YMIST

Målreising eller kulturløysa

Jan Terje Fårlund svarar millom anna på eit innlegg frå meg i Klassekampen 7 januar.Fårlund prøver fyrst å koma seg fri frå påstandane um at framlegget frå fagnemndi vil innebera ei full liberalisering av ordtilfanget i norsk. Deretter hevdar han at framlegget skal fyrebyggja at norsken vert elitespråk. Vidare meiner han at norsken må normerast på eigne premissar. So kjem han med ein påstand um at dersom folk skal vera viljuge til å nytta norsken, må norsken vera open for vanlege folkeleg ord,utan umsyn til nasjonalt upphav.

Fårlund ivrar etter å taka utgangspunkt i folket og det folkelege. Nynorsken må ikkje verta eit elitespråk for profesjonelle skri bentar,og ei serinteressa for fagfilologar. Med profesjonelle skribentar vil eg tru at Fårlund meiner personar som fær pengar for å skriva. I fall profesjonelle skri bentar ikkje skal styra språkutviklingi, kva i alle dagar er det som skal styra språkutviklingi, Fårlund ? Um ikkje folk som fær pengar for å skriva godt norsk språk og som vert lesne av folk flest,skal styra språkutviklingi, kven skal kunna gjera det ? Nær sagt yveralt der norsk språk vert lese i avisor og blad er språket skrive av folk som fær pengar for å skriva det. Å bruka folket til å kvitvaska målpolitiske synsmåtar, er berre å skyva andsvaret for språkutviklingi i frå seg. Det er eit hendig grep,men i røyndi er det dei språkpolitiske meiningsdanarane som avgjer språkutviklingi. Fagnemndi er den viktigaste premissleverandøren for målpolitisk meiningsdaning.

Vanlege folks målsyn er prisgjeve dei synspunkti som meiningsdanarane deira hevdar. Når desse meiningsdanarane t.d. ytrar seg språkpuristisk, tek dei ikkje hemn yver soga,men dei skapar soga. Danske ord hev ikkje vorte meir utbreidde i dialektane kringum i Noreg dei siste åri. Det som avgjer ordvalet i dialektane er skriftspråket. Norskdansken hev vore like rådrik, um ikkje meir rådrik tidlegare. Det er upp til dei som skriv å avgjera kor mykje norskdansk målgods som skal inn i norsken. Dei profesjonelle skri bentane treng upplæring og tru på norsken.

Norsken hev endra seg frå Aasens upphavlege skriftmål, segjer Fårlund. Ikkje tale um. Norsken hev vorte endra,og dei som hev endra rettskrivingi og ordvalet i norsken hev i høg grad gjort det heilt medvite, eller dei hev vore styrd av målpolitiske meiningsdanarar.

Norsken må normerast på eigne premissar og ikkje negativt utifrå norskdansken,hevdar Fårlund. Endå ein gong må eg understreka : Danske ord hev vore utbreidde i talemålet sidan Ivar Aasens tid. Det norske skriftmålet hev ein heilt annan tradisjon,og det er denne skriftspråkssoga Fårlund vil taka hemn yver. Dei norske klassikarane som skapa servorne norske ord og som reiste det folkelege målgodset i litteraturen skal orsakast. Dei må puttast på museum. Det skal ikkje vera forbode å læra av klassikarane,men ein skal ikkje verta tilskunda til det heller. Det nyttar ikkje å taka talemålsutviklingi til forsvar for ei slik hemnakt ! Dette er ikkje offensiv målpolitikk. Det er kulturlaust.

Her kjem me til Fårlunds freistnad på å underbyggja at framlegget frå fagnemndi ikkje vil innebera ei full liberalisering av anbeheitelse. å godtaka norskdanske ord i ordlistor og ordbøker, vil føra til at dei vert meir nytta. Treng ein å godtaka norske ord for at folk skal tora å nytta dei ? Nei,folk flest nyttar dei ordi dei vil,og dei kjenner dei norskdanske ordi frå fyrr,difor er det uturvande å taka ordi inn i norske ordlistor og ordbøker. Når ein opnar for eit utval av ord, er det ingen som vil setja seg ned å læra seg kva ord ein kann nytta og kva ord ein ikkje kann nytta. Og skal dei slå upp for å sjekka alle dei norskdanske ordi i ordbok og ordlista,kann dei likso godt slå upp og finna avløysarar. Ein må arbeida med språket kor som er. Di fleire ord Språkrådet godkjenner di meir vanskeleg vert det for dei som vil skriva puristisk nynorsk. Dei fær sjå dei sernorske ordi sjeldnare.

Når sentrale målpolitiske meiningsdanarar som Fårlund er redd for å hevda eit puristisk målsyn fullt ut og fylgjerett, byggjer han vel i høg grad på ein påstand um at språk er kommunikasjon. Norsk skal vera eit bruksspråk, skriv han fleire stader. Men språk er mykje meir. Språk er m.a. uttrykk for nasjonal identitet. Det er nyttelaust å orsaka seg burt med at norsken er ikkje moderne eller naturleg nok. Når ein fyrst startar på ein slik runddans vert det vanskelegare og vanskelegare å få folk til å skriva norsk. Ein vert ståande å orsaka seg i staden for å argumentera for norsken. Ein puristisk norsk kann utmerka vel vera eit bruksspråk. Det spørst berre kva ein venjer seg til. Dei norskdanske skryter av Ibsen og Bjørnson når dei skal hevja fram kvifor deira målform hev greidt å halda seg. På målsida burde me ha vel so stor vyrdnad for dei som reiste fram norsken frå grunnen av Aasen,Vinje og Garborg m.fl.

Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag