YMIST

Fri flyt av anbeheitelse

Skal ord som anskaffelse,aktelse,begåvelse,betingelse og bevegelse m.fl. verta vanlege og tilrådde former i norsk ? Mange norskskribentar vil stussa når dei ser slike ord. Til no hev ord med slike etterfeste ikkje vunne hevd,men korleis vil framtidi verta ?

Det er ålment kjend at upptakingi av ord frå norskdansken hev ført med seg at folk er uvisse på korleis dei skal skriva norsk. Mange gonger kann sjølv velskula norskmålsbrukarar koma i stuss. Dersom ein skal fylgja det som er offisielt godteke hev ein so mange alternativ at ein kann verta ørvill.

Fagnemndi i Norsk Språkråd hev havt møte. Fleirtalet i nemndi vil m.a. sleppa til else-ordi som eg nemnde ovanfor. Framlegget frå fagnemndi skal upp på rådsmøte i Norsk Språkråd i februar. Dersom dette framlegget vert vedteke av nynorskdeildi i Norsk Språkråd vil det i realiteten føra med seg at alle -else-ord vert godtekne. Prinsipielt er det uråd å fylgja fleirtalet i nemndi når det godtek ord som t.d. aktelse,men ikkje tek inn eit ord som begynnelse. Er det vanskelegare å finna eit avløysarord for aktelse enn for begynnelse ?

Stoda for dei som skal læra norsk i skulen er framleis katastrofalt dårleg fleire stader. Norskdansken er rådande på lærebokfronten, og ofte må dei som skal læra norsk nytta lærebøker på norskdansk. Lærebokforfattarar vert pressa til å skriva uppmot norskdansken,og yveralt er det hindringar for dei som vil nytta norsk.

Kva er det so som styrer språkutviklingi ? Når språkutviklingi i all hovudsak fører til at norskdansken vinn fram,medan det norske målgodset gjeng attende,er det eit resultat av språknormeringi i norsken og av språkpress frå norskdansken. Skriftspråksreformene i 1938 og 1959 hev ført med seg ei tilnærming til norskdansken.

Gjenom skulen vert mange elevar tvinga til å skriva etter dei formene som er førde upp i ordlistone etter hovudformer i læreboknormalen og etter former som ligg norskdansken nær. Elevane skal ikkje få lov til å slå upp i ordlista,um dei er i stuss,for alt skal vera so lett og makeleg. Elles må det segjast at uppnorskingstillegget hjå Alf Hellevik er so mekanisk at det ikkje gjev rom for nyansar som krevst i språkbruken. Skal ein læra norsk målbruk må ein ha minst 10-15 avløysarar for kvart norskdanske ord,medan Alf Hellevik toppen hev 3.

Dessutan må ein lesa so mykje norsk litteratur at ein fær sjå dei norske ordi i bruk. Dei norske klassikarane alt frå Ivar Aasen og frametter til Olav H. Hauge må nyttast. Det må verta slutt på at målrikdomen i nynorske salmar og songar vert tilnærma til norskdansken. Argumentet her er at ein må gjera salmane og songane tilgjengelege for moderne lesarar. Men den einaste måten å gjera dei tilgjengelege på er ved å lata dei stå ubrigda,og lata lesarane og songarane få arbeida med å læra seg dei. Salmar og songar som hev vorte nytta i 50-100 år utan vanskar,hev dei siste 20-åri vorte umskrivne. Etter kvart vert det vanleg å tenkja at norskdansken må vera rettesnor for alt ein skriv. Logikken til fleirtalet i fagnemndi i Norsk Språkråd vil driva fram denne hjernevaskingi av norskmålsbrukarane heilt til norsken er totalt avskipa.

Fleirtalet i fagnemndi meiner at løysingi må vera fri flyt av norskdanskt målgods. Slepp etterfestet på -else til i norsken,so vil norsken vinna breidare uppslutnad. Anbeheitelse stengslone hev hindra norsken i å vinna fram til eit folkemål vil dei segja. I røyndi vil dei som skal nytta norsk språk etter desse friflytprinsippi missa fotfeste av di norskdansken er rettesnor for språknormeringi. Norsken er i framgang. Det er på høg tid at norskmålsbrukarane reiser seg mot språkpolitisk hjernevask.

Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag