YMIST

Fleirtal for antasta

No skal det verta adgang til å visa aktelse for å anerkjenna for folk flest at nynorsken angår dei. Fagnemndi i Norsk Språkråd hev havt møte og vil at folk skal kunna gjera anløp og anrop,og um dei vil kann dei gå til anskaffelse av fleire anslag på kva som skal verta lov å skriva på nynorsk. Anslagsvis kann ein anslå at folk kjem til å sleppa å anspenna eller anstrengja seg når dei skal skriva nynorsk i framtidi,for ingenting skal lenger få lov til å vekkja anstøyt(else) for noko språkøyra. Ein kann anta at antakelig vil det verta uråd å antasta nokon med å antyda at dei burde slutta å anvenda både anbe og heitelse. Ein skal vera so god og ikkje gjera vel,men avtreda på flekken. Er ein ikkje barmhjartig med å bøygja av for bokmåliseringi skal ein bearbeidast til ein vert mot umarbeiding eller andre nynorske avløysarar.

Innanfor dei minste bebyggjelsar der ein nyttar nynorsk skal ein vakta seg for fleirtalet i fagnemndi i Norsk Språkråd. Dei gilde karane i nemndi skal ha seg frabedt å verta hindra i å verta bedr›va,bederva og bedugga. Ein må bedyra for desse herrane at ein ikkje vert korkje vonbroten,nedsliten,tilsulka eller dilikt som dei vel vil kalla desslike. For nynorskland skal befolkast i byrjingi og ikkje begynnelsen merkeleg nok av folk utan dei store begåvelsane. Dei flogviti,genii eller beint fram gjevnadene i målr›rsla som reiste målet upp skal no berre heita for å vera begåva. Men i r›yndi eller verkelegheita som karane vil ha, kann ein belaga seg på at dei gamle begåvelsane ikkje beh›ver å verta belesne,for nynorsken skal berre belysast og nynorskbrukarane berre belærast utfrå det som er stoda i dag.

For dei som vil nytta soga som argument i målstriden skal ikkje benådast. Dei er ikkje bereiste i den moderne språkvitskapen måvita. No må dei besjelast og ikkje ikjøtast. Dei skal vera so snille og halda seg beskjedne på sidelina, for karane i rådet veit best når dei vil beskjera nynorsken frå å verta beskytta mot beanelseheit. Ein skal halda seg beslekta med det danske. Det vert eins bestemmelse,men enno skal det heita avgjerd eller anna.

Og ingen kann bestikkast til å betakka seg for slikt. Men den einaste dama i fagnemndi ho betenkte seg og sa nei til å betrakta dei mannlege bevegelsane som bidro til dei språklege bilaga som er ramsa upp her. Dvs. på eit undantak nær. Ho b›ygde seg for ordet antasta,og det kann ein jo forstå for å verta utsett for heile anbeheitelsen av tre brigdeville menn må vera litt av pårøyning.

Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag