YMIST

Å gjera draum til røyndom

Jostein Krokvik, som var bladstyrar i Vestmannen gjenom mange år, legg for dagen ei sers einslungi og styvi syn på statleg målstyring i ”sernummeret” av Vestmannen dagsett 1. mars 2002. Som vanleg klagar han yver den målblandingi som norske styremakter hev påført nynorsken, men no hev det kome ei ny stoda, hevdar Krokvik: ”Etter at kulturdepartement, riksstyre og storting sette bom for vidare tilsikta målblanding, det vil segja bokmålsiblanding i offentleg nynorsk, er det ei ny stoda for klassisk mål, høgnorsk, som Vestmannen vart reist for å fremja.”

Dette er ikkje fyrste gongen Krokvik kunngjer at samnorsktidi er umme. I samband med at Stortingsmelding nr. 13 (1997-98) um målbruk i statstenesta hadde med nokre ord um at tilnærmingslina millom bokmål og nynorsk hadde vorte minder aktuell, hadde han ei rad stykke i Vestmannen med yverskrifter som ”Målblandingspolitikken offisielt avskipa”, ”Historisk målpolitisk lineskifte” og ”Etter gravferdi for målblandingi”. Det undrar meg difor at han må koma attende no i det nemnde sernummeret og melda frå um den endelege ”nådestøyten”, og det på heile tri stader i bladet. Det er ei ny stortingsmelding han viser til, nr. 9 (2001-2002) frå Kulturdepartementet, som ”slær eintydeleg fast det som vart sagt i fyrre stortingsmelding (nr. 13 (1997-1998), at det er slutt [på] målblandingslina”.

Det som likevel undrar meg mest, er kor stor tru Krokvik synest hava på at dei same riksmakterne som ”med 60-70 års offisiell målblandingstvang” hev gjort nynorsken ”so utblanda, utvatna, sundriven og ytre nedveikt i skulen”, skal kunna berga honom frå fullstendig uppløysing. I eit eige stykke, ”Målpolitisk semja på riksplan”, legg han fram kva ymse rikspolitikarar hev sagt um saki. Millom anna skriv han at ”kulturminister Ellen Horn fekk den æra å varsla burtkast i lovs form av den samnorskpolitikken som for lengst er ikollkøyrd, men som hev truga med undergang for nynorsken”. Jamvel um departementet gjeng inn for å taka burt samnorskparagrafen i Lov um Norsk språkråd, og talar varmt um normering på eige grunnlag, er ikkje det det same som at nynorsken skal få ”ei atterreising i tradisjonell leid”, som synest vera den einaste tolkingi Krokvik kann tenkja seg. Nynorskdeildi fylgjer gamle og tilvande far, og det synest ikkje vera nemnande vilje til å leggja um kursen. Tvert um, med jamt fleire bokmålsinnslag i den nynorsken som vert skriven, fær dei mest samnorskvenlege som hev sæte der, vatn på mylna.

I retorikken hans Krokvik hev ”det tidlegare målblandande fleirtalet i nynorskgreini i Språkrådet” tapt, og ”målrørsla hev vunne den store sigeren”. Kven hev sagt at det ”målblandande fleirtalet” hev vorte soga alt? Og kva handfaste vinstar hev ”den store sigeren” bode på? Lenger fram segjer Krokvik at ”sume, som kanskje berre hev passivt fylgt med målblandingsstraumen, talar varmt for å halda uppe klassisk mål og i-mål til jamstelt hovudform”. Kven er det Krokvik tenkjer på her?

Jostein Krokvik hev fylgt ordskifte um norsk statleg målpolitikk og Språkrådet gjenom mange år, mange fleire enn eg, men no synest det som han hev mist mykje av den gangsyni som trengst skal ein skyna dei mangslungne og noko motstridande krafterne som finst på dette umkvervet. Rett nog hev det kome signal frå departement og Storting um at samnorsklina ikkje hev so mykje fyre seg lenger, men det er langt derifrå og til full uppreising for i-målet og dei formerne som høyrer med det. Tvert imot ligg det til grunn for det arbeidet nynorskdeildi er i gang med at det ikkje skal takast inn nye (gamle) former i rettskrivingi (slike som um, upp, yver, gjenom osb.), og at ikkje alle dei formerne som er sideformer no, kann verta jamstelte hovudformer.

Målsmennerne i nynorskdeildi av Språkrådet utgjer knappast ei einspòra blokk, men er trass i sprikjande synsmåtar seg imillom snaudt serleg uppglødde for Aasen-mål. Soleides kann det spøkja for i-målet og andre hevdvunne former no når Språkrådet skal skjera ned på valfridomen. Det hjelper ikkje å drøyma seg burt til ei drøymeverd der det er onnorleides. Det er ei kjensgjerning at Aasen-målet treng talsmenner som kann sanna denne stoda og arbeida målretta for å brigda henne, um saki skal hava framgang. Ivar Aasen-sambandet vil samla folk som ynskjer å strida for norskt mål helder enn å drøyma seg burt.


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag