YMIST

Konferanse um internasjonale målreisingar

Konferansen “Internasjonale målreisingar” helgi 27.-28. oktober 2001 vart opna av formannen i Ivar Aasen-sambandet, Klaus Johan Myrvoll. Fyrste innleidar var Jan Ivar Bjørnflaten, som er professor i russisk. Han tala um korleis det russiske målet hadde kome upp og korleis det hadde vorte eit standardmål.

Russisk er eit slavisk mål. Slavarane var eit folkeslag som kom inn i soga på 500-talet etter Kristus. Slavarane hadde kontakt med Austromarriket. Slavarane vart upptekne av at dei ikkje skulde verta råka av misjonering frå romarkyrkja, difor vart det tidleg sett i gang umsetjingsarbeid av kristeleg litteratur til slavisk. På 900-talet såg ein upptakten til det som skulde verta det russisk alfabetet. 1056 vart eit merkeår: då låg den fyrste slaviske bibelen fyre. Det voks fram eit mål som vert kalla kyrkjeslavisk.

Når ein kom til 1453 låg det fyre mange tekster på kyrkjeslavisk. Det var lovtekster, diplom, forretningsbrev og krønikebøker og andre verdslege tekster. I 1453 vart Russland ståande att som det einaste landet som var styrt av leidarar som var knytte til den gresk-katolske kyrkja. Russland fekk ei leidarrolla andsynes andre slaviske land.

Etter at tsarætti Romanov kom til makti kom det fart i framvoksteren av kyrkjeslavisk. Vilnius var utgangspunktet for den fyrste kyrkjeslaviske grammatikken, og dei dyrka kyrkjeslavisk i Kiev. Kyrkjeslavisk var likevel ein høgvariant som vart arkaisert, og alt i 1606 kom det ut ein russisk grammatikk. Det var den fyrste framstellingi av russisk grammatikk. I 1708 kom det ei alfabetreform.

På 1700-talet vart Frankrike og Tyskland mynster for språkstyringi i Russland. Ein skulde skriva slik som ein tala. Men i Russland var det ingen skilnad millom lek og lærd når det galdt talemålet og denne lina førde ikkje fram. I 1750 vart den ortofone lina uppgjeven. Fransken vart eit nytt utgangspunkt for russisk. Russisk mål vart mykje prega av umsetjing frå fransk. Den russiske adelen rekna seg for ein del av den europeiske adelen, og dyrka fransk. Det vart gjort freistnader på å slå saman russisk og kyrkjeslavisk og laga eit språk som femnde um båe måli, men desse freistnadene vart uppgjevne i 1755.

Det er sermerkt for russisk at målet er dialektfritt. Russisk hev ikkje dialektdrag i det heile. På 1900-talet vart det skrive mykje prosa på russisk. Det var småe endringar i det russiske målet fram til 1917. Men etter den russiske revolusjonen vart det sett inn ein stor alfabetiseringsprosess. Det kom til mange nye brukarar av det russiske målet. Ålment sett må ein likevel slå fast at det russiske standardspråket vart sterkt konservert under kommunisttidi. Etter 1991 hev folk derimot byrja å skriva meir som dei vil. Nye varietetar veks fram, og det kjem mange nye ord frå engelsk. Ein må slå fast at i uppbyggjingi av det russiske målet var det fransk som var mynsteret. I dag er det engelsk som et seg inn i russisken.

Neste fyredragshaldar var høgskulelektor Tormod Tobiassen som tala um hebraisk mål frå dei eldste tider og frametter. Hebraisk mål er konsonantisk. Ein hev stomnar med tri konsonantar som ein lagar ei rad ord av. Beni Oda er grunnleggjaren av hebraisk mål. Det nye hebraiske målet var i utgangsstødet både puristisk og neologistisk. Det vil segja at målet tok vare på gamle ord og segjemåtar, so framt dei kunde nyttast i eit moderne samfund.

Grunnlaget for hebraisk var ein nordsemittisk kanaaneisisk dialekt (jamfør Jesaja 19,18). Arameisk var ein annan gamal nordvestsemittisk dialekt. Denne dialekten fortrengde hebraisk som talemål under perserane og til dels som skriftmål under hellenismen, frå 200-talet f.kr. (både Talmud, amoreiske midrasjer og geonittisk litteratur i millomalderen kann knytast til arameisk). Bibelhebraisk vart nytta 538 f.Kr. - 70 e.Kr. (seine bibelbøker, qumrantekster, misjna, tosefta, tanaittiske midrasjim).

Det var viktig for jødane at dei skulde kunna bibelen utanboks. I levande bruk kjenner ein uttala av vokalane på hebraisk. Elles vert det uråd å få til uttala.

I 63 f.Kr. vart Jerusalem teken, og i 135 e.Kr. vart jødane utdrivne av byen. Etter dette flutte senteret for jødane til Babylon og Galilea. I millomhebraisk talar ein um den tanaittiske perioden frå 70-200, so lenge nokon talar millomhebraisk. Millomalderlitteraturen finn ein frå 200-500. Her er hebraisk vorte eit blandingsmål. På 600-talet tek arabisk og jiddisj yver.

På 1800-talet var jødeforfylgjingane store i Europa. Det løyste ut ordskifte i dei jødiske kringværi. Grunnleggjaren av det nye hebraiske målet heldt til i Jerusalem. Han levde frå 185?-1922. Jødane som kom til Jerusalem hadde svært ulikt språkleg upphav. Dei tala arabisk, fransk, italiensk og ei rad andre mål. I tidbolken frå 1881-1918 var Israel britisk mandatumråde. Engelsk, arabisk og hebraisk var offisielle språk i landet. Frå 1918 til 1948 gjekk det fyre seg ei rask upplæring i hebraisk. Målet vart sterkt påverka av den store immigrasjonen. Frå grunnleggjingi av den israelske staten i 1948 hev målet brigdt seg meir enn det brigde seg frå for 3000 år sidan og fram til nyskipingi på 1800-talet. I dag er hebraisk det einaste dømet på at eit mål som var totalt utdøydt hev reist seg upp att til vanleg bruksmål og daglegmål.

Fridtjov Sørbø tala um målstriden frå 1950-2001. Sørbø synte til ein artikkel av Halldor O. Opedal som etterviste at Bjørnson laut sanna at han ikkje hadde fenge med seg den kulturutviklingi som hadde gjenge fyre seg på grunnlag av Aasen-målet. Sørbø meinte det var veikt at denne ettervisingi ikkje vert vidareførd i nyare vitskaplege arbeid um Bjørnson og nasjonalisme.

Sørbø synte mange døme på kor hardt målstriden hadde gjenge inn på mange målfolk på 1950-talet. Sørbø vart påansa av mange viktige kulturberarar når han gjekk til felts for i-målet og Aasen-målet. Millom dei han hadde havt samband med var Knut Falkberget. Falkberget hadde lovprisa i-målet i privatbrev til Sørbø. Sørbø hadde òg havt samband med Arnulf Øverland, Ella Anker og mange andre som tykte vel um høgnorsken. Det var uråd å koma til ords i nynorsktidsskriftet Syn og Segn, men i Samtiden var det lettare å få prenta artiklar. Sørbø kunde ettervisa korleis artiklar og kronikkar han skreiv hadde vorte refusert av illviljuge folk.

Vincent Eye Færavaag tala um Søren Kierkegaard og målreising i dag. I dag hev verdi store vanskar med å takla utbreidingi av det amerikanske målet. Kierkegaard er ein mann som hev havt mykje å segja for mangmannen i Danmark, etterviste Færavaag.

Georg von Simson tala um sanskrit. Sanskrit er eit sers vanskelegt mål å læra. Det er berre nokre fåe studentar som orkar å studera det heilt ut. Det er eit mål med sers mykje grammatikk som tek lang tid og hardt arbeid å læra. I den klassiske tidi nytta dei 12 år på å læra sanskrit.

I den indoeuropeiske målætti talar ein um “satem-mål”. Desse måli er indo-iransk (=arisk), baltisk-slavisk, armensk og engelsk. Ein talar òg um “centum-mål”. Det er gresk, italiansk (med latin), keltisk, germansk, tokarisk og hetitisk.

Det let ser gjera å syna ein viss skyldskap millom norsk og sanskrit til dømes i ord som naust, mus, samband, mor, bror og dotter, der sanskrit hev liknande ord for same ovringi. Men avstanden millom norsk og sanskrit kann vera stor òg. Ovringi som det norske ordet hjul dekkjer, kann førast attende til urgermansk, men sanskrit nyttar ordet cakra. Nokre sanskritord er kjende for oss. Det gjeld ord som Buddha, Shiva og yoga m.fl.

Sanskrit var eit elitemål. Målet kann skiftast inn i fleire fasar. Fyrst vedisk som som vart nytta til religiøse tekster og ritualvitskap frå um lag 500 f.Kr. Dinæst kjem episk sanskrit som vart nytta frå um lag 400 f.Kr. Episk sanskrit er knytt til Paninis grammatikk. Klassisk sanskrit fylgjer etter episk sanskrit. Klassisk sanskrit hadde ei rad bruksumkverve, til dømes religion, vitskap, skodespel, poesi og kunstprosa og politisk propaganda.

På den andre sida stend folkemåli og målføri i India. Gamalindisk hev me ikkje skriftlegt grunnlag til å uttala oss um. Millomindisk vert knytt til Buddha og Mahavira og vart nytta kring 500 år f.Kr. I tidi frå 300 f.Kr. hev me dei sokalla Ashoka-innskriftene.

Frå um lag år 1000 talar ein um ny-indoariske mål. Det er mål som kashmiri, panjabi, sindhi, gujarati, marathi, hindi/urdu, nepali, bengali, assameisk, oriya og singhalesisk.

Frå 1300-talet møtte sanskrit mottevlarar. Dei ny-indoariske måli kjem på bana og i Sud-India vert mottevlaren dei dravidiske måli. Frå um lag 1600 kjem målet åt dei muslimske elitane inn og vert ein mottevlar. Og frå 1800-talet engelsk.

På 1800-talet kom det upp ei reformrørsla med utgangspunkt i Bengalen. Ram Mohan Roy, Bankimcandra Chatterjee, Dayananda Sarasvati, Arya Samaj og Vivekananda er namn som er knytte til denne reformrørsla. Vivekanande vilde at alle skulde studera sanskrit, men han meinte at målet laut gjerast lettare. Han vilde at sanskrit skulde gjerast meir folkelegt. Det hev vorte laga ei meir sanskrit-nær utgåva av hindi, men i dag er det hindi som er det einaste aktuelle målet å nytta. Sanskrit hev berre tilsvarande funksjon som vår latin. Alle må kunna hindi for å få arbeid i det statlege tenesteverket i India. Det hev med tidi kome mange persisik-arabiske ord inn i hindi, og det opnar for kontakt. I arabarlandi hev indiske filmar fenge godt ord på seg, millom anna av di dei ikkje tek upp scenor som gjeng på seksualitet og dilikt på ein støytande måte i høve til islam. Det er derimot engelsk som hev status i India i dag, og målet breider seg.

Til slutt på konferansen heldt Tormod Eide fyredrag. Han tala um gresk mål og målsoga. Eide meinte gresk var eit høgaktuelt mål når det gjeld målreising. Klassisk gresk er merkt av verbal stil og folkeleg segjemåte, på same måte som god nynorsk er det.

Hellas var splitta når det galdt målet. Homer nytta ikkje noko serskilt målføre, men skriftmålet hans var ei blanding av fleire målføre. 600-talet fyre Kristus var merkt av mykje litteratur på målføre.

Når gresken spreidde seg seinare, hekk det saman med mange faktorar, millom anna bibelumsetjingar. Gresken vart nytta i fleire land enn berre Hellas. Det bysantinske riket var administrert på gresk, og den ortodokse kyrkja nytta gresken og gav målet status. I nyare tid hev nygresken vunne yver gamalgresken smått um senn, og han vart til slutt einaste offisielle målet i 1974.


Lars Bjarne Marøy, 20050726

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag