YMIST

Målføregrunnlaget for høgnorsken

Med jamne millomrom fær me høyra at høgnorsken ligg langt undan talemålet og difor høver han ikkje til skriftmål her i landet. Sume gjeng so langt at dei hevdar at høgnorsken skil seg ut frå fleirtalet av dei norske målføri. Ein kann visa burt slike synsmåtar med å segja at talemålsnærleik ikkje er noko endelegt mål for skriftmålet vårt. Me hev andre grunnsetningar og mynsterbilæte som me set høgre. Det er kann henda det lettaste og greidaste, men eg tykkjer ikkje ”talemålsvenerne” i Noregs mållag skal få einrett til å avgjera kva for ein nynorsk som fylgjer talemålet og ikkje. Er det sant at høgnorsken ligg so fjerra frå fleirtalet av målføri som mange likar å hevda? Og kva slags samband er det millom høgnorsken og målføri?

Skal me finna svar på desse spursmåli, må me ganga åt honom Ivar Aasen og sjå korleides han gjekk fram då han skriftfeste det norske målet, sidan grunnsetningarne hans for korleides eit skriftmål skal byggjast upp hev fenge so mykje å segja for høgnorsken og høgnorskrørsla. Usemjor millom høgnorskingar og andre målfolk gjeng ofta på korleides han Ivar skal tolkast elder um kor mykje synsmåtarne hans skal telja for målstrævet i dag. Det vert naudsynt å setja høgnorsken upp mot den statleg godkjende nynorsken som me vert bodne i dag, og sjå um ”talemålsnærleiken” i det sistnemnde målet held stikk.

Når eg nyttar umgripet ’målføre’ meiner eg dei hevdvunne målføri som hev vakse fram or det gamalnorske talemålet, og som ættar beint frå dette målet. Alle desse målføri hev fenge ein serhåtta vokster, so me kann ikkje sjå til dansk elder andre mål når me skal tyda honom ut. Det finst fulla døme på lån frå framandmål i målføri, men dei er ikkje so store at dei hev skipla den grunnleggjande bygnaden dei hev sams. Dei skilnaderne som finst er berre skilnader på yta: formerne i kvart målføre svarar nøgje til einannan. Det kjem sjølvsagt av at målvoksteren fylgjer serskilde reglar og mynster. Alt dette gjer målføre til noko heilt anna enn slumpesam talemålsskifting.

Grunnen til at eg legg so mykje vekt på å få sett fram desse tingi klårt og greidt, er at det finst andre og i sume stykke motstridande syner. Attåt gjer talemålsstoda i dag, med mykje bokmålspåverknad og den vinglingi og ustøda som fylgjer med, at det vert naudsynt å koma med ei slik avgrensing. De skal vita at eg legg noko radt anna i umgripet ’målføre’ enn den talemålsrøra me ser ikring oss i dag.

Unge Høgre og ”språkrasisme”

Ein utbreidd fyredom mot nynorsken er at han er eit vestlandsmål, og at han berre i liten mun byggjer på austlandsmålføre. Med denne trui sluttar mange at nynorsken ikkje høver yver heile landet. Fyredomen er mesta like gamal som nynorsken sjølv. Fyrst ut med å hevda det var han Johan Storm engelsk-kjennar på 1890-talet.[1] Av di fyredomen er so gamal, hev han gripe sterkt um seg. Det at nynorsken i dag vert nytta mest på Vestlandet, gjer ikkje saki noko likare.

Fyredomen um den tidlege innsnevringi i grunnlaget åt nynorsken kom klårt til synes i ei pressemelding som Oslo Unge Høgre sende ut i samband med framstøyten deira mot sidemål våren 2000. Dei skriv m.a.:

Ivar Aasen kan kalles en ”språkrasist”. Han diskriminerte østlandske dialekter fordi han mente at de var språklig forurenset av både dansk og svensk. [...] Det er langt fra rettferdig at Oslo-elever skal tvinges til å skrive et mål laget av en mann som mener deres språk er en dansk bastard.

Denne utsegni byggjer på rein vankunna um korleides ting heng i hop. Når ein kjenner soga um honom Ivar Aasen og nynorsken godt, vert det vonlaust å høyra på grunngjevingi åt Unge Høgre. Han Ivar kann ikkje på nokon måte kallast ”språkrasist”. Han var i staden den som tok det norske målet på ålvor då han reiste upp att eit norskrøtt skriftmål etter at me hadde vore forutan i mange hundrad år. Han tufta landsmålet på alle dei norske målføri, og lét ikkje eitt einskilt elder nokre fåe målføre få meir å segja enn dei hine. Det ligg i namnet òg; han kalla det ikkje ”bygdarmål” elder dilikt, men landsmål – eit mål for heile landet. Dersom ein set seg inn i storverket hans Ivar, ser ein at han gav det nye skriftmålet rette namnet. Han fann fram til den skriftlege samnemnaren som alle målføri kunde ganga upp i. Han lyfte fram dei sams dragi i norskt mål.

Han Ivar Aasen og hans veg

Skal me skyna at han Ivar bygde på alle dei norske målføri då han sette saman landsmålet, lyt me ganga til målsoga og sjå korleides han gjekk til verks i stort og smått. Kunnskap i målsoga er heilt naudsynt skal me skyna målstoda i dag, og skyna kvifor han Ivar valde som han gjorde.

Då han Ivar tok til med verket sitt hadde norskt skriftmål vore utdøytt i mange hundrad år og dansk hadde vorte det einrådande skriftmålet i Noreg. Det hadde mange medverkande orsaker. Sist på 1300-talet kom Noreg i samlag med Danmark, og me vart etter kvart eit lydrike i den danske staten. Det hende samstundes som det norske talemålet brigda seg snøgt, og det gamalnorske skriftmålet gjekk meir og meir i uppløysing. Dei som styrde og stelte i samfundet var gjerne danskætta og fekk utdaningi si i Danmark. Dei tok med seg det danske målet sitt, og alle skriv som kom frå kongen i Kaupenhamn var skrivne på dansk. Smått um senn vart dansken innførd i kyrkja og i rettsstellet, og yvergangen til danskt skriftmål var gjenomførd ende til deim som stod nedst på samfundsstigen (bønderne) med utgangen av 1500-talet. Med innføringi av konfirmasjon og skulegonga på 1730-talet vart breidare lag av folket betre kjende med dansken, og han fekk eit sterkare og varugare feste i landet.

Jamvel um dansken var einrådande i skrift, og nokre hadde teke til å tala målet (um enn etter norske uttalereglar), var det like fullt so at dei fleste i Noreg tala målføre som hadde vakse fram i dei norske fjelldalarne og fjordbygderne frå det gamalnorske upphavsmålet. Gamalnorsk er på denne måten utgangsstødet for alle dei norske målføri. Når mange trur at det er han Ivar Aasen som er skuld i at me hev tvo mål her i landet, tek dei i miss. Me fekk tvo mål her i landet alt på 1400-talet, då dei danske styremakterne førde inn danskt skriftmål.

Det var sjølvsagt ei ulukka at me ikkje hadde noko eige norskt skriftmål, og at nordmennerne var nøydde til å nytta dansk når dei skulde skriva. Det vilde han Ivar gjera noko med, og han reiste som kjent (ny)norsken, som vart ein kost til det danske skriftmålet. Med 1814 og grunnlogi kunde Noreg styra riksstellet sitt sjølv, men endå stod det att å verta sjølvråduge i mål og kultur. Som han Ivar segjer i opningsordi til skriftstykket ”Om vort Skriftsprog” frå 1836: ”Efterat vort Fædreneland atter er blevet hvad det engang var, nemlig frit og selvstændigt, maa det være os magtpaaliggende at bruge et selvstændigt og nationalt Sprog, eftersom dette er en Nations fornemste Kjendemærke.” Dersom Noreg skulde verta eit heilt fritt folk, laut me reisa vårt eige mål, norsken, til riksgildt skriftmål. Difor ynskte han Ivar å byggja eit nytt, norskt skriftmål på grunnlag av målføri i samtidi i jamføring med det gamalnorske skriftmålet.

Andre som fylgde med i målordskiftet i tidi hadde heilt andre tankar um korleides ein skulde koma fram til eit eige norskt skriftmål, m.a. vilde ein kar som heitte Knud Knudsen taka utgangsstøde i det danske skriftmålet og smått um senn gjera det norskare med å taka upp vyrke frå den dana daglegtala. Han Ivar vanda denne tanken alt tidleg. Skriftmålet skulde tuftast på fullnorsk grunn utan umsyn til andre mål, og han kunde soleides ikkje byggja på det halvdanske talemålet åt yverklassa. Med andre ord vilde han Ivar brjota tvert med den rådande danskrøtte skriftkulturen.

Han Ivar vanda tanken um å taka upp att det norrøne skriftmålet òg. Han vilde hava nynorsk, ikkje gamalnorsk. Eitt av fyremæli for å atterreisa det norske skriftmålet var nett det å gjera klufti millom skrift og tala åt folk flest mindre. Som han segjer i ”Om vort Skriftsprog” (1836): ”Vi ønske os just et Folkesprog, et som enhver Landsmand uden Møie kan tage Deel i.” Han Ivar turvte helder ikkje ganga attende til gamalnorsk, skulde han finna eit eige norskt mål som kunde dyrkast fram i skrift; det nynorske målet var brukande. Kor som er vart gamalnorsk eit viktugt fyredøme for honom Ivar og deim som sidan skreiv nynorsk, og landsmålet kunde segjast å vera eit framhald av det norrøne skriftmålet.

Han Ivar vilde som nemnt byggja det nye skriftmålet på målføri som han høyrde folk tala kringom i Noreg i samtidi. Difor reiste han ikring i alt landet, frå Marnardal i sud til Trums by i nord, og skreiv ned kva folk sagde på kvar stad. Med grunnlag i desse uppskrifterne lagde han fram eit ferdugt norskt skriftmynster i mållæra si frå 1864 og ordboki frå 1873. – Det læt då greidt og fint, kann du koma til å tenkja. Men, som me skal sjå, var ikkje dette so vandelaust. Som me veit ymsar målføri mykje seg imillom, og det gjorde dei medan han Ivar livde òg. Eitt av dei mange spursmåli han laut finna ut av var: Korleides skulde ordi skrivast når dei ymsa so mykje i uttala? Han kunde sjølvsagt ha valt seg ut eitt einskilt målføre og skriftfest det. Han Peter Andreas Munch sogegranskar var m.a. inne på tanken um å byggja eit norskt skriftmål på vågåmålet. Men det var uråd for honom Ivar av di det ikkje fanst noko målføre som hadde vyrdnad nog til at heile folket vilde taka det i bruk. Og dersom han skulde ha bygt på det målet som hadde røynleg vyrdnad, den dana daglegtala i byarne, hadde det stridt mot grunnsetningi hans um eit heilnorskt skriftmål. Yverklassemålet var slett ikkje norskt! Å velja ut eitt einskilt målføre hadde òg stridt mot tanken hans um at det atterreiste skriftmålet skulde vera eit skriftmål for heile folket, eit røynlegt folkemål. I same skriftstykket som eg hermde frå tidlegare, ”Om vort Skriftsprog”, segjer han: ”Det er ikke min Hensigt hermed at fremhæve nogen enkelt af vore Dialekter; nei, ingen saadan bør være Hovedsprog, men dette skulde være en Sammenligning af, et Grundlag for dem alle.”

Han Ivar vilde som sagt ikkje velja seg eitt målføre, men han fann like fullt ut tidleg at det burde vera berre éin skrivemåte for kvart ord. – ”Formen skal kun være een”, som han skreiv. Det hadde ikkje vore serskilt laglegt å hava ein skrivemåte til kvar målføreform. Eit døme som kann syna dette er namnordet ei vika, som ovrar seg i heile 34 ulike avbrigde i målføri (sjå vedlegget). Dessutan var, og er, det vanlege i alle andre mål at ord hev berre éin skrivemåte. Landsmålet skulde vera eit skriftmål for heile folket – eit riksmål – ikkje noko bygdarmål. Meiningi var ikkje å skapa ei målføregøyma der alle kunde henta ut det kvar totte um.

Han Ivar valde difor å nytta det som seinare hev vorte kalla ”typeformprinsippet”, elder samnemnarsyni. Denne grunnsyni er sjølve lykelen til å skyna korleides sambandet millom målføri og høgnorsken er. Sjølv kalla han Ivar samnemnararne ”de mest fuldkomne Former”. I  Norsk Grammatik (1864) § 374 segjer han etter å ha greidt ut um dei ulike ”Landskabsmaalene”:

De Landskabsmaal, som nærme sig mest til det gamle Sprog, ere saaledes de, som bruges i det Vestenfjeldske og i de tilgrændsende Dalstrøg paa den østlige Side af Langfjeldene. Maalene i Bergens Stift [2] kunne siges at være de fuldkommeste med Hensyn til Lyd og Ordformer; derimod have Maalene paa den søndenfjeldske Side en større Fuldkommenhed i enkelte Bøiningsformer, og især en skarpere Adskillelse af den stærke og svage Bøining i Navneordene. Substantivernes Bøiningsformer kunne siges at være fuldkomnest i Hardanger, Telemarken og tilstødende Egne; medens dog enkelte Former ere fuldkomnere paa andre Steder (saaledes Dativ i Gudbrandsdalen og Orkedalen). Adjektivernes Bøining er fuldkomnest i den søndre Deel af Bergens stift. Verbernes Bøiningsformer kunne siges at være fuldkomnest i Raabygdelaget[3] og Telemarken; men de stærke Verbers Bøining er tildeels fuldkomnere i Nummedal, Hallingdal og Valders.

Kva meinte so han Ivar med desse ”fullkomne formerne”? Samnemnarsyni gjeng ut på å finna ein samnemnar – det vil segja ei form som ber i seg alle målføreavbrigdi. Ein samnemnar av eit ord er ei form som me kann leida dei andre formerne ut ifrå med hjelp av målbrigdeloger. Han Ivar valde å leita seg fram til skriftformer som kunde samla talemålsformerne inn under seg. Soleides fekk han òg fram at dei norske målføri var eitt sams mål: det norske målet. Aasen-målet vart med andre ord langt ifrå nokor ljodrett attgjeving av målføri, men er likevel det skriftmålet som lengst på veg kann gjera greida for dei avvikande målføreformerne.

Meir um samnemnarsyni

No skal eg gjeva nokre døme som syner korleides han Ivar fylgde samnemnarsyni i arbeidet med å få i stand eit norskt skriftmynster. Fyrst tek me fyre oss namnordet hest i bundi form mangtal. Det finst i desse formerne i målføri:[4]

/hes2tan9e/ Ytre Sogn, Fjordarne og Sunnmøre

/hes2tane/   Austfold, Vestfold, Nedre Buskerud og Grenland (vikversk), Vestlandet (Hordaland, Rogaland og Agder), noko i Telemark.

/hes2tadn/   Midtre og indre Sogn, syndre Sunnhordland, Nord-Ryfylke (òg /hes2tadne/ der) og Hallingdal og Valdres

/hes2tan9/   Romsdalen, Nordmøre, Sud-Trøndelag, Nord-Øysterdalen og Gudbrandsdalen.

/hes2tan/      Nord-Trøndelag, Nord-Noreg, Telemark og Numedalen.

/hes2ta/        Oslo, flatbygderne på Austlandet medrekna det meste av Øysterdalen.

 

Alle desse formerne hev vakse fram or gamalnorsk hestarnir. Han Ivar valde til mynsterform hestarne. Me ser at endings-a-en er halden i alle målføri (i motsetnad til norsk-dansk hestene), og det var difor sjølvsagt for honom Ivar å taka honom med. r-en heilt til slutt i den gamalnorske formi er burtfallen i alle målføri, og det tok han umsyn til. Den hine r-en, som stend i medljodsstrengen rn, vilde han derimot hava med. Han hev sett spor etter seg i nynorske former som /hes2tadn/ og /hes2tan9e/, /hes2tan9/ (jf. /kvedn/, /kven9n9/ og /bådn/, /bån9n9/). Mangtalsformerne /hes2ter/ elder /hes2tær/ på Austlandet og /hes2tar/ mange stader på Sudvestlandet og i Telemark gav òg god grunn til å skriva r: hestar-ne, gjentor-ne, bøker-ne. Det same gjorde dét at det mange stader heiter /bø'1keN/ og /men91n9eN/.

Seinare hev denne formi vorte brigda til hestane (1917-rettskrivingi). Det hev skipla sambandet med målføri noko, og som de truleg hev gått, skriv eg hestarne, visorne osb. Eg tykkjer det er mange gode grunnar til det, berre sjå utgreidingi ovanfyre.

Det er vanlegt at sjølvljodar vert uttala onnorleides enn dei vert skrivne. Dei sjølvljodarne som oftast hev ei slik avvikande uttala er dei som var stutte i gamalnorsk. Det er vanlegt at desse sjølvljodarne hev ulik uttala i målføri òg. Det er serleg tvo målbrigdeloger som hev havt mykje å segja for uttala av sjølvljodarne: lægjing og framskuving, og då serleg den fyrste. Eg skal freista å gjera greida for deim.

Lægjing er ein vokster som gjer at ein sjølvljod vert uttala lægre i munnhola enn han vart fyrr. Ein sovorden vokster hev me i (dømi er frå heimemålet mitt, smylarmålet):

/skrev2ve/, /vætt/                /i/ Þ /e/, /æ/

/hæst/, /vægg/                     /e/ Þ /æ/

/bøgd/, /føst/ (fyrst)              /y/ Þ /ø/

Framskuving elder fremjing er ein vokster som fører til at sjølvljoden vert uttala lenger fram i munnhola enn fyrr (dømi er frå austlandsk):

/kæqv/, /pqægg/                 /a/ Þ /æ/

/hø'q/, /gøqv/                       /o/ Þ /ø/

Ei ovring i målet vårt som ikkje er lægjing, men som kann likna på det, er når eit ord som vert skrive med <u>, vert uttala /o/, og når <o> vert uttala /å/:

/bokk/, /toMM/                    

/hå'q/, /gåqv/                      

Dette er ikkje noko brigde, snarare tvert um. Skilet som etter alt å døma finst millom skrift og tala kjem av at desse ordi hev halde på den upphavlege uttala (jf. ”europeisk” uttala av u og o), medan ord som <hus> og <stor> hev brigda uttala (/o/ > /u/, /å/ > /o/). Dimed er det vanlegt at me uttalar sjølvljoden på eit lægre stig enn det skrifti kunde tyda på, som i dømi ovanfor (/bokk/, /hå'q/). Det motsette – at <o> vert uttala /u/ elder at <å> vert uttala /o/ – finst det ingi hevd for, og helder ikkje nokon god grunn til. Medan skrivemåten <sumar> opnar for uttala /som2mar/, stengjer skrivemåten <sommar> for å uttala ordet /su'2mar/. Difor er det grunnlag for å segja at skrivemåten <sumar> er samlande og opnande, medan skrivemåten <sommar> er kløyvande og stengjande. Det same gjeld ei rad andre ord som i høgnorsk hev <u>, men som etter rettskrivingi som gjeld no skal/kann skrivast med <o>, t.d. <burt>, <um>, <upp>, <sume>.

Den same regelen kunde me ha sett upp for sjølvljodarne som hev vorte råka av lægjing òg. Det er råd å segja /ve't/ um det stend <vit>, men det er ikkje råd å uttala <vet> /vi't/. Like eins er det råd å segja /spør2ja/ når det stend <spyrja>, medan det motsette er uråd. Det er i alle høve visst at ein skrivmåte med ein upphavleg, høg sjølvljod er meir samlande enn ein skrivemåte med ein seinare, lægre ljod. Det som gjer at dei hev vore so iduge med å føra inn valfrie skrivemåtar med <e> for <i> og <ø> for <y> (og sumtid <æ> for <e>, t.d. i <hær>) i nynorsken her, må vera at mange ikkje hev skyna det soleides elder ikkje hev vilja taka umsyn til det. Statsnorsken byd fram ei sann røra av skrivemåtar, der nokre ord hev <i> og <y> etter upphavet, medan andre hev <e> og <ø> etter uttala mangstad; ja, nokre ord kann jamvel hava båe (t.d. <fyrst>/<først> og <vit>/<vet(t)>). Stort sét er det norsk-dansken som styrer denne skiftingi. Er det nokon annan grunn til at det heiter <spørja>, men <byrja> i statleg nynorsk enn at norsk-dansken ikkje hev det siste ordet, og at det difor hev fenge standa i fred? Dette syner til fullnads kor låk stoda er for nynorsken i dag. Han hev vorte ein etterapar etter norsk-dansken og er ved å verta eit spegelbilæte av hitt målet.

Som kjent valde han Ivar å skriva ordi med so upphavlege, høge sjølvljodar som det var grunnlag for i målføri.[5] Eit ord som i målføret mitt lyder /vætt/ vart soleides skrive <vit>, og ikkje <vet> elder <vett>, som båe er lovlege former i den statlege nynorsknormi. Det må segjast å vera eit klokt val, og den formi han Ivar valde sit stødt i høgnorsken den dag i dag. Sant å segja so hev høgnorskrørsla mange av faneformerne sine nett på grunn av denne grunnsetningi: <burt>, <upp>, <um>, <millom> osb.

Det er vanlegt i norsk at medljodar vert tvifelde (i røyndi er det sjølvljoden som held seg stutt), men det motsette hender ikkje. Dette kjenner me frå norsk-dansken òg. Der heiter det t.d. <vil>, <kan>, <man> og so frametter, alle skrivne med einfeld medljod, men uttala med tvifeld. Dette kann vera ein greid regel, berre han fylgjer norskt mål. Når me i høgnorsk skriv <vil> med einfeld medljod, men <kann> med tvifeld medljod, kjem det ikkje berre av samanhengen med grunnformerne <vilja> og <kunna>, men og av di medljoden i dei tvo ordi hev fenge ulik vokster i målføri. Soleides heiter det vida /vi'/ for vil, men aldri */ka'/ for kann. (Det kjem sjølvsagt av at lang medljod aldri fell heilt burt i tyngd staving.) Ei vanleg uttala av kann er derimot /kan9n9/, med gomljodar, like eins som /san9n9/ for <sann> og /tan9n9/ for <tann>. Båe desse kjensgjerningarne syner at ordet lyt skrivast med tvo n-ar, som i høgnorsk <kann>. Nynorsk <kan> er rein etteraping etter norsk-dansken.[6]

Det mest samlande er å skriva ordi med einfeld medljod der det er sogerett og det er ei av uttaleformerne i målføri. Det gjer me i høgnorsk <vit>, <kyn>, <myk>, <ven> osb., etter fyredøme frå honom Ivar. I nynorsk er det so ymist med formerne (m.a. <kjønn> og <møkk>), men dei skriv stødt <dum>, med éin <m>, venteleg av di norsk-dansken fylgjer den regelen (einfeld <m> i ordendar). Sameleides burde det ha vore i ordet sumar, men det kann skrivast både <sumar> og <sommar> på nynorsk i dag. Her òg valde han Ivar berre ei form, han skreiv <sumar>. <u>-en kann uttalast /o/ um ein vil det, og den einfelde <m>-en kann gjerast tvifeld um ein vil det. Medan skrivemåten <sumar> opnar for andre uttaleformer, stengjer skrivemåten <sommar> for å uttala ordet annarleides enn /som2mar/, /såm2mar/ (den siste formi her er elles sjeldsynt i målføri). Eit anna døme er ordet koma, som kann heita både <koma> og <komma> i statleg nynorsk. Den siste formi med tvo <m>-ar hev eg serleg merkt meg av trønder som vil skriva ”talemålsnær nynorsk”. Det dei ikkje tenkjer på, er at skrivemåten <koma> kann tyda ut mykje betre at det heiter /kåm2ma/ og /kåm2må/ i trøndsk enn <komma>. Skrivemåten <koma> tyder på at ordet er eit upphavleg jamvektsord, medan <komma> skulde tyda på det motsette. Det er som kjent berre jamvektsordi som endar på -a elder -å i trøndsk.

Som de kann henda skynar, meiner eg at statsnorsken hev ein vande i høve til sambandet med målføri. Samnemnarsyni hev dei i nokon mun gjenge burt frå for di dei hev vilja leggja nynorsken nærare upp til norsk-dansken og for å få til ytleg talemålsnærleik med nokre utvalde målføre. Dei hev innført ”talemålsnære former”, samstundes som bygnaden i nynorsken hev fjerra seg frå målføri. I røyndi er mange av desse talemålsnære formerne helder bokmålsnære enn talemålsnære; dei hev kome med samnorskpolitikken som me alle veit misforst og som gjorde stor skade på norskt mål. 

Når dei i dag kann skriva både <flåte> og <flote> i nynorsk må vel det koma av at det finst tvo måtar å uttala ordet på – anten med /å/ elder /o/? So når ein framleides berre kann skrive <flote> i fyrrtidstillegget av gjerningsordet å fljota med <o>, kjem vel det av at det ordet skal uttalast med /o/ og ikkje /å/? Dersom me ser nøgnare etter, ser me at norsk-dansken er mynsteret her. Der hev namnordet flote allveg vore skrive med <å> (<flåte>), men sidan norsk-dansken ikkje hev noko motsvar til hev flote (det heiter har flytt), hev den formi fenge standa urøyvd med fylgjerett <o>.

Eit anna døme: Namnordet bord skal skrivast med <-rd>, men vert uttala med /r/ elder tjukk l, /q/; <-rd> er dimed samnemnar-skrivemåten for den ljoden som i vestnorsk lyder r og i austnorsk tjukk l. Namnordi urd og skard derimot, kann etter rettskrivingi som gjeld no anten skrivast med <-rd> elder berre med <-r>: <urd> - <ur> og <skard> - <skar>. Ein kann spyrja seg kva denne valfridomen skal tena til um det ikkje er for at dei vil merkja ut tvo ulike avskyggjingar i uttala. Då vert den hevdvunne skrivemåten heilt merkeleg, for ingen segjer då /skard/? Og kvar skal ein setja deim som segjer /o'q/ og /ska'q/ (med tjukk l)? Grunnen til at formerne utan <-d> hev kome inn i nynorsken er einfeld, det er tilnærming til norsk-dansken der desse tvo ordi aldri hev vore skrivne med <-rd>. Det er med andre ord norsk-dansken som gjer at <urd> vert so vonlaust meir gamaldags enn <ur>, medan bord utan <-d> hadde sét reint løgjeleg ut.

For å telja i hop: Skilnaden millom høgnorsken og den statlege nynorsken er at høgnorsken hev eit fyretenkt tilhøve til målføri med samnemnarsyni, medan statsnorsken fylgjer ulike grunnsetningar, elder kann segjast å vera eit utslag av rein grunnløsya. Statsnorsken er ei blanding av sogelege og ljodrette skrivemåtar, må vita. Med dette blandingstilhøvet fylgjer han korkje den sams bygnaden i målføri elder noko einskilt målføre heilt ut. Difor kann ein segja at høgnorsken ligg nærare dei norske målføri enn den statlege nynorsken.

Samanhengen millom ordi

No hev eg sagt mykje um det me kallar samnemnarsyni. Ei onnor grunnsetning som hadde mykje å segja for honom Ivar var det som han Gustav Indrebø seinare kalla ”samanhengslogi” – ordi laut skrivast soleides at den sogelege samanhengen millom bøygjingsformer og avleidingar vart klår. Døme på det er skrivemåten <segja>, som syner skyldskapen med ord som segn, soga og (hev) sagt. Like eins laut ordet tjon skrivast med <tj-> av di det heng saman med tyna.

Medan samnemnarsyni gjeld tilhøvet millom målføri og nynorsken, gjeld samanhengslogi meir tilhøve innanfyre målet sjølv. Like fullt dreg dei ofta i same leidi. Til dømes krev uttalorne /pløy2e/ og /plø'2je/ i lag skrivemåten <pløgja>, og det same gjer samanhengen med fyrrtid pløgde og namnordet plog. Like eins såg me ovanfor at både målføreformerne og samanhengen med ubundi form tala for å skriva <hestarne>, med halden r, og at me kann grunngjeva skrivemåten <kann> både ut ifrå målføri og den indre samanhengen i målet.

Samanhengslogi må sjåast i samanheng med skipnadstrongen hans Ivar. Han Ivar tenkte stort, og han tenkte i mynster. Sjeldsynte ljodumbrøyte, likingar og jamlagingar laut skipast inn i ein meir ålmenngyldig målbygnad. Målet hadde vakse fram etter serskilde reglar og mynster, på naturleg vis so å segja, og det galdt å finna fram til desse grunnreglarne i målet. Og han Ivar gjekk ikkje av vegen for å setja inn ord og former som knapt vart uttala heilt upp som dei vart skrivne, so sant den indre bygnaden i målet kravde det. Soleides vilde han skilja millom <kj-> og <tj-> i t.d. <kjøt> og <tjørn>, og millom <skj-> og <stj-> i t.d. <skjor> og <stjert>, skil som snaudt fanst i noko målføre, men som er ålment nytta i nynorsk den dag i dag. Det er rett å segja at han bygde upp att der det ikkje var berrsynt ut ifrå samtidsmålet korleides målet skulde sjå ut. Men ein skal vakta seg for å tru at han Ivar laga landsmålet. Han tok ikkje ord og former frå lause lufti. Han hadde eit fast grunnlag i dei norske målføri, det skal ingen eva på.

Truleg såg han Ivar at samanhengslogi kunde letta målinnlæringi òg. Til dømes er det lettare å læra seg at det heiter <god> og <godt>, enn um det hadde heitt <god>, men <gott>.[7] Med fylgjestreng gjenomføring av samanhengslogi kann ein læra seg ordi etter reglar som gjeng mykje lenger (i dette tilfellet at lagord fær tillagt ein <t> i inkjekyn). Her hev høgnorsken evlaust ein fyremun framfor statsnorsken. Attåt å letta innlæringi, gjev samanhengslogi målet vårt ein vyrdeleg og tankerett uppbygnad. Som ordet segjer, vert det ein indre samanheng i målet. Det at éin mann fekk råda fullt og heilt med korleides målet skulde sjå ut, gjorde at denne samanhengen vart teken betre hand um enn i mange andre skriftmål. Det er truleg fåe riksmål i Europa som kann mæla seg med Aasen-målet i den saki. Det er då beint fram uskynlegt at dei hev vilja vanda denne gjenomtenkte målbygnaden av andre og meir smålege umsyner. For samnorskstrævet er smålegt sét frå mål-synstad. 

Der målføri skil skal skriftmålet òg skilja

Som nemnt tidlegare, hev målføri vakse på ulik vis sidan norrøn tid. Eit av spursmåli han Ivar laut taka stoda til var kva ein skal gjera når sume målføre hev eit skil som andre hev mist: skal skriftmålet fylgja dei målføri som hev fenge ein meir einfeld målbygnad elder skal alle skil haldast uppe so lenge det finst grunnlag for det i eitkvart målføret?

Han Ivar valde i stor mun det siste. Han gjorde det til ei viktug jamningssyn at alle skil i ljod- og formverk (og elles i ordval) som var nedervde frå gamalnorsk og som fanst i norskt talemål enno, skulde merkjast ut i skrift – jamvel um dei fanst i berre nokre fåe målføre. Dette vart på ei vis å gjeva fyrerett åt dei målføri som hadde halde best på gamle måldrag, men samstundes trygde denne grunnsetningi at mykje godt norskt måltilfang vart teke vare på i skriftmålet. Soleides kunde skriftmålet gjera at desse skili heldt seg betre i dei målføri der dei fanst alt, og dei vart med i det landsgilde mynstertalemålet som kom til å byggja på dette skriftmålet. Dei nye, meir einfelde formerne treng ingi sovordi hjelp; dei greider seg sjølve, elder vert framborne av norsk-dansken.

Eit døme: I stad såg me at alle målføri hev former som svarar til hestarne, med -a- i mangtal. I norsk finst det likevel ein flokk hankynsord som hev ei onnor bøygjing med -e-. Til denne flokken høyrer m.a. ordi gris og vegg, som i mangtal heiter grisergriserne og vegger – veggerne. Dette er eit gamalt drag i norskt mål – dei trur skilet fanst alt i upphavsmålet – men no hev mange målføre mist det, og fleire og fleire stader ser me no ein yvergang til former som svarar til grisarne, nett som hestarne.

I høgnorsk nyttar me den uregelrette bøygjingi med -e-, medan ei form som <grisane> er tillati sideform i statsnorsken. På denne måten vert høgnorsken ei betre ryggstyd for målføri. Når ein lærer høgnorsk, lærer ein gamle måldrag som mange stader vert trengde undan av norsk-dansken. Ovringar som er vanlege i skrift, vert ikkje so lett utrudde frå talemålet helder.

Eit anna døme på dette er skilet millom linne og sterke hokynsord. Linne hokynsord er dei som endar med utyngd sjølvljod (-a eld. -e, t.d. ei visa), medan sterke er dei som endar på medljod (t.d. ei bygd) elder tyngd sjølvljod (t.d. ei ku). På Aasen-mål heiter det ei bygd, tvo bygder, den bygdi, men ei visa, tvo visor, den visa. Dette skilet er utbreidt i mange målføre, men det ovrar seg på noko ulik vis. Dersom ein reknar med ljodfallsskilet, kann ein skilja ut sterke og linne hokynsord i mesta alle målføri, med di dei sterke helst hev fyrste ljodfallet i bundi form /lis1ta/, medan dei linne hev andre ljodfallet /lis2ta/.[8] Elles heiter det i trøndsk gjerne /to bøg2de/, men /to vi'2så/ elder /vi'2sa/. Nordvestlandet hev /den9 bøg1da/, men /den9 vi'2så/. I midlandsmåli heiter det /den byg1di/ elder /byg1de/, men /den vi'2sa/. På Vestlandet heiter det gjerne /tvo sa'2Je/ (< saker) men /tvo ka'2ke/ (< kakor). Dette skilet er ved å falla burt mange stader i dag, so her kann høgnorsken med det hevdvunne i-målet vera ei betre ryggstyd enn det vanlege a-målet er i dag.

No kann de koma til å tru at han Ivar sleppte til alle gamle skil som fanst i eit elder anna målføre i riksnormi si. Det er slett ikkje tilfellet. Han sette krav til det nye skriftmålet um at alle skulde kunna læra seg det utan alt for store vanskar. Det kunde henda at dei nyare, meir einfelde formerne var meir ”bekveme”, som han sagde. Eit godt døme på dette er sidefallet, som han fann i store luter av landet.[9] Han Ivar sette upp sidefallet einast som ei slags sideform, mest til bruk i dikting. Sjølv nytta han sidefall berre i mangtal i ”diktom sinom”.

Ordtilfanget i høgnorsken – på lag med målføri?

Då han Ivar skriftfeste det norske målet, lagde han stor vekt på ord. I det heile såg han på det norskrøtte ordtilfanget som det viktugaste serkjennet på det norske målet. Difor var han sers atterhalden med å nytta lånord og framandord i landsmålet, serleg dei med dansk-tyskt upphav, jamvel um mange av desse ordi var utbreidde i målføri. Elder som han sjølv skriv i ”Om vort Skriftsprog” (1836): ”Vi trænge aldrig til at gaae udenom Grændserne efter et Sprog; vi skulde lede i vore Gjemmer, og see efter, hvad vi selv eiede, førend vi gik hen at laane af Andre.” Det som var um å gjera for honom Ivar, var i staden å lyfta fram den sereigne norske ordskatten og dei norske ordlagingsmynsteri. Denne purismen elder målreinskingi hev vorte førd fram av deim som hev odla nynorsken etter honom Ivar, og ho er vorti ein viktug lut av den nynorske skriftkulturen. I dei seinste åri er det serleg dei som soknar til den høgnorske vengen i målrørsla som hev synt vilje til å hegna um dei gode norske ordi.

Ein annan stad segjer han Ivar: ”Det den eine heve gløymt, heve den hine gøymt, og so skal all ting finnast.” Han meinte at me burde henta fram dei beste norske ordi frå målføri og gjera deim vanlege i skrift. Soleides kunde dei som tala målføre låna råkande ord og segjemåtar frå andre norske målføre, utan å ljota sjå til framandmål skulde dei segja det dei vilde. Hadde det ikkje vore for at mange av dei hagaste norske ordi hadde vorte dyrka fram i nynorsken, hadde dei truleg ikkje vore i bruk i det heile i dag. Mange nynorske ord hev breidt so um seg at dei hev vorte vanlege endåtil i bokmål og i daglegtala åt folk. Døme på det er ord som løyve og kostnad som mykje godt hev avløyst bokmålsordi bevilling og omkostning.

Til anbeheitelse-ordskiftet i dag vil eg segja: Me bør vera åtfinnuge til det ”naturlege” romet sume målgranskarar ynskjer å gjeva dei tysk-danske lånordi i målføri. Det er slett ikkje visst at dei er so vanlege som dei likar å hevda. Eg hev granska heimemålet mitt eit grand, og eg hev mang ein gong undra meg yver kor lite dei eldste heimelsmennerne mine treng å ty til slike lånord skal dei segja det dei meiner. Dei vel norske ord i staden, og her finst det mykje å ausa av når ein skal skriva god nynorsk. Dei tysk-danske ordi hev helst kome inn med den velduge bokmålspåverknaden den seinste ættleden.

Ikkje berre Unge Høgre

Fyrr eg rundar av, skal eg venda attende til noko av utgangsstødet for dette stykket: påstandet frå Unge Høgre um at han Ivar Aasen var ”språkrasist”. Det er ikkje berre folkeforførararne i Unge Høgre som uttalar seg um verket han Ivar gjorde for land og folk utan røynleg å vita noko serlegt um det. Høglærarar er med på å spreida vonde haldningar til Aasen-verket, dei òg, og det ofta i dei landsluterne der det gjer største skaden.

Påstandet um at nynorsken er eit vestlandsmål finn me att i eit noko sereige skap i boki Alle jordens språk, som han Alf Lombard svenske, som er høglærar i romanske mål, skreiv so seint som i 1990. Han tek mål av seg å skildra måltilhøvi i heile verdi, men samlar seg serleg um dei norderlendske måli. Etter å ha lista upp hovudmålvaldi i Noreg, segjer han (s. 61 i den norske utgåva):

En av lokaldialektene på Vestlandet skulle komme til å få betydning for hele landet. Som en reaksjon mot dansk-norsken og med det mål å skape et allment helnorsk skriftspråk, utformet Ivar Aasen i tiden omkring 1850 det såkalte norske landsmålet, først og fremst på grunnlag av dialekten i sin egen vestnorske hjembygd Sunnmøre.

Dette er skire lygni frå ende til annan. Som eg hev synt, tufta han Ivar landsmålet på alle dei norske målføri, og lét ikkje einskildmålføre få fyrerangen. Det verkar beint fram vitlaust å hevda at han bygde mest på heimemålet på Sunnmøre. Kvifor vart det då ikkje eit a-mål med nemneform på -e? Alle jordens språk er fulla meint å vera ei folkevitskapleg bok, men ein må kunna venta at bokskrivaren set seg betre inn i måltilhøvi enn det han hev gjort her.

Liknande tankar kom for dagen då ho Ruth Vatvedt Fjeld, som er høglærar i norderlendsk målvitskap, vart utspurd i lokalradioen i Austfold hausten 2000. Eg skal gjeva att noko av det som vart sagt (strik under ord med stor tyngd):[10]

Programleidaren: Vi har vært inne på hær i samtalen vår me språkkonsulent Ruth Vatvet Fjeld, at østfållspråke, de har dype røtter å gamle røtter. Men en ting ær iværtfall helt sikkert, at de har aldri bqitt no græie-på nynårsken, å, å Østfåll. De ær, ikke mange tror jæ såm bruker Østfåll-dialekt’n såm føler atte di akkorat står så nær, e, nynårsken. Å, vorfår ær-e sånn?

R.V.F.: Jæ tror en få(r)klaring ær at vi har ikke hatt non Ivar Aasen. Ivar Aasen, såm på en måte skulle redde, de(t) nårske fåqkespråke, han ræiste jo runt i lanne, å samqa, å skrev ne, å tesammen lagde nynårsken, han var en gang ijennåm Østfåll, å, den turn, syns’n var grusåm, han joqe ingen særli(e) åpptæinelser, han syns fåqk snakka veldi stykt hær, he, he, å de har-nåkk hatt...

Programleidaren bryt inn: De ær samme kategori såm Finn Erik Vinje anta(geli), tiliere språkkonsulent såm jo åfte har uttalt at språke hær i Østfåll ær de(t) styggeste, ...

R.V.F.: Rikti. [...] Han jikk i Aasens fotspor den gangen, e, å de(t) æ jo synn får sjøqfølelsen te åss såm bor hær da, at vi ikke har hatt noen sånn pærson.

I denne utspurnaden segjer ho Ruth Vatvedt Fjeld høglærar, som er austfoldig sjølv, med andre ord at han Ivar såg burt frå austfoldmålet då han sette saman nynorsken. Det er rangt. Etter upplysningar han Kristian Strømshaug, som er austfolding, han òg, og dessutan målmann, samla han Ivar so mykje som 960 ord frå Austfold (Samanhengen mellom målføra i Østfold og det nynorske skriftspråket, s. 20). I 1995 gav han Kristian ut ei bok som kjeldefester desse ordsamlingarne (Mål i Østfold). Millom anna var det herifrå han henta det sermerkte ordet byrja. I 1999 kom det elles ut eit skrift med rike ordsamlingar han Ivar hadde frå Austfold og resten av Sud-Austlandet (Målsamlingar 1851-1854 av Ivar Aasen).

Utspelet frå Unge Høgre, boki Alle jordens språk og utspurnaden med henne Ruth Vatvedt Fjeld høglærar syner at det er mange og ulike krafter som er med på å arbeida mot målreisingi med å spreida usanningar um Aasen-målet og den nære samanhengen det hev med målføri. Me treng visseleg til rett upplysning um måltilhøvi her til lands.

Korleides møter me motleggi?

Eit viktugt spursmål til slutt vert: Korleides skal me møta slike synsmåtar som deim eg hev hermt i dette stykket? Ein kann vera freista til å berre læ åt det og tenkja: ”kor styvne dei er”. Men um ikkje alle ordlegg seg so uklokt som dei tri eg hev drege fram her, danar dei same tankarne grunnlag for mykje av den tenkjingi folk gjer ikring mynstergild nynorsk og sambandet til målføri. Dét kann me ikkje sjå burt ifrå.

For det fyrste trur eg at me må yvertyda folk um at talemålsnærleik ikkje er avgjerande for skriftmålet. Me kann liva med eit skriftmål som ligg eit stykke undan tala. Dessutan er det å vona at folk vil norska upp talemålet sitt med tilfang frå skriftmålet, i staden for å låna frå norsk-dansken og tvihalda på unorske ord og segjemåtar både i skrift og tala. Dinæst må me setja deim andsynes grunnsetningarne hans Ivar Aasen. Hovudpunkti her er samnemnarsyni, samanhengslogi og målreinskingi. Dei må sjå kongstanken hans: eit heilnorskt skriftmål, bygt på dei samlande dragi i målføri, og med ein indre, tankerett bygnad som det sømer seg for eit kulturmål.

Mange vil kann henda ikkje hefta seg so mykje med (vantande) samsvar millom skrift og tala, men for sume synest det hava mykje å segja. For deim kann ei grundig innføring um målføregrunnlaget for høgnorsken vera eit godt utgangsstøde for å koma yver på høgnorsksida. Når det ber til stykket, viser det seg at mange ikkje er so framande for desse tankarne. Endeleg må me få folk til å sjå fylgja av det dei meiner: dei må få so sterk tru på Aasen-målet og dei mynsterbilæti det ber i seg, at dei er viljuge til å vanda den statlege nynorsken. Når alt kjem i hop er målsaki eit spursmål um sterk tru og god vilje.

 

 

Ordtydingar

fyremæle                      argument

høglærar                      professor

jamningssyn                 normeringsprinsipp

kost                             alternativ

nemneform                   infinitiv

sidefall                         dativ

Dette stykket byggjer på ei innleiding eg heldt på skulemålskonferansen åt Norsk Målungdom 3. - 5. november 2000.

Vedlegg

Ordet vika i norske målføre

/vi'ka/

/vI'ka/

/ve'ka/

/vi'ga/

/ve'ga/

/vikka/

/vekka/

/vækka/

/vi'ke/

/vI'ke/

/ve'ke/

/vi'ge/

/ve'ge/

/vikke/

/vekke/

/vække/

/vekk/

/vækk/

/vi'ku/

/ve'ku/

/vy'ku/

/vø'ku/

/vikku/

/vekku/

/vøkku/

/vukku/

/vi'ko/

/ve'ko/

/vekko/

/vækko/

/vokko/

/vikkå/

/vekkå/

/vækkå/


 

Alle desse formerne kjem av gamalnorsk nemnefall vika elder bøygjefall viku.



[1] Han Johan Storm var elles sers glad i dei norske målføri og var den som laga ei eigi ljodskrift for å gjeva deim att i, Norvegia (1884). Det er den ljodskrifti eg nyttar til å gjeva at målføreskapi i dette stykket.

[2]  Svarar til Sogn og Fjordarne og Hordaland i den fylkesskipnaden me hev i dag.

[3] ”Råbyggjelag (hist.) gno. Rábyggjalozg (først nemnt i skrift i 1348) var i mellomalderen og seinare namn på den indre delen av Egdafylke: Setesdalen med Åseral i vest, Evje i sør og ein del bygder austover (Vegusdal, Tovdal, Åmli og Vegårshei osv.) og kanskje eit par bygder i Tel[emark].” (Norsk stadnamnleksikon 1997, s. 378).

 

[4] Eg vil gjera merksam på at dette uppsetet er sterkt forenkla, m.a. hev eg ikkje teke umsyn til den skiftande gjerdi på sjølvljoden i roti hest- elder på a-en fyrst i endingi -arne.

[5] Det finst nokre undantak til denne regelen, m.a. skreiv han <sed>, ikkje *<sid>, <med>, ikkje *<mid> og <hævda>, ikkje *<hevda>. Grunnen til det var at uttala med den trongaste rotljoden var helder sjeldsynt i målføri.

[6] Det same kann me segja um skrivemåtarne <den> for /denn/, /den9n9/ o.dil. og <han> for /hann/, /han9n9/ o.dil. Etter målføri (og gamalnorsk) skulde det vore <denn> og <hann>, men her var ikkje ein gong Aasen fylgjerett.

[7] I det svenske skriftmålet førde dei inn denne skrivemåten (<gott>) i ei rettskrivingsumbot i 1906. Det må segjast å vera ei stor uheppa for svenskarne og målet deira at dei hev gjeve etter for tanken um ljodrette skrivemåtar i dette stykket. Dei skriv <gott> osb. i islendsk og færøysk òg, og sameleides var det i gamalnorsk.

[8] Det finst nokre undantak til denne regelen som kjem av at ljodfallet i røyndi er styrt av stavingslengdi i gamalnorsk. Soleides fær ord som moder og dotter helst andre ljodfallet i bundi form, jamvel um dei er sterke: /mo'2ra/ og /dåt2ra/. 

[9] På Nordvestlandet, i Trøndelag utanum Fosn og ytre Namdalen, i synste luten av Nordland og på Austlandet frå Heidmarki og Hallingdalen og nordetter. Dessutan finst måløyar med sidefall i Sætersdalen (Valle), på Voss og i Borgund i indre Sogn.

[10] Nedskrive av honom Kristian Strømshaug, Rodo.


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag