YMIST

Høgnorskdagane 99 - Ungdom med høgnorskstrategiar

Volda og Ørsta Målungdom skipa til høgnorskdagar i Bondalen grendahus utanfor Ørsta helgi 14-16 mai. Ungdom frå heile landet var samla. Kay Morten Aarskog helsa velkomen til samlingi. Fyrste innleidar var presten Svein E. Kvamsdal. Han tala um systematikken i høgnorsk, og viste mange gode døme på korleis Ivar Aasen greidde å finna fram til gode skriftmålsformer. Samanhengslovi var ei viktig lov for Aasen. Når det heiter segja segjer sagde hev sagt i Aasen-målet og i høgnorsk er det for at -g en skal visa att allstad. Det heiter å taka tek tok hev teke på høgnorsk. Her er samanhengen greid til namnordet tak. Men i offisiell rettskriving heiter det ta og tar og gjerne tatt attpå. Då vert samanhengen burte. Likeeins heiter det ei lid i namnordet lida lid leid hev lide og i verbet. I offisiell rettskriving bryt ein med samanhengslovi. Då kjem bokstavane inn på slomp. Andre viktige stikkord for Kvamsdal var ordskilnadsprinippet og kløyvd hokyn.

Neste fyredragshaldar var norsklærar Jon Buset. Han var uppteken av fleire sidor ved språket. Det bør gjerast noko for å få språket fram i det militære. Innanfor befalsutdaningi vert det rekruttert mange politifolk. Når nynorsken stend veikt i militærstellet gjeng det låkt med målet til politifolki òg,heldt Buset fram for møtelyden. Elles bør det satsast på å styrkja nynorsken innanfor dei tekniske fagi.

Buset hev arbeidt i skulen på sunnmøre i kring 30 år, og hadde mange røynslor å visa til frå arbeidet sitt. Det viktigaste for meg er at elevane lærer seg verbbøygning. Når dei er støde i verbbøygningi, er ein kome langt. Men fyrr elevane er det, er det knapt forsvarleg å gjeva seg inn på sidemålsupplæring. Ein må nytta ordlista pedagogisk. Det er fyremålslaust å slå upp i ordlista berre for å bøygja verb ein ikkje hev bruk for. Når ein slær upp i ordlista, må det vera for at ein skal ha praktisk nytte av henne.

Neste fyredragshaldar var Gunleiv Hadland. Hadland er historikar og museumskonsulent. Han gav uttrykk for at det var interessant å setja seg inn i soga um høgnorsken utfrå ei faghistorisk tilnærming. Han gjekk i rette med fleire dogmatiske synsmåtar innanfor høgnorskrørsla,so vel som innanfor målrørsla generelt. Det nyttar ikkje å segja nynorsken hadde havt framgang,dersom ein hadde innført høgnorsk. Det nyttar heller ikkje å segja at einskildpersonar som Gustav Indrebø kunde ha stogga attendegangen for nynorsken gjenom at dei stridde for høgnorsken. Men dei som kritiserar høgnorsken kann heller ikkje segja at høgnorsken øydelegg eller hev øydelagt for nynorsken. Ein må snakka um langt meir kompliserte prosessar enn som so. Me må ikkje lata oss freista av enkle og uhistoriske forklåringsmodellar. Hadland la elles fram konkrete analysar for høgnorskarbeidet i tidi frametter.

I ordskiftet etter Hadlands fyredrag vart det halde fram at sjølv um påstandar um at rettskrivingsbruk kann knytast til framgang eller attendegang for nynorsken, i seg sjølv ikkje kann segjast å vera meiningsfulle,so kann dei byggja upp mytar um kva som er mogleg eller ikkje er mogleg. Det kann i seg sjølv verka hemjande eller fremjande for målarbeidet.

Lars Bjarne Marøy,formann i Vestlandske Mållag heldt ei uppsumeringsinnleiding til ordskifte. Der heldt han fram at det er viktig å tematisera språkbruk innanfor alle samfundsumråde. Språk er viktig for sjukepleiarar,lærarar,oljearbeidarar,røyrleggjarar og kven som helst elles. Me må ikkje verta so trongsynte at me berre diskuterar rettskriving. Men rettskrivingi vår må vera noko sjølvsagt når me gjeng inn i ordskifte kring språk og språkbruk. Det var ålmenn semja um at høgnorskfolk må konsentrera seg um meir og andre ting enn å diskutera rettskrivingsspursmål med andre målfolk. Likevel må me halda fram med å skulera ungdom i høgnorsk og i-mål. Mange av dei som var til stades var glade for at dei hadde fenge høve til å tileigna seg høgnorsk,men dei sakna meir upplæring. Det er på tide at det vert gjeve upplæring i høgnorsk i skulen no.

Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag