YMIST

Norsk mål eit livande alternativ

Helge Sandøy som er medlem i fagnemndi i Norsk Språkråd hev svara offentleg på fleire påstand som eg m.fl. hev fremja i pressa den seinste tidi. Det hev m.a. kome svar i Bergens Tidende 12 februar. Eg hev kome med kritikk mot fagnemndi i nynorskdeildi i Norsk Språkråd av di nemndi hev lagt fram tvo framlegg til å godkjenna ord som er vanlege i norskdansken, men som det ikkje hev vore vanleg å nytta i norsk. Dei fleste ordi er ord av slaget anbeheitelse. Sandøy finn åt målfolk som talar um norskdanske ord. Han forsvarar framleggi frå fagnemndi med tilvising til Venås-tilrådingi.

Venås-tilrådingi vart lagd fram i 1984, og hev ført med seg at sume svært fåe ord på m.a. anbeheitelse hev vorte klarerte til bruk i ordbøker og ordlistor. Sandøy freistar dessutan å svara på påstand um at framleggi til einskildord som fagnemndi vil tillata i norsk vil føra til fri flyt av ordtilfang frå norskdansken.

Målrørsla gjer ein durabeleg bommert med å tala um norskdanske ord når ein dryfter ord som betale og krets osv. Ein skapar då ein identitet eller allianse millom folkemålet og norskdansken imot norsken og norsken vert lett ståande att for seg sjølv som eit bokspråk. I all offensiv argumentasjon for norsk legg ein vekt på at det er samsvar millom talemålet og norsken. Då bør ein ogso taka det argumentet ålvorleg når ein normerer språket, dvs. vurderer kva ord som skal inn i ordbøkene, hævdar Sandøy.

Etter mitt syn ser Sandøy suverent burt frå skriftmålstradisjonen. Han tek ikkje umsyn til at folks uppfatning av språk i høg grad er styrd av skriftmålstradisjonen og ikkje av talemålet.

Eg meiner at norsken må verta eit levande alternativ til norskdansken. Kva meiner eg med eit levande alternativ ? Eg meiner at byfolk som nyttar norskdansk i dag skal uppfatta det som knot å skriva norskdansk. Skriving er den mest systematiserte formi for normering som finst, um ein ser burt frå rein talemålsstandardisering. Når byfolk skriv, godtek dei norskdansken som ideal. Det påverkar språkuppfatningi deira. Det er snaudt anna enn tilvising til og undergjevnad under skriftmålet som fær moderne byungdom t.d. til å taka det norskdanske ordet hvilken i munnen. Norskdansken er levande i kraft av talemålsidealet. Norsken hev ikkje noko talemålsideal. Difor er ikkje norsken eit levande alternativ. Me treng ein sams vilje um å hevja fram skriftmålsdrag i talemålet, og me treng folk som ser på norsken som eit ideal for talemålet og for den personlege målbruken sin. Med talemålslina til Sandøy vert norsken eit bokspråk !

Å tru at folk kann velja seg fram til eit språk som ligg under for norskdansken, utan at ein diskuterar korleis ein skal skapa eit levande alternativ er daudfødd. Me målfolk som talar um norskdanske ord skapar ikkje ein allianse millom "folkemålet" og norskdansken. Me slær berre fast eit faktum. Det er ein ting å leggja vekt på det norske i talemålet til folk når ein argumenterar for norsken. Det er noko heilt anna å segja at visse delar av dei ordi som folk nyttar i daglegtalen under press frå norskdansken må inn i norsken.

Når bygdefolk skriv norskdansk skjer mykje det same som med byfolki. Og når bygdefolk og byfolk les norskdansk fær dei tilfang til den normaliseringi som ber til når dei skriv. Folk tenkjer ikkje på at det norskdanske idealet påverkar skriftmålet deira. Men det skjer, og det er med på å gjeva oss meir språk som er likt norskdansken, og det tener ikkje målrørsla. Det er fyrst når ein støyter på folk som nyttar norske ord og norske former at ein stussar. Då kann ein endra vanar og språkhaldningar. Dersom me ikkje torer hævda norsken når norsken vik av frå norskdansken og å hevda sernorsk målgods heilt ut, gjeng det tråare med målreisingi enn det treng gjera.

Skriftmålet er styrt av tvang. Skuleelevar kann ikkje velja kva som er rett språk. Dei vert styrde av tavlespråket til lærarane eller etter det dei kann finna ut gjenom skriftleg tilfang som t.d. ordbøker og ordlistor. Er elevane i tvil må dei triva til norskdansken. Mange som hev lært norske ord i skulen er redde for å nytta dei av di dei ser dei so sjeldan i norsken. Di sjeldnare dei fær sjå norske ord, di meir uviss vert dei på um dei kann nytta det og det avstikkande ordet. Denne tendensen vil verta sterkare, um ein slepper til fleire norskdanske ord. Når fagnemndi vil sleppa til ord på -else sluttar folk å bry seg um norsken, meiner eg. Det kann verta lagnadstungt. Å visa til ei frekvensordbok er usætande på minst tvo måtar. Utvalet til boki inneheld berre visse delar tekst. Ordtilfanget hev vore lite eller ikkje normert fyrr Venåstilrådingi, difor veit me lite um kva ei slik normering vil få å segja i lengdi.

Aasen-tradisjonen i norsk målreising bygde på friviljug tilslutnad. Dei som ikkje vilde fylgja Aasens purisme hadde fritt fram, men det var den puristiske lina som skapa brennhug for målsaki. Uppmodingane og tilrådingane frå førande meiningsdanarar i målrørsla studde upp um den puristiske lina. I all den tid norsken hadde framgang i skulen var den puristiske lina i målreisingi mest einerådande. Dei kreftene som såg meir skeptisk på å driva målrøkt var ikkje sterke nok.

Sandøy meiner det er feil å tala um fri flyt av norskdanske ord etter dei tvo framleggi frå fagnemndi. Han viser til Venås-tilrådingi. Ho vart vedteki som mandat for fagnemndi i 1995. Fagnemndi fylgjer berre upp Venås-tilrådingi, segjer Sandøy." Viktigaste retningslina er at ein skal ta opp vanlege folkemålsord, og særleg slike som ein ikkje lett kan sjå skal vere "ikkje-heimlege" ord. (jamfør krets og løfte. )" Men ein skal "leggje vekt på kor sterkt dei står i talemålet," heiter det i tilrådingi. Det hev fagnemndi gjort, og ordi det er gjort framlegg om er levande dialektord i storluten av landet, t.d. antyde, befolke, evvinneleg, kjedeleg, krets, løfte og strebe. Derimot er det ikkje gjort framlegg om beferde, besvær, lutter, segne, skjød osv. fordi dette er ikkje ord som står sterkt i folkemålet, hævdar Sandøy..

Kor mykje det hev havt å segja at Venås-tilrådingi vart sett upp som formelt mandat for fagnemndi, skal eg ikkje ha sagt. Men Venås-tilrådingi hev kor som er vore premissleverandør for normeringi sidan ho vart fyrehavd på årsmøtet i språkrådet i 1984. Det er dessutan ei kjensgjerning at det ikkje var fleirtal i fagnemndi for å tolka Venås-tilrådingi slik som Sandøy gjer no fyrr i 1996. Då kom det inn representantar som er meir opne for å sleppa inn norskdanske ord. Det er ti år sidan det vart gjort framlegg um so mange norskdanske ord som det er snakk um no. Fagnemndi av 1996 fører oss soleis inn i eit målpolitisk lineskifte. Det nyttar ikkje å svalla seg burt frå det.

Etter mitt syn må det vera upp til norskmålsbrukarane, serleg viktuge meiningsdanarar, å visa at norsken er eit levande alternativ til norskdansken. Då vil det verta tydeleg at det målpolitiske lineskiftet åt fagnemndi av 1996 er ei avsporing.


Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag