YMIST

Nei til språkkløyving - ja til meir nynorsk

Den politiske nestleidaren i Noregs Gymnasiastsamband Andreas Hole skriv um språkdelte lærebøker i BT. 9.12.Av innlegget gjeng det fram at Kyrkje-,utdanings- og forskinsdepartementet, KUF,vil nedprioritera utgjevingar av nynorske lærebøker.KUF vil i staden gå inn for at ein skal gjeva ut språkdelte lærebøker med halvdelen av bøkene på kvar målform.

Vestlandske Mållag er samd med Gymnasiastsambandet i at språkdelte lærebøker ikkje er ynskjeleg.Me ser sume fyremunar med slike lærebøker.M.a kann det styrkja kjennskapen til sidemålet for bokmålselevar.Menulempone veg tyngre for oss.Me meiner at nynorskelevane vil koma dårlegare ut med ei slik ordning.Dei fær alt for lite lesestoff på nynorsk alt no.Dessutan hev me røynsla for at den nynorske målbruken vert lagt uppmot bokmålet i samband med lærebokutgjevingar.Argumenti for ei einsidig tilnærming til bokmålet vil verta sterkare ved utgjeving av språkdelte lærebøker.Då fell mykje av fyremålet med nynorskbruken burt.Det kann òg vera grunn til å peika på at den faglege tileigningi kann verta tyngre når elevane må halda seg til tvomålformer i ei og same bok.Det vilde vore betre med reine bokmålsbøker og reine nynorskbøker.

Vestlandske Mållag er like fullt usamd i den språklege argumentasjonen som Andreas Hole legg fram.Dersom mange bokmålselevar er veike i sidemål treng dei meir trening i det.I eit forsøksprosjekt som vart gjort ved Laksevåg Gymnas synte det seg at elevane fekk betre sidemålskarakterar når dei fekk meir sidemålsundervisning.

I sumar hadde Johan Giertsen,som hev arbeidd som sensor i Juss i Oslo og Bergen,eit utspel i BT.Han konkludera med at elevar som nyttar nynorsk til juridisk embetseksamen,skriv gjenomgåande betre enn dei som nyttar bokmål.Han uppmodar endåtil bokmålselevar til å skriva nynorsk.

Vestlandske Mållag meiner at Gymnasiastsambandet argumenterar med fordomar.Desse fordomane er svært utbreidde,men vektige grunnar talar mot deim.

Vestlandske Mållag trur slike fordomar kjem seg av at det lenge var vanskeleg for ikkje segja umogeleg å få vidaregåande upplæring på nynorsk.Det er fyrst i dei siste 30-åri at målfolket hev byrja å vinna forståing for at nynorskelevar hev rett til å få vidaregåande upplæring på si målform.Mange fleire nynorskelevar hev fenge vidaregåande upplæring på nynorsk i dei siste 30-åri,og resultatet er m.a. at sume av dei skriv betre jussuppgåvor enn medstudentar som kann like mykje.P.g.a. den massive bokmålspåverknaden må nynorskelevane arbeida meir for å få utbyte av nynorskupplæringi.Når nynorskupplæringi vert like god som upplæringi i bokmål,kjem nynorskelevane betre ut innanfor jussfaget.Vestlanske Mållag meiner at elevar som fær god upplæring i nynorsk,vert flinkare til å skriva både bokmål og nynorsk.


Lars Bjarne Marøy, 20040623

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag