YMIST

Soga er reversibel

Sidemålsmotstandarane segjer at nynorsken hadde ein historisk sjanse til å vinna fram millom folk flest i Noreg. Dette hev ikkje nynorsken greidt, difor er det urimeleg at bokmålselevar skal læra nynorsk. Nynorsken hev havt mykje å segja for norsk kultur, og det er akseptert at ein kor som er skal lesa nynorsk litteratur.

Men kann ein segja at nynorsken hev spela ut rolla si historisk ?

Me meiner nei. Kva tid som helst kann nordmenn velja kva språk dei vil nytta.

Um nordmenn skal nytta nynorsk eller ikkje er upp til kvar einskild. Mange av dei som hev skapa dei største verki på nynorsk hev bokmålsbakgrunn. Ein kann vel segja utan å yverdriva at nynorsken hadde gjenge glipp av viktige litterære perlor,utan at byfolk hadde valt å nytta nynorsk,og ofra seg for å reisa fram nynorsken.

Sidemålsstilen skapar merksemd um nynorsken og gjev mange høve til å læra seg å nytta nynorsk. Utan sidemålsstilen vilde langt færre med bokmålsbakgrunn ha vorte målfolk. Det hadde ført til mindre nynorsk. Når det vert sagt at nynorsken hev spela ei viktig rolla som nasjonal kulturfaktor, kann ein ikkje nekta for at nynorsken framleis er ein nasjonal kulturfaktor. For det vert framleis skapa litteratur på nynorsk. Det er framleis folk som vel nynorsk framfyre bokmål. Det vil segja at soga um nynorsken langt frå er avslutta. Ho hev ikkje ein gong starta, og endringar som vert gjorde framgjenom soga kann gjerast um att. Soga er reversibel.


Lars Bjarne Marøy, 20050727

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag