YMIST

Høgnorskdagane 2001

Høgnorskdagane i Volda og Ørsta vart avvikla helgi 23-25 mars. Programmet hadde lokal farge. Fredagen var stemnemugen samla på Møre Folkehøgskule. Der heldt Ivar Grimstad eit gildt fyredrag um Henrik Straumsheim som var rektor på Møre Folkehøgskule og som hev skrive fire finlitterære bøker. Grimstad tala varmt um den nære venen sin. Han meinte at Straumsheim var meir enn berre ein heimstaddiktar. Her fekk han motlegg frå sume av dei frammøtte. Dei meinte han hadde gode skildringar, men han vanta den ålmennmenneskelege dimensjonen i diktingi si. Han nådde ikkje vidare enn til Sunnmøre med diktingi si, vart det hevda. Ein av dei frammøtte hevda at Straumsheims dikting verka sterkt identitetsskapande.
Innimillom ordskifte framførde Svein Kvamsdal gitarspel, og han leidde til allsong med stort engasjement. Elles fekk møtelyden ei innføring i husbunaden og prydnadstingi på folkehøgskulen ved Odd Steinvåg. Lars Kinsarvik var lærar på Møre folkehøgskule og let etter seg sume rosemålingar og utskjeringar der.

Laurdagen heldt programmet fram på Røde Korshuset i Volda. Fyrste innleidar var Lars Bjarne Marøy, han tok fyre seg målsoga frå 500-2001. Der drog han fram utviklingi i målsoga utfrå eit verdshistorisk perspektiv. Dessutan la han vekt på bydanande faktorar. Ut frå dei kann ein analysera målsoga både i millomalderen og i samtidi. Dei fire bydanande faktorane han drog fram var kongemakt, kyrkjemakt, handel og handverk. Desse umkvervi hev alle stor påverknadskraft på den skriftmålsvoksteren.

I millomalderen frå umlag 1000-1300 var alle dei bydanande faktorane i favør av norsken. Kongemakti hadde interessa av å få skrive ned kongelege bragder, og på den måten tryggja ettermæle sitt. Kyrkjemakti bruka for det meste latin, men for å spreida kristeleg lesnad var òg morsmålet teke i bruk. Gamal norsk homiliebok er eit klassisk kristelegt verk. Likeins er det med den gamalnorske bibelen stjorn, som vart førd fram på norrønt mål heilt til kongebøkene.

Kring 1350 fekk me ei nedgangstid for det norske skriftmålet. Nedgangen hev vorte diskutert av mange granskarar. Granskarane hev lagt vekt på at mange skriftkunnige prestar døydde. Marøy synte dessutan til jordbrukshistorikar S. Hasund som hev hevda at attergangen i folketalet på bygdene gav mindre folketalsauke for byane. Det vart færre bybuarar som kunde fylla nye handelsfunksjonar i byane. I staden for at nordmennene kom til på nye handelsumkverve, kom tyske kjøpmenn frå Hansaen inn og tok handelen som nordmennene kunde ha havt.

Etter 1380 var kongemakti dessutan på framande hender. Det førde til slutt med seg at danskane bygde upp eit styringsverk i Noreg. Gjenom dette styringsverket kontrollerte dei skriftmålet i Noreg. Dette styringsverket voks seg med kvart so sterkt at det fungerte utan innverknad frå danskane, noko som gjorde seg tydeleg under blokaden 1807-1814. Som Kåre Lunden ettertykkjeleg dokumenterar i "Norsk grålysning", hadde eit eige norskt medvit vokse fram millom embetsmenner og byborgarar frå 1700-talet av. Den audmykjande Kiel-freden gav nordmennene høvet til å taka soga i eigne hender og skapa framtidi si på heimleg grunn. Utetter på 1830-talet kom ordskiftet upp um ikkje Noreg trong sitt eige skriftmål. P.A. Munch meinte me burde taka utgangspunkt i norrønt og reisa upp att det norske skriftmålet. Ivar Aasen, som med studnad frå bergensborgarane Christie og Neumann for land og strand ikring og samla i hop ord og segjemåtar, gjorde tanken til røyndom.

