YMIST

Nei til anbeheitelse!

Fagnemndi i Norsk Språkråd hev opna upp for ei rad ord med m.a. etterfeste -else. Framlegget skal upp på rådsmøte i Norsk Språkråd i februar. Kva mandat hev Språkrådet? Rådet skal verna um den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerar. Norsk Språkråd er statens rådgjevar i målspursmål. Rådet skal informera ålmenta og ymse institusjonar um kva som er rett og godt språk. Rådet skal fremja tiltak som kann auka kunnskapen um norsk språk. Rådet skal fremja toleranse og respekt millom dei som brukar norsk språk i ulike variantar. Rådet skal fremja tiln‘rming millom nynorsk og bokmål på lengre sikt,heiter det.

Med framlegget um å godtaka fleire ord på anbe og heit og i tillegg opna upp for -else hev fagnemndi i Norsk Språkråd i røyndi opna upp for at alle ord som vert nytta på bokmål utan vidare kann nyttast i nynorsk. Dette må heilt klårt vera i strid med retningslinone i lov um Norsk Språkråd. Rådet skal verna um den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerar. Rådet skal fremja kunnskap,og ikkje stella seg open for alle rangfyrestellingar som kann tenkjast mot nynorsk målbruk. Ei rangfyrestelling er at nynorsken ikkje kann klara seg utan etterfeste -else. å tillata etterfeste med heit og else i so høg grad som rådet gjer, er ikkje ein gong å fremja tiln‘rming millom nynorsk og bokmål på lengre sikt. Det er å skunda fram ei utvikling som langt frå hev vunne noko serleg innpass i nynorsk litteratur og pressa enno. Når det gjeld i -else er etterfeste -ing på frammarsj i norskdansken. Ingen snakkar vel t.d. lenger um utdannelse. Det heiter utdanning.

Etter vårt syn er det no på tide at Kulturdepartementet grip inn mot at fagnemndi i Språkrådet tek seg til rette i normeringsspursmål. No trengst det meir enn noko sinne at nynorsk skriftmål vert normert meg umhug og ikkje etter tilfellelege dragnader. Det rådet arbeider med er ikkje nøytralt normeringsarbeid. Det er språkpolitiske avgjerder som vedkjem framtidi for nynorsk skriftmål. Dette arbeidet bør Språkrådet yverlata m.a. til språkstridskreftene på nynorsksida å avgjera. Det kann vera grunn til å gauma etter når leidaren i Noregs Mållag slær fast at no treng nynorsken å få vera i fred.

Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag