YMIST

Eit straumvende i Noregssoga

Det er eit årstal som ein fyrr eller seinare lyt koma attende til. Det er 1884. Dette årstalet samlar på underleg vis i seg alle dei motsetnadene som 1800-talssoga er so full av: dei sosiale spaningane, dei politiske spaningane, dei nasjonale spaningane og spaningane millom det tradisjonelle embetsmannsstyret og det moderne folkestyret.

Lat oss taka kvart moment for seg. Dei sosiale spaningane var knytte til at samfundet var bytt i tri stender. Det var embetsmennene, borgarskapen og bøndene. Embetsmennene var dei som hadde kontrollen med samfundsstyringi. Dei politiske spaningane var knytte til at embetsmennene ikkje var so mektuge lenger. Folk frå andre lag av samfundet vilde vera med på å styra samfundet. Embetsmennene studde seg til den svenske kongen når det galdt å forsvara styringsmonopolet sitt. Soleis vart det ein nasjonal strid, der nordmenner stod mot nordmenner, og der embetsmennene studde seg til den svenske kongen som resten av folket var imot.

Motsetnaden millom embetsmennene som hadde styrt folket gjenom fleire hundrad år, og ei framveksande samfundsgruppa av dugande menneske som ikkje kunde identifisera seg med embetsmennene, men derimot med bondestanden, tvinga til slutt embetsmennene anten til å gjera eit statskupp, som kunde ha ført oss inn i ein borgarkrig, eller å godtaka at det var Stortinget som nemnde ut riksstyret. Embetsmennene og den svenske kongen valde til slutt å bøygja av. Det var nok det klokaste. Skiftande riksstyre hev kome og gjenge sidan 1884, men parlamentarismen, den styreskikken at fleirtalet i Stortinget peikar ut riksstyret, stend ved lag.


Lars Bjarne Marøy, 20050726

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag