YMIST

Høgnorskdagane 98 - Ungdom frå heile landet på høgnorsksamling

Millom 25 og 30 målungdomar og høgnorskvener var samla i Volda til høgnorsksamling i helgi. Samlingi bar til på Raudekrosshuset i Volda. Det var samla folk frå Bergen, Stavanger,Oslo, Nord-Smøla m.m. Tilskiparar var Volda-Ørsta Målungdomslag og Vestlandske Mållag.

Fyrste fyredragshaldar var Terje Torgilstveit.Terje Torgilstveit var heilt fersk i målpolitisk samanheng. Han hev studert norrønt grunnfag, og hev sterke interessor for arkeologi m.m.

Han viste store kunnskapar i språk heilt attende til indoeuropeisk,og gjorde jamføringar millom urnordisk og norrønt. Urnordisk hadde eit enkelt vokalsystem med mange stavingar. Norrønt utvikla fleire vokalar og kasta fleire stavingar.

Volda Målungdom ved Arne Holmin greidde ut um regelløysa i nynorskrettskrivingi i dag. Han synte til ei rad yvertydande døme. Terje Torgilstveit synte til likskapane med gamalnorsk,og meinte at mykje som hev 1000 års fartstid eller meir i talemålet ikkje kjem til sin rett innanfor nynorskrettskrivingi.

Håvard Tangen gav møtelyden eit yversyn yver målsoga etter 1814. Han konkluderte m.a. med at lærebøkene opererar med eit samansurium av termar. Aller helst vil dei kalla dansk mål i Noreg for norsk heilt frå 1500-talet av. Men kva tid hev dansk mål vorte norsk,og hev det i det heile vorte norsk. Dette vart ei sentralt dryftingsemne millom dei som var til stades,og mange var kritiske til at bokmålet kallar seg norsk. I beste fall er det norskdansk hevda Tangen,og det var dei fleste på samlingi samde i.

Vincent Eye Færavaag snakka um det nasjonale som grunnlag for målreisingi. I eit fyredrag med mange gode poeng var det vel eit poeng som merkte seg ut. Færavaag synte til at det nasjonale er noko som er viktig for folk flest. For mange granskarar vert det nasjonale for einfeldt. Dei ser vidare enn til det nasjonale. Likevel er det viktig at granskarane tek seg av det nasjonale. Elles vert det nasjonale mindre serpregande millom folk flest.

Siste dagen på samlingi heldt Lars Bjarne Marøy ei innleiding um normaltalemål. Han argumenterte for eit nynorsk normaltalemål. Argumenti han synte til var at det er lettare å forstå eit nynorsk normaltalemål enn dialektane. At det er lettare å læra språket for utlendingar dersom dei fær høyra talt nynorsk. Det gjev oss ein nasjonaleinskap med eit normaltalemål. I dag nyttar ein offisiell skulenynorsk i lærebøkene,medan elevane vert upplærde i å skriva upptil talemålet sitt. Då fær me eit utal med rettskrivingar og eit utal med talemål. Likevel vil det verka samlande når folk lærer seg til å snakka nærare upp mot nynorsken. Det mest samlande vil likevel vera å velja høgnorsken til talemålsnom.

Samlingi vart avslutta sundagen. Det var god stemning millom dei unge meiningsfrendane både under ordskifti og i kvileyktene.

Lars Bjarne Marøy, 20060115

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag