YMIST

Høgnorskdagane 2000

Høgnorskdagane i Volda vart helgi 12-14. mai skipa til for tridje året på rad. Attum tiltaket stod Volda/ørsta Målungdom og Sunnmøre Vestmannalag. Målfolk i alle aldrar var samla for å lyda på fyredrag, og møtelyden talde eit tjugetals personar.
Fredagen var det innleidingar um norsk målsoga frå dei eldste tider og fram til i dag. Fyrst helsa Rune Lystad velkomen. So fekk innleidararane Klaus Johan Myrvoll og Anders Olsen ordet. Myrvoll tok seg av målsoga frå indoeuropeisk tid og fram til i dag. Han sagde at me hev tri viktige kjeldor til å læra noko um målet i Noreg og Norden på 200-talet. Det er 150 runeinnskrifter, nokre atterstødor i finsk og samisk mål og nokre av stadnamni våre. Det målet som vart nytta på 200-talet og frametter vart kalla for urnordisk. Millom år 500 og 700 er me inne i synkopetidi. Då fær me fleire endringar i målet knytt til ljodbrigde og bryting. Fleire ordstomnar endra vokaluttale og ord som «ertu» var til «jord». Me fekk eit skilje millom eit austnordisk og eit vestnordisk målvald. Det vestnorske heldt td på ei form som «ek» (seinare «eg»), medan austnordisk fekk bryting til former som «jag» og «jeg».

Den norrøne tidi er vorti knytt til tidbolken millom ca. 800 og 1350. Då hadde det norske målet si stordomstid, og det vart skapt mykje god litteratur på mange umkverve. Frå 1350 og utetter til 15-hundradtalet kjem me til slutten på den millomnorske perioden. I denne tidi trengjer det danske målet seg inn, og det siste brevet på norsk vart skrive i 1583. Landet vart no administrert på dansk, og det vart mykje innblanding gjenom embetsmannsættene. Det vart ikkje skapt nokon litteratur i millomnorsk tid.

Ivar Aasen stod fram som ein nasjonal målreisar. Han samla og integrerte dei norske dialektane og sette upp eit norsk mål. Dette målet bygde på sume hovudprinsipp. Dei kann stutt summerast upp som norskt mynster, sermerkt mål, alle målføreskilje atterspegla, «formen skal være een», logisk uppbygnad og samanhengslovi.

Etter fyredraget hans Myrvoll gjekk Anders Olsen nærare inn på desse prinsippi, og han gav ei rad med døme på korleides desse vart nytta i praksis.

Frode Jens Strømnes innleidde fyrst på laurdagen. Emnet for fyredraget hans var kognitiv språkpsykologi. Strømnes skisserte det tradisjonelle synet på språksystemet. Språksystemet vert i den tradisjonelle forståingi sett på som sekvensar av ord. Læra um språk vert då læra um ordi. Det vert vidare hevda at folk kann tenkja med ord. Ein kann tenkja på ting ein ikkje kann laga strukturmodellar av. Det hev matematikarar freista å prova. Språklæring er å læra ord heiter det. Berre proposisjonar kann ha sanningsverde i motsetnad til analoge strukturar som bilete og kart.

Innanfor kognitiv språkpsykologi hev det i dei siste 40 åri vore gjort etterrøkjingar som hev endra synet vårt på språk. Språket vert i ei slik forståingsråma bytt inn i tvo nivå, eit medvite og eit umedvite. Det medvitne, ordi, er adressor. Det umedvitne er mentale modellar.

Dei mentale modellane grupperar ting og hende utanfor mennesket. Adressone/ordi vert nytta til å finna ut kvar dei mentale modellane er i hjernen. Utanum det ber dei ikkje kunnskap i seg. Mentale modellar som ber i seg kunnskap um hende og ting hev alltid formlikskap med desse hende og ting. Mentale modellar er som alle andre modellar hende i ei rømd og kann difor skynast utfrå ei rømd.

Sinnbilete vart nytta til å fremja minne millom forsøkspersonar i ymse eksperiment frå 1957 og frametter. Desse eksperimenti hev vorte banebrytande for forståingi av det menneskelege språksystemet. Strømnes kunde visa til personleg forskingsrøynsla. Han hev vore i Finnland og studert tilhøvet millom svensk og finsk mål. Han viste til at finsk mål hev ei onnor mental fyrestellingsverd enn det svenske målet. Det hev gjeve seg fleire interessante utslag. Han og hans forskingsmedarbeidarar nytta fleire år på å koma fram til framstellingsformer for dei finske kasusi. Ved hjelp av biletlege uttrykk kunde dei få fram sermerke i språket. Soleis kunde dei letta målinnlæringi. Strømnes synte òg til at det var klåre skilnader millom indoeuropeiske mål og finsk mål. Dette hev vorte underbygt av forskingseksperiment som syner at indoeuropeiske mål forvirrar finsktalande. Slik målbruk fører til fleire arbeidsulukkor millom finsktalande enn millom svensktalande, når alle andre tenkjelege variablar vert haldne utanfor.

Strømnes gav prøvor på målinnlæringsmetoden som han og medarbeidarane hans hadde nytta. Det vekte stor interessa millom deltakarane. Ved byrjingi av det tjugande hundradåret var det dei som mælte imot at det fanst mentale sinnbilete. Grunnleggjaren av åtferdspsykologien Watson sa at dersom det fanst mentale sinnbilete var ikkje åtferdspsykologien rett, difor fanst det ikkje mentale sinnbilete.

I ordskiftet som fylgde kom mange gode innkast fram. Det vart millom anna sagt at um målet i eit land er med og skaper mentale fyrestellingar, kann ikkje desse fyrestellingane uttrykkjast like godt gjenom eit mål som er valt på slump. Det lyt vera det målet som er sermerkt for landet som kann få fram desse mentale fyrestellingane. Den norske målreisingi kann soleides utløysa ei stor skaparkraft som målstoda i dag held nede.

Håvard Tangen tok fyre seg ei lærebok i nordisk språkvitskap som han frå høgnorsk synsleite hadde sèt fagkritisk på. Han peika på at dei som hadde skrive boki var markante samnorskvener som hadde farga boki med sine synspunkt på målsoga. Han meinte det kom fram på ymse måtar. Dei hadde utelate tilhøve som hadde med høgnorskfolk å gjera. Dei drog ikkje fram den viktige rolla som Gustav Indrebø spela i målsoga på 1930-talet. Dei heldt dessutan undan upplysningar um det gode målarbeidet som Henrik Krohn og Vestmannalaget dreiv på 1860- og 1870-talet. Dei understrekar slike tilhøve som kann underbyggja samnorsksynet. Dei skriv verdiladde umgrep til tilhøve i målpolitikken. Til dømes set dei upp ulike språkformer etter ein politisk høgre- og vinstreakse. Den siste formi som samnorskarane nyttar er tilrengjing. Det hev millom anna vore skrive i ei norskbok at Ivar Aasen ikkje for lengre enn til Rana på granskingsferdi si, endå han for heilt til Tromsø.

Tangen etterviste fleire døme på at samnorsktilhengjarane hadde lagt for mykje av eigne synsmåtar inn i framstellingi i boki.

åsmund Strømnes tala um pedagogen Erling Kristvik. Han hadde kjennskap til Kristvik gjenom ei rad kjeldor. Kristvik arbeidde i Volda i 23 år. Det var likevel ikkje i Volda at Kristvik vart målmann. Det var på gymnas i Kristiansund. Der kom den gode venen hans, målmannen Olav Vevang i strid med riksmålsmedhaldsmennene på skulen. Då tok han kontakt med Kristvik og vilde at Kristvik skulde hjelpa han å argumentera mot riksmålsmedhaldsmennene. Det gjorde Kristvik, utan at han la nokon serleg stor trott ned i dette med ein gong. Han uppdaga likevel at bordet fangar. Han argumenterte so sterkt for nynorsken at han vart målmann.

Strømnes nytta tid på å visa attende nokre mistydingar som hev kome upp i den siste tidi etter at Kristvik hev vorte mykje umtala i den seinare tid. Det hev vorte hevda at Kristvik kunde vera ein stridsam mann, men han var ikkje av dei som tala i utrengsmål. Det hev vorte sagt at han var ein asosial einstøding.Han stogga ikkje upp for å prata med folk, men han var likevel ihuga til å koma på elevlagsmøte og lagde mykje arbeid ned i desse møti.

Kristvik var ingen strateg hev det vorte hevda. Men Kristvik fekk fleire gonger igjenom ting i undervisningspolitikken. I viktige prinsipielle saker hadde han ei god evna til å fremja m.a. interessone til høgskulen i Volda. Kristvik gjorde pedagogikken til eit sentralt fag i høgskulen. Kristvik skipa statsøvingsskulen i Volda, eit nybrotsarbeid som hev vorte underkjent.

Det hev vorte hevda at Kristvik vilde at foreldri skulde vera skulens uppdragsgjevarar.Strømnes peika då på at Kristvik sa at fleire og fleire heimar gav upp uppsedingi av dei unge. Kristvik meinte ikkje at foreldri skulde vera skulens uppdragsgjevarar. Det var dei ikkje skikka til å vera.

Det vart eit forvitneleg ordskifte etter fyredraget til Strømnes. Fleire av deltakarane vilde vita kvifor Kristvik vart tvinga til å forlata yverlærarposten ved Volda Lærarskule. Dette er for lite granska, men det er heilt klårt at Kristvik høgst sannsynleg vart pressa ut av skulen av politiske årsaker.

Arild Olsen heldt siste fyredraget. Olsen synte til ymse ovringar som er uppe i tidi og som vert yverførde utan at det ligg fyre skriftlege kjeldor i serleg mun. Det er då tala um traderingar av ymse slag kulturtilfang.


Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag