|
|
|
|
YMIST
|
|
|
|

|
Bakgrunnen for anbeheitelse-striden
Kva skal det verta tilrådd å skriva på nynorsk i framtidi ? Dette er eit
høgaktuelt spursmål etter at fagnemndi i Norsk Språkråd hev kome med framlegg
til nye retningslinor for normeringi av nynorsken. I framlegget til
normeringsprinsipp heiter det at :" Nynorsken godtek alle ord som er vanlege
i naturleg norsk folkeleg talemål". Kva hev vore gjort tidlegare med
ordtilfangsspursmålet og anbeheitelse-ord ?
Lars Vikør gjev ei historisk framstelling av ordtilfangsaki i boki
"Språknomer i Norge, s134 -",og eg byggjer på denne framstellingi her. I
1981 sette Norsk Språkråd ned ei nemnd som skulde arbeida med ordtilfanget.
Bakgrunnen var innlegg i målpressa. Nemndi var kalla for Venås-nemndi etter
leidaren i nemndi. Nemndi la fram ei tilråding i 1983. Ho gjekk inn for å
varna um den norske skriftmålstradisjonen,men det vart peika på at
målpurismen skapa pedagogiske vanskar i norskupplæringi. Det var eit argument
som det vart lagd mykje vekt på. Nemndi gjekk inn for å at skuleelevane fritt
skulde få nytta norskdanske ord som ikkje stod i ordlistone.
Etter at det hadde kome sterke protestar frå fleire mållag på Vestlandet og
etter at nynorskdeildi i Norsk Språkråd hadde havt eit årsmøte i 1984 vann
nemndi i røyndi fram. Språkrådet vedtok ei fråsegn som sa at alle innlegg
og utspel i saki skulde leggjast til grunn for arbeidet vidare. Utfallet vart
at det vart laga og sendt ut eit rundskriv til skulane med det innhaldet som
nemndi hadde skissert. Det stend i Helleviks ordlista. Dessutan tok fagnemndi
seg rett til å godkjenna nye ord i nynorsk t.d. på heit etter ei individuell
vurdering. 25 ord på heit er godkjende av fagnemndi fram til no. Desse
spursmåli vart avgjorde endeleg av fagnemndi utan å verta lagd fram for
rådet,skriv Vikør.
Ordskiftet i dag vart innleidd i 1992 av Ragnvald Taule som sende ei lang
lista med ord som han vilde at fagnemndi skulde godtaka. Fagnemndi avslo, men
saki vart teken upp att i rådet. Det førde med seg at det vart eit ordskifte
i tidsskriftet Norsklæraren.
I 1996 vart det utskiftingar i fagnemndi i Norsk Språkråd. Dei
tradisjonalistiske målfolki, Bondevik og Venås, vart ikkje attvalde til
fagnemndi. Dimed fekk nemndi ei yvervekt av samnorskvenlege medlemer.
Jan Terje Faarlund sender alt i mars 1996 ut eit framlegg til fagnemndi der
set han upp 5 prinsipp som skal vera yverordna for normeringi av nynorsken.
Um ordtilfanget heiter det i punkt 5 : Ordtilfang og setningsbygnad skal
fyrst og fremst vera gjenstand for rådgjeving og rettleiing. Faarlund
utdjupar dette med å visa til ein artikkel han hadde i Norsklæraren nr.1.
1994. Her argumenterar han for å sleppa fri anbeheitelse-ordi. 14 november
1997 vedtok fagnemndi prinsipp for kva for nokre ord som skal sleppast fri.
Nemndi vedtok dessutan ei rad einskildord. 26 november hadde fagnemndi nytt
møte og vedtok nye ord. Og her er me inne i det ordskiftet som hev kome upp
no. I perioden millom 1984 og 1987 vart det vedteke 160 ord. Etter den tid
hev det berre kome til 19 ord. I år er det snakk um raskt rekna umlag 133 ord.
Det er soleis meir enn 10 år sidan at fagnemndi i Norsk Språkråd hev gjordt
eit so umfemnande framlegg eller vedtak som no.
Fagnemndi i Norsk Språkråd er i dag samansett av ei gruppa på fire personar.
Desse fire er Helge Sandøy,professor ved universitetet i Bergen,Jan Terje
Faarlund er formann i nemndi og er professor ved NTNU i Trondheim, Jan Byberg
er målsmann for landslaget for norskundervisning og åshild Nordstrand
representerar umsetjarane.
Desse fire hev framleggsrett for rådsmøte i Norsk Språkråd. På rådsmøte i
Norsk Språkråd møter det 21 personar frå ei rad institusjonar som arbeider
med nynorsk språk. Desse representantane utgjer nynorskdeildi av Norsk
Språkråd. Det finst ei tilsvarande deild for bokmålet. Møti gjeng fyre
seg ein gong i året. Næste møte skal vera i februar.
Lars Bjarne Marøy, 20040723Andre artiklar um same emnet
|
|
|