|
|
|
|
YMIST
|
|
|
|

|
Eit naturleg norsk folk
Kva skal det verta tilrådd å skriva på nynorsk i framtidi ? Dette er eit
høgaktuelt spursmål etter at fagnemndi i Norsk Språkråd hev kome med framlegg
til nye retningslinor for normeringi av nynorsken. I framlegget til
normeringsprinsipp heiter det at :" Nynorsken godtek alle ord som er vanlege
i naturleg norsk folkeleg talemål". Kva for nokre tankar eller argument er
det som ligg bak dette framlegget ? Det er grunn til å sjå nøgje på desse
tankane og grunngjevingane.
Fagnemndi i Norsk Språkråd er samansett av ei gruppa på fire personar. Desse
fire er Helge Sandøy,professor ved universitetet i Bergen,Jan Terje Fårlund
er formann i nemndi og arbeider ved NTNU i Trondheim, Jan Byberg er målsmann
for landslaget for norskundervisning og åshild Nordstrand representerar
umsetjarane.
Desse fire hev framleggsrett for rådsmøte i Norsk Språkråd. På rådsmøte i
Norsk Språkråd møter det kring 20 personar frå ei rad institusjonar som
arbeider med nynorsk språk. Desse representantane utgjer nynorskdeildi av
Norsk Språkråd. Det finst ei tilsvarande deild for bokmålet. Møti gjeng fyre
seg ein gong i året. Neste møte skal vera i februar.
Dei siste åri hev dei tri mennene i fagnemndi lagt fram korleis dei vil at
nynorsken skal sjå ut i framtidi. I eit studiehefte som Noregs Mållag gav ut
skriv Helge Sandøy um nynorsk ordtilfang. Sandøy meiner at det er tvilsamt um
nynorsken er eit levande språk når standardspursmålet i nynorskupplæringi er :
Kann me bruka det ordet på nynorsk ? Sandøy meiner at folk på denne måten vert
utsett for stor uvissa um korleis dei skal bruka morsmålet. Konsekvensen må
vera at i staden for å føra upp nynorskord,og lata vera å føra upp bokmålsord,
må ein laga ei lista yver ord som er forbodne,hevdar Sandøy vidare.
Kva er det so som er faring;rleg med at skuleelevar og andre må arbeida med å
finna dei rette ordi ? Dansken hev heilt sidan Ivar Aasen henta inn tilfang
frå det norske målet. I språkbruken i samfundet i dag skjer det ei utflating.
Me tek inn latinske ord frå engelsken. I staden for å bruka norske
avløysarord som finst i hopetal nyttar me ord som situasjon,initiativ,
resultat,interessant o.s.b. Me tek dei ordi som er sams på norsk og engelsk
og gløymer dei ordi som er sernorske. Skal me greida å halda uppe eit tenlegt
og variert språk treng med å tenkja oss um. Kann nynorsken hjelpa
oss til det, er vel ingenting betre ?
Den historisk nasjonale argumentasjonen er bakgrunnen for forbodet mot
anbeheitelse. Ein hev luka ut ord som ikkje er rekna for å vera norske og
reist fram sernorske ord. Den argumentasjonen er avleggs hevdar Sandøy. Men
med den nasjonale argumentajonen vinn Norsk Målungdom nynorskbrukarar på
stader i landet der nynorsken ikkje hev stade serleg sterkt. Sandøy hevdar
elles at det alt hev kome inn so mange anbeheitelse ord at dersom ein skal
halda seg slavisk til denne ideologien kjem ein skeivt ut. Dessutan er den
sosiale argumentasjonen viktigast for Sandøy. Ein kann ikkje stengja ute ord
som folk brukar i talemålet.
Dette er kjernen i målsynet til Sandøy. Sandøy argumenterar for nynorsken som
eit språk for folk flest,underklassa i samfundet..Det er vel ikkje til å sjå
burt frå at det er viktigast å kjempa for å styrkja nynorsken millom
skuleelevar og studentar. Dei som er eldre hev som oftast teke so klåre
standpunkt til målsaki at dei ikkje let seg rikka. I det norske samfundet i
dag hev snart burtimot 100 % av den uppveksande slekti 12 års skulegang.
40-50-prosent av folkesetnaden i t.d. Oslo hev høgare utdaning. Desse
gruppone er svært kunnskapsrike, og mange av dei hev evna til å tileigna seg
kunnskap på eit høgt abstrakt plan. Det er ikkje den sosiale utrustningi som
hemmar desse gruppone i å nytta nynorsk,um dei fyrst vil.
Dei einaste som bryr seg um korleis nynorsken skal skrivast rett er vel
lærarane i skulen,universitetslærarar og skuleelevar og studentar som vert
underviste i norsk. Det nyttar ikkje å argumentera med at lærarane høyrer
til vanlege folk og underklassa. Kva so med dei som ikkje er teoretisk
flinke ? Bokmålselevane må læra nynorsk i grunnskulen,men på yrkjesskulane
hev det ikkje vore undervist i sidemål. Nynorskelevane på yrkjeskulane held
på nynorsken i vel so sterk grad som gymnaselevane. Yveralt skriv elevane
nett som dei vil,utan umsyn til reglar og rettskriving, med undantak av i
norskfaget.
Folk flest skal kunna nytta nynorsk utan store hindringar. Men nynorsken må
derimot ha forbod mot ord som høyrer heime i høgare sosiale lag. Det vil
vera eit uttrykk for den politiske fronten som nynorsken hev,segjer Sandøy,
og viser til ord som beriktigelse,beskikkelse og beskjeftigelsesmulighet.
Sandøy vil altso halda ute sume ord,men utfrå kva kriterium ? Fagnemndi gjer
framlegg um ord som værelse og aktelse. Desse ordi smakar av høgstil i
bokmålet på meg. Dessutan er nynorskbrukarane i ferd med å verta meir og
meir prega av å høyra til høgare sosiale lag. Dersom ein nynorskbrukar som t.d.
hev studert filosofi skulde ha hug til å nytta eit uppstylta kansellispråk
nyttar det ikkje å hindra han i det. Det einaste ein kann gjera er å
argumentera for noko anna. Um ein byrjar å gjeva etter vil bokmålet berre eta
seg meir og meir inn i nynorsken.
Det finst ikkje nokon sperror um ein fyrst byrjar å opna upp for anbeheitelse
i nynorsk rettskriving. Det er ingen grunn til å tru at nokon av dei høgt
utdana nynorskbrukarane som skal nytta nynorsken i framtidi vil vera huga på
å fylgja eit utval av bokmålsord som fagnemndi gjer på målpolitisk grunnlag
utfrå eit diffust prinsipp. Dersom det finst eit naturleg norsk folkeleg
talemål,finst det då eit naturleg norsk folk ?
Lars Bjarne Marøy, 20040723Andre artiklar um same emnet
|
|
|