YMIST

Kva las du no?

Hjå oss er hev det vore semja um at gamle bøker treng å vølast um av filologar; filologane ville støypa um norsk og dansk i eit ‘samnorsk’, og brigding av rettskrivingi i dei norske og dansk-norske klassikarane var ein lekk i det prosjektet. Men samnorskprosjektet er skipla og kjem aldri att, og nokon stor umstøyt i norsk talemål hev det ikkje vore. Når det so korkje er språklege eller ideologiske grunnar til å lesa klassikarane i umstøypt utgåve, er den beste utgåva rett og slett den som ligg tettast upp til forfattaren si tekst.

Ei slik utgåve er i mange tilfelle ikkje lett å finna, etter hundre år med vyrdslaus brigding. Dei fleste av klassikarane er å få i mange utgåvor, utan at det er vanleg at boklagi gjer merksam på kvaslags tekst du fær. I denne artikkelen vil eg taka til døme den fyrste klassikaren i norsk mål, Vinje sine Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Boki er prenta mange gongar, og mange er dei som hev tykt dei var kvalifiserte til å fli på målbruken og tegnsetjingi.

Slik ser den siste vesle bolken ut i fyrsteugåva i 1861:
"Ja dette landet, desse Fjølldalarne," sagde ein Mann til meg, "Ja dette landet! det er eit Land for Englar."
"Ja so," svarade eg, "det maa daa vera for det, at Englirne ikki eta nokot."
Hm! svarade han .. nei me hava vistnok ikke alt det Kornet som Danmark men ....
"Men lagde eg svint til, men, me hava Karlar, som kunna eta Korn."
(s. 255 i faksimileutgåva v/ Reidar Djupedal frå 1973, Noregs Boklag; s. 317 i Samlaget si 1871-utgåve)

Reidar Djupedal stend for det som vel må vera den beste utgåva av Ferdaminni nokonsinne; faksimileutgåva frå 1973. Ho er heilt etter originalen, men hev godt papir og store sidor. Djupedal er òg mannen bak utgåva på Eide forlag frå 1969; ho vart prenta uppatt i 1993, utan at boklaget då tok seg bryet med å taka med at boki ikkje var heilt ny. I fyreordet skriv Djupedal: "Denne utgåva av Ferdaminni [kursiv] er prenta ordrett etter originalutgåva. Dette gjeld òg tegnsetjinga." Det var for godt til å vera sant, og Djupedal skriv då straks etter at han nok hev vølt um på slikt som han meinte var misprentingar, retta bruken av teikn og retta slik at same ordet fær same formi innanfor same avsnitt. (Men han han gjer i det minste greie for desse brigdi i eit register baki boki.) Vinje sin bruk av hermeteikn vert nok for impressionistisk for Djupedal si filologsål, so han skriv:

"Hm!" svarade han... "nei me hava vistnok ikki alt det Kornet som Danmark men..." "Men-" lagde eg svint til, "men, me hava Karlar, som kunna eta Korn." (s. 187, Eide forlag 1969 og 1993.) Men her hev nok Djupedal mistydd teksti, for det er då vel ikkje Vinje sitt forfattar-eg som sit i dikarstova i ettertid og ikkje riktig veit kva han skal segja; det er mannen Vinje tala med som stend upprådd for ord, so prikkane lyt inn i millom hermeteikni, dei. Nei, ikkje berre er det ein uskikk i seg sjølv å brigda på bøkene; stundom vert det no feil óg.

Alt i "Skrifter i utval" på Samlaget frå 1882 vart det retta på teiknsetjingi, men her er det i det minste vorte rett: "Hm!" svarade han, "....nei me hava vistnok ikki alt det Kornet som Danmark, men...." (s. 282)

Gyldendal si utgåve i “Norges nasjonallitteratur” (4. utgåve, 1996) vantar heilt merknadar til teksti, men i 2. utgåve (1968) er det med at boki er prenta etter Skrifter i Samling frå 1942. (Denne utgåva var hjå Cappelen.) Alt i tittelen syner det seg at det ikkje er Vinje me skal få lesa; no heiter boki "Ferdaminne". Gyldendal si tekst er etter den sokalla "læreboknormalen", so det er mange grammatiske former og ordformer som kjem under kniven. Teksti i vårt døme er sovore:

"Ja, dette landet, desse fjelldalane," sa ein mann til meg, "Ja, dette landet! det er eit land for englar."
"Ja so," svara eg, "det må då vera for det at englane ikkje er noko."
"Hm!" svara han... "nei me hev visstnok ikkje alt det kornet som Danmark, men..."
"Men," la eg svint til, "men, me hev karar som kan eta korn."
(1968, 4. utgåve 1993, s. 231)

Mistydingi av den tridje lina er den same som hjå Djupedal, men denne utgåva hev og ein annan feil som er mykje verre: "Er"? Skal Vinje ha vore på reise gjennom det djupt kristne Norig og hevda at det slettes ikkje finst englar? Korleis kann boki verta prenta uppat og uppat gjennom 25 år utan at denne feilen er vorten ansa?

"Folkeutgåva" av Skrifter i Samling frå 1942 hev "ét"; det er i det minste rett ord, men det var no ikkje nett det Vinje skreiv. Denne folkeutggåva er truleg den verste nokon hev stelt til godviljug; her er det mange målbrigde. Desse avbrøyti frå Vinje sin tekst kunne forståast ut ifrå den ideologien som galdt i norsk filologi den gongen, men då riksmålsvedtaket kom i 1981, og det var klart for alle at det nye, samnorske språket aldri kom, skulle alt slikt fuskarverk vore fjerna frå bokhandlarane.

Samlaget hev og prestert skuleutgåvor; desse er, som ein vel kann venta seg, enno mykje verre en "folkeutgåva"; ryk fleirtalsformene av verbi ut der, ryk det meste her. "Hev" og "hava" vert både skrivne um til "har", i-endingane vert a-endingar, og so burtetter. Det kann ikkje bata noko å herma avsnittet slik det ser ut i desse utgåvone; tru meg: det er grøtelege saker. Slik er norsk skulepolitikk; det sit ei nemd og kokar ihop ei skriftnorm, og alle skulebøker skal vera på dette målet, jamvel um ingen likar eller hev bruk for det. Filologane held, utruleg nok, enno fram med å putla med skuleutgåver på statsnorsk; eit ferskt døme er "skoleutgåva" av Bondestudentar, som kom no nyst. Kvifor ikkje "skoleutgaven", når de fyrst er i gong?

Ikkje rart studentane held seg unna norskfaget; dei skal studera norsk bok- og målsoge, men det gamle målet i dei gamle bøkene skal jo korkje prentast eller lesast. Men kva er vitsen med målsoge, når klassikarane berre skal lesast umvølt til kva norsk språkråd måtte tykkja bra norsk mål? Og kven vil vel høyra um målsoga, når målet i gamle dagar var so stygt og fælt at det ikkje kann lesast?

Det heilt utrulege med desse skuleutgåvoneer at jamvel um rettskrivingi er heilt etter Hellevik, so hev Vinje fått halda på ord som dansk-norske forfattarar hev måtte gjeva frå seg- her fær det stå "dreng"; dette ordet som elles er so dansk at det lyt brigdast til "gutt" (som er ei dialektform av "gut").

So langt hev det vore ei trist soge, men den utgåva som du mest truleg finn i bokhandelen, ho held faktisk mål etter dei krav som gjeld no. Skrifter i Samling i Olav Midttun si utgåve på Cappelen frå 1920 er heilt etter originalen, jamvel i bruken av hermeteikn. Det er ei lukka at det var nett denne utgåva som vart faksimileprenta av Samlaget i 1993, so er no ei god tekstutgåve å få. Midttun hev ikkje flidd på sjølve boki; alt han hev sett til, stend i tekstutgreiingane bakerst. Slik skal det sjølvsagt gjerast.


Anders Moe, 20040727

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag