|
|
|
|
YMIST
|
|
|
|

|
Lat oss gjera norsken synleg
Jan E. Byberg, ein av medlemene i fagnemndi i Norsk Språkråd, hevda i ein
artikkel i heftet: Korleis bør nynorsken sjå ut ? (utgjeve av Noregs
Mållag) og i Norsklæraren nr. 5 1993 :
Men då den nynorske skrifttradisjonen har vore såpass veik at han i liten
mon har makta å setja sitt preg på folks talespråk i ordtilfanget,må me vel
berre ta konsekvensane av dette og seia at i det lange løp fører denne lina
ikkje fram.
Det Byberg meiner er at meiningsdanarar innanfor den norske ålmenta skal
slutta å bry seg so mykje med den puristiske tradisjonen innanfor norsken.
Elevane kjem dei norskdanske ordi fyrst i hug, og det same gjer dei aller
fleste som skriv norsk. Då er det urimeleg å påleggja skuleelevar og andre
norskskribentar ein sensurinstans der dei må vurdera um dei kann bruka
einskildord.
Skriftmålstradisjonen hev vore for veik til at han hev kunna påverka
talemålet til skuleelevar og andre målbrukarar noko nemnande,hevdar Byberg.
Men denne synsmåten er ikkje so liketil,for den målreisingstradisjonen som
hev vore prega av målrøkt hev luka ut ord frå anbeheitelse. Anbeheitelse-ordi
er høgst synlege,men det er ikkje dei norske avløysarane. Norskdansken hev
vorte påverka av dette,men når uppnorskingi vart for kunstig under
samnorsktidi etter 1938 kom det ein motstøyt frå dei norskdanske. Når ein
ikkje greidde å få norske ord inn i norskdansken, byrja mange
norskmålsbrukarar å gjeva upp. Men kvifor skal me gjeva upp ? Dette
spursmålet er like sentralt som kvifor skal me skriva norsk ?
Det er mykje mindre skilnad millom norsken og norskdansken i dag enn for
100 år sidan. Det er lettare å skifta til norsk skriftmål i dag, og norsken
kann nå ut til mange fleire i dag enn tidlegare. I dag finst det
heimenorsk/nynorsk litteratur innanfor alle fagumråde. Me hev ein so
umfemnande heimenorsk litteratur at me kann kosta på oss å uppmoda
profesjonelle skribentar til å driva målrøkt. Språk er ei vanesak. Mine
parolar til dei som brukar norskdansken er : Tenk dykk um. Les nynorsk
litteratur og skriv nynorsk. Bøker og rettleidingsskrifter kann de kjøpa hjå
Norsk Bokreidingslag på internett.
Lars Bjarne Marøy, 20040723Andre artiklar um same emnet
|
|
|