Marøy trekte inn eit samliknande perspektiv i resten av fyredraget. Han såg på korleis nynorsken vann fram frå 1850-1905 og korleis målreising vidare vann fram frå 1905-2001 med utgangspunkt i dei bydanande faktorane. Han avslutta med å syna til at teknikk og yrkesfag hev kome sterkt i framgrunnen i nyare tid. Dei siste 30-åri hev det vorte noko lettare å få tilgang til yrkesfaglege bøker på nynorsk.

Frode Jens Strømnes var neste innleidar. Han tok fyre seg korleis ein kann sjå på den samanliknande målvitskapen utfrå ei vitskapleg empiristisk tilnærming. Strømnes synte til at funnet av Rosseta-steinen på slutten av 1700-talet gav grunnlaget for tolkingsfreistnader og dechiffrering av egyptiske hieroglyfar. Han var skeptisk til um denne dechiffreringi på vestlege premissar kunde vera fulldekkjande.

Han meinte at lingvistikken avgrensa seg frå etterprøving. Lingvistikken opererar med ulike ljodlover som det ikkje er råd å prova eller motprova. Dei vert berre sette upp som dogmatiske kjensgjerningar. I den empiriske vitskapen er ein open for nye tankar, men tankane våre er ikkje rette. Dei er berre utgangspunkt for utprøvingar.

Med denne tilnærmingi gjekk Strømnes inn på utviklingi i den samanliknande målvitskapen. Den samliknande målvitskapen byggjer på samanlikning av mål i orienten og i vesten. Ein uppdaga utetter på 1800-talet at det var ein likskap millom desse måli. Men her må ein vera kritisk til at desse granskingane byggjer på at ein hev tenkt seg ein konstruksjon av eit indoeuropeisk urspråk. Dette indoeuropeiske målet veit me inkje um. Men lingvistane hev bygt på ljodlover som dei hev sett fyre seg.

Det kapitale missteget hev vore at lingvistane ikkje hev sett upp ein alternativ hypotese. Den naturlege alternative hypotesen utfrå ei empirisk tilnærming, vil vera at det ikkje finst noko indoeuropeisk mål. Ein må gå gjenom ord og ordlag utfrå den tilnæmingi at det ikkje finst eit indoeuropeisk mål, likso vel som utfrå hypotesen um at det finst eit indoeuropeisk mål.

Strømnes meinte at den samanliknande målvitskapen tok utgangspunkt i at ein del ord som var like likevel ikkje hadde sams upphav. Dette gjorde lingvistane av di dei meinte at ulike ljodlover ikkje tillet eit slik utvikling frå urspråket. Strømnes peika på at det kunde gå fyre seg ei yverføring utan umsyn til dei dogmatiske ljodlovene.

Han synte gjenom ei rad døme at ein kunde koma til rangslutningar gjenom den tradisjonelle lingvistikken. Til dømes vil lingvistane meina at ved hjelp av sume ljodlover kann gresk og latin segjast å ha same ordet for ei eldre ovring. Kritisk etterrøkjing av til dømes metall viser at dersom ljodlovene ikkje er reelle, vil denne slutningi vera rang. Då er det meir logisk å sjå fyre seg at metallurgien hev sitt upphav i orienten og ikkje i millomhavslandi.

Utfrå den samanliknande målvitskapen slik som den hev vorte praktisert kann ein millom anna peika på at ein kann sjå på ord for fenomen som må ha funnest i urspråket. Til dømes kann ein finna ord som tyder ku, men ein treng ikkje finna ord for mjølk og mjølking. Då må ein slutta at dei som nytta urspråket kjende til kyr, men ikkje til mjølking

Ei liknande slutning kann ein gjera med umsyn til stein og flint. Stein og flint må ha funnest i urspråket, men ein finn ikkje fram til nokor sams form for desse fenomeni i urspråket. Då må ein slutta at folk som nytta urspråket ikkje hadde kjenskap til stein eller flint. Det segjer seg sjølv at det vert ein absurditet.

I ordskiftet som fylgde hævda ein av tilhøyrarane at Strømnes ikkje kunde avvisa den rådande lingvistikken so lenge han ikkje sjølv kunde tilby ei alternativ forståingsråma . Uppgåva til den humanistiske vitskapen er å konstruera og ikkje å dekonstruera. Humaniora må ha nokre dogme um kva som er mogleg og kva som ikkje er mogleg.

Per Myklebust tidlegare rektor ved Volda lærarhøgskule heldt eit fyredrag um Erling Kristvik. Han tok fyre seg biografien åt Kristvik. Han var usamd med dei som vilde gjera Kristvik til ein vestlandslærar. Han vilde heller setja Kristvik inn i ein større samanheng. Han såg fyre seg Grundtvig som ein tidleg pedagogisk autoritet og som ein sjølvstendig tenkjar. Han såg likeins fyre seg Dewey med arbeidsskulen. Dinest kjem Kristvik som ein original tenkjar knytt upp til parentalismen. Ein seinare teoretikar som fylgjer i den same tradisjonen er Hans Skjervheim som utvikla den sokalla kritiske pedagogikken. Denne pedagogikken hev seinare vorte vidareutvikla med Erling Lars Dales forsking.

Myklebust avviste at det var noko beinveges kontakt millom Kristvik og Skjervheim. Han vilde òg gå i rette med påstanden um at Kristvik hadde lese Emile Durkheim. Kristvik var ikkje serleg huga på å lesa fransk. So eventuelle likskapar byggjer på parallell tenkjing heller enn på medviten yverføring.

Det vart eit interessant ordskifte etter innleidingi hans Myklebust. Umgrepet parentalisme vart problematisert av fleire talarar. Ein av talarane spurde um Kristvik var prega av rådande uppfatnignar med umsyn til kynsrollor. Det er klårt at Krisvik var av den meining at kvinnone skulde vera forsvarar av heimen. Det låg til deira natur å vera sosiale og byggjande med grunnlaget i huslyden. Mannen hadde derimot ein snyltarhått.

Kristvik såg fyre seg at kvinnone kunde markera seg i samfundslivet, men fram for alt skulde dei verna um heimen. Det var gjenom heimen og uppvekstsvilkåri for borni at kvinnone serleg vilde ha noko å segja for samfundsvoksteren.

Johannes Volle tala um målrøkt. Han summerte upp mange års arbeid i skulestellet med at dette var eit sysofos-arbeid. Når skuleelevar fær velmeinte raude strekar i bøkene sine tek dei det som ei krenkjing av deira identitet og dialekt. Me hev eit rikt mål og det finst eit utal av ord i målet vårt. Store diktarar som Wergeland og Hamsun hev nytta meir enn 30 000 ord. Ordbøkene hev ei mykje større mengd av ord. Dei ligg der heilt utilgjengeleg for dei fleste.. Vanlegt intelligente målbrukarar kann nytta upp til 9000 ord og forstå tri gonger so mange. Det finst med andre ord mykje å taka av. Når me er born, lærer me stødt nye ord. Men so ein gong i livet tykkjer me at me hev lært nok og sluttar å læra.

Nyhendemålet er prega av at ein skal nytta ord som er so lettfattelege som råd. Det fører til eit flatt og einsidugt mål med mange banale attergangarar. Det heiter sjokk og raskt i nyhendemålet. Avløysarordi kjem heller sjeldan fram i sendingane.

Under høgnorskdagane kom det fram ei rad kritiske motlegg til korrekturlesingspraksisen i norske forlag, serleg i Samlaget. I Samlaget vert målet berre låkare og låkare. Det skal mykje til for å få Samlaget til å nytta god norsk som regel vert kritikk mot bokmålisering avvist som konservativ bokstavkløyving.

Volle gjekk gjenom mange ord frå bokmålet som hev ete seg inn i nynorsken og som mergstel målet. Målet vårt er so ilt ride av bokmålet at møtelyden vart i frå seg yver upplesingi. Volle meinte at mange skribentar og autoritetar var plaga av ordlistefobi. Svein E. Kvamsdal sa at dei fleste av dei bokmålsordi som Volle hadde drege fram var uturvande i nynorsken, avdi nynorsken verbaliserar. Dessutan kann me bruka eit utal av avløysarord. Det vart synt til den ordskatten som finst i ordbøkene.


Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag