flest nyttar norske dialektar til dagleg. Men kva for ein skyldnad hev folk til å halda fast ved dei norske dragi i talemåli. Hadde me ikkje havt Ivar Aasen og landsmålrørsla vilde folk då ha brydd seg med å halda uppe det norske målgodset i dialektane ? I Danmark hev dei berre gjort det i liten grad. I Sverike hev dei fleire stader drive beinhard talemålsnormering i rikssvensk. Det norske målet og i serleg grad høgnorsken hev gjort dialektane til noko viktig til eit grunnlag for ei moderne sannkjenning. Systemi i dialektane hev vorte ståande,endå um norskdansken trengjer seg på. Folk flest hev norskdansken til ideal for målbruken sin,men dei gjev ikkje slepp på viktige talemålsformer.

At folk ikkje gjev slepp på talemålsfomer viser at det på ein eller annan måte er bygd upp sperror mot norskdansken. Norskdansken er so systematisk i utakt med dei norske talemålsprinsippi, som Indrebø tala um,at han vert uppfatta som antinasjonal. Trass i at nordmenn flest reknar norskdansken for norsk,vert han unasjonal når han kjem i strid med serdragi i dialektane.

Dette er ei moderne uppfatning. Fyrr norsken hadde arbeidt seg fram som eit alternativ til norskdansken såg ikkje folk flest noko prinsipielt gale i å nytta norskdansken i tale jmf. t.d. klokkardansk. Det må soleis vera noko med sannkjennings- og daningsprosessen gjenom norskdansken som sperrar for at norskdansken kann verta godteken som eit nasjonalmål på lina med svensk i Sverike og dansk i Danmark. Språket gjev oss ikkje den same ærekjensla og den same samlande identiteten. Norskdansken sløver oss rett og slett i sannkjennings- og daningsprosessen. Skal ein vera kreativ gjenom språket må ein kanskje fyrst av alt taka til med kjenslone og kjærleiken til språket. Målet må vekkja draumar som kann mana ein fram til personleg innsats og slit i arbeidet med å tileigna seg målet.

Norskdansken vekkjer ikkje kjenslor,kjærleik og draumar. Desse dimensjonane er det vel som fær mange av oss til å verta glad i høgnorsken. Når fleirtalet i fagnemndi i Norsk Språkråd ikkje ser dette,meiner eg at det er min og vår skyldnad å segja frå.

Eg meiner at me skal breida ut språket i kraft av det nasjonale,sermerkt norske, i kraft at språket skal vera grunnlag for moderne og kreativ meiningsproduksjon. Skyldnaden til å breida ut og få folk til å velja og taka i bruk høgnorsken er knytt til dei dimensjonane som språket vekkjer i danings- og sannkjenningsprosessar. Skal språket berre vera ein bodskapsformidlar kjem ein ikkje langt. Me konsumerar språk, og me nyttar språk. Me er språklege aktørar både munnleg og skriftleg. For at me skal henta inspirasjon til å gjeva språket vårt serhått må me knyta språket vårt upp til kjenslor,kjærleik og draumar. Me må kunna yverføra språk frå tale til skrift på ein måte som gjev oss ein heilskapleg identitet,slik at me ikkje møter språklege sperror som hemmar den kreative uttrykksevna.

Med å gjera nynorsken til eit underbruk av norskdansken,og med å gjera seg upp ei meining um kva som er tenleg for folk flest undergrev ein den retten folk flest må ha til å utvikla språket sitt på sjølvstendig grunnlag,so fær språknormerarane um me treng slike,systematisera det som vinn fram. Når språknormeringi hev brote med høgnorsken og einskapen og samanhengslovi i målet,so er stoda kaotisk og uyversynleg. Og ho vert det endå meir når ein legg upp til at ei rad former som samsvarar med norskdansken skal førast inn. Og ikkje minst undergrev fagnemndi den retten målrørsla må ha til å møta folk til å organisera seg og til å samla seg um å utvikla meiningar um språk. Det er på tide at me fær ein diskusjon um samanhengen i norskfaget og um korleis me målfolk vil at faget skal vera for at det skal fremja utbreidingi av det norske målet.


Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag