YMIST

Målsak og kommunikasjon

Målet er er meir enn ein bodskapsformidlar. Målet skal nyttast til meir enn berre kommunikasjon. Dette hev vorte eit dogme i målrørsla. Det kann vera mykje vitugt i ei slik utsegn. Men det er òg grunn til å gå den illgjetne kommunikasjonen nærare etter i saumane.

Kommunikasjon vil vel segja at ein hev kontakt med menneske. Med kontakt vil vel mange meina at ein fær respons på det ein segjer. Den viktigaste eigenskapen ein samtalepartnar kann ha, er ikkje å vera god til å tala for seg, men å vera god til å lyda og å vera god til å koma med dei rette spursmåli. Dei spursmåli som gjev den han talar med høve til og hug til å leggja ut um det som han er forviten etter.

På same måte som det er på det individuelle planet, må det vera når ein skal ordskiftast um målsak eller andre spursmål med folk: ein må vera god til å lyda og vera god til å koma med dei rette spursmåli.

Det er evna til å taka upp dei fundamentale spursmåli og fanga upp sentrale spursmål som set tenkjingi til folk i eit godt søkjeljos som sermerkjer klassikarane i målrørsla. I serleg stor mun gjeld det Ivar Aasen. Han visste å fanga upp dei grunnleggjande spursmåli og han kunde dryfta dei med kløkt. Det er difor so mange vil taka Aasen til inntekt for seg sjølv.

Men det viktigaste Aasen gjev oss som lever i dag, er ikkje tilfang og svar til dei som vil argumentera for målsaki. Han gjev oss i langt sterkare grad dei sentrale spursmåli. På same måte som Gustav Indrebø hev gjort i ein seinare bolk av målsoga.

Dei som vil diponera nye svar med bakgrunn i gamle svar kjem ikkje vidare. Dei som vil stella spursmål um korleis nynorsken stend seg i dag med utgangspunkt i statistikk og kvantitative mælestavar finn ikkje svar som peikar framyver.

Spursmåli må snarare knytast til korleis folk upplever mål og kvifor dei upplever målet slik. Det er dette klassikarane visste og som dei tok utgangspunkt i. Altfor ofte hev me sét at målfolket hev klynga seg til autoritetar som skal gjeva dei dei rette svari. Denne trongen etter å klynga seg etter autoritetar er skyneleg, men ikkje mindre kann han lastast. Er det ikkje rettare å gå til kunnige folk som ikkje hev gjort seg upp nokor avgjord meining og stella dei spursmål som kann gjeva målfolk nye innsyner og ny kveik?

Men skal ein få kunnige folk til å koma med meiningsfulle svar må ein stella gode spursmål. Det heiter seg at ein dåre kann stella spursmål som ikkje ti vise menn kann svara på. I staden for å klynga seg til leidarar og autoritetar i målrørsla, bør målfolk stella glupe spursmål til folk utanfor målrørsla. Målreising og målsak handlar um kommunikasjon med andre enn oss sjølve.

Me må frigjera oss frå det sekteriske og segregerande og opna oss for nye tilskundingar og tildriv. Det er den som veit at han ikkje veit som er den meste kunnige.


Lars Bjarne Marøy, 20050726

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag