YMIST

Gløym ikkje nynorskelevane

20.12.94 svarar Leif Rune Hausvik på eit innlegg frå Steinar Øksengård.Hausvik er for språkdelte lærebøker,og dei argumenti han målber er prisverdige.Vestlandske Mållag meiner like fullt at språkdelte lærebøker må avvisast.Hausvik let ikkje til å ha sett seg inn i stoda for nynorskelevane.

Det er ein klår interessemotsetnad millom å ynskja at bokmålselevane skal få lesa meir nynorsk og å fånynorskelevar til å halda fast ved nynorsken i den vidaregåande upplæringi.Nynorskbruken hev auka i dei siste 20-åri.Ei orsak til at fleire skriv nynorsk er at ein hev fenge fleire vidaregåande skular i dei nynorske kjerneumrådi og at målrørsla hev vunne gjenomslag for at nynorskelevar skal ha rett til å få nynorske lærebøker til same tid og til same pris som bokmålselevane.Dersom nynorskelevane ikkje fær det same tilbodet som bokmålselevane hev i dag,vil fleire av dei koma til å velja bokmål.

Hausvik meiner at elevane manglar "fortrolighet med skriftkultur".Det fører til at elevane gjer skriftlege feil,hevdar han.Men nynorskelevane hev eit tilleggsproblem.Dei skal ikkje berre vera godt inne i ålmenne

rettskrivingsreglar,som gjeld likt for bokmål og nynorsk.Dei skal itillegg ha evna til å meistra detaljar i nynorskrettskriving.Dersom dei skal ha høve til å nytta nynorsk som hovudmål,er det eit minstekrav at lærebøkene er på nynorsk.

Bokmålselevane hev ikkje det same trongsmålet som nynorskelevane.Dei vil alltid høyra og lesa si målform i alle slags tilknytingar.Um det skulde vera ynskje um språkdelte lærebøker for bokmålselevar,so fær ein arbeida for det frå bokmålshald.Vestlandske Mållag meiner kor som er at nynorskelevane hev rett til parallellutgåvor av lærebøker på nynorsk.Det kostar å halda uppe det språklege mangfaldet i Noreg,men me tener på å ha tvo skriftmål som tevlar um å vera best norsk.


Lars Bjarne Marøy, 20040623

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag