YMIST

Språkkløyvde lærebøker av økonomiske grunnar

Leif Rune Hausvik svarar på eit innlegg frå meg 3.1.1994.Innlegget frå Hausvik er utdjupande og nokouppklårande.Eg vil beda um orsaking for at eg ymta um at Hausvik ikkje hadde sett seg inn i stoda fornynorskelevane.Men eg er framleis usamd med Hausvik i synet på språkdelte lærebøker.

Eg hev skyn for at ein lærar må arbeida for språkleg toleranse og vidsyn.Språkstrid kann ikkje vera nokomål for undervisningi.Hausvik peikar lauseleg på at det berre er nynorsksida som tykkjest å ha lov til å hevda at deira målform er mest norsk.Eg vil få understreka det eg skreiv i mitt innlegg 23.12.94. :" ...me tener på å ha tvo målformer som tevlar um å vera best norsk."

Hausvik minnar um at mange nynorskelevar ikkje fær bøkene sine til rett tid,og at det fører til at nynorskelevar skifter hovudmål.Han meiner dessutan at nynorskelevar kjøper bokmålsbøker,fordi bokmålsbøkene er lettare å selja.Han argumenterar for språkdelte lærebøker med å visa til at " ...ingen vil måtte velje lærebøker,verken ut frå idealistiske eller økonomiske vuderingar." Problemet med atdei nynorske lærebøkene ikkje kjem tidsnok er 30-40 år gamalt og vel so det.I sumar truga Noregs Mållag med å gå rettens veg for å få parallellutgåvor av ei rad lærebøker.Trass i at forlagi hev fenge statssubsidiar til nynorskelærebøker,greider dei ikkje eller vil dei ikkje greida å gjeva ut dei lærebøkene som trengst.Det er vanskeleg for målrørsla å fylgja upp ei slik tilsidesetjing av nynorskbrukarar i dag.Dersom ein innfører språkdelte lærebøker,vert det endå vanskelegare.Forlagi kann skulda på at dei ikkje hev greidd å få nok nynorskstoff.Dei kann pressa nynorskdelen ned mot 40 prosent og under,utan at målrørsla kann bøta på det på ein verksam måte.Når bøkene ligg fyre er det for seint.Det er dessutan svært innfløkt å rekna ut prosentsatsar for dei ulikebøkene.

Det er ikkje umogeleg å selja nynorske lærebøker.I dei åri det ikkje kjem nye lærebøker er det billegare å kjøpa nynorske lærebøker brukt enn å kjøpa bokmålsbøker i bokhandelen.Men eg ser klårt at år med nye lærebøker kann føra til bokmålskjøp og meir sal av brukte bokmålsbøker til seinare årskull av nynorskelevar.Dette er eit problem som me i målrørsla må arbeida med. Vestlandske Mållag ser like fulltikkje at dette "økonomiske" argumentet er nokor grunngjeving for å innføra språkdelte lærebøker.

Dei språkdelte lærebøkene i samfundsfag er meint å vera ei prøveordning .Kva er det ein vil finna ut med denne ordningi ? Slik Vestlandske Mållag hev uppfatta utspelet frå departementet um denne ordningi,er det snakk um å lodda stemningi for språkdelte lærebøker.I ein del mindre fag hev ein havt språkdelte lærebøker i fleire år. Leidaren i Norsk Målungdom tek upp røynslone med språkdelte lærebøker i ein leidarteig i meldingsbladet til Målungdomen :" Røynslene med dei språkkløyvde lærebøkene so langt er at bokmålselevar ermisnøgde med å måtta lesa ein del nynorsk,og soleis ikkje tykkjer om bøkene." Vestlandske Mållag fryktar atdepartementet vil taka slike haldningsytringar til inntekt for å avslutta prøveordningi ved fyrste høve.Me fryktar òg at ordningi med parallellutgåvor på nynorsk vil verta veikt etter at prøveordningi er avslutta.Dei faglege og pedagogiske måli med tiltaket hev me ikkje høyrt noko um frå departementalt hald.Det er økonomiske grunngjevingar som hev stade i framgrunnen.Det lovar ikkje godt korkje for målrørsla eller for norskfaget.


Lars Bjarne Marøy, 20040623

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